06.01.2014 Views

M/S Solstrand Fartøyvern 6 - Hardanger og Voss Museum

M/S Solstrand Fartøyvern 6 - Hardanger og Voss Museum

M/S Solstrand Fartøyvern 6 - Hardanger og Voss Museum

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

M/S SOLSTRAND

frå fiskebåt til museumsfartøy

AV GUNNAR FURRE

Etter eit langt liv som fiskebåt gjennomgår SOLSTRAND no ei etterlengta istandsetjing ved

Hardanger Fartøyvernsenteret. Skøyta er typisk for sin region både når det gjeld byggjemåte og

bruksområde. Ho tilhøyrer Flekkefjord Museum og skal brukast i museet sitt formidlingsarbeid

når ho kjem heim att neste år.

Ei ganske alminneleg

skøyte

Håkon og Leif Midtbø frå Åna-Sira

kjøpte SOLSTRAND som ny etter at

dei som eigentleg hadde tinga

skøyta var gått bort frå handelen.

Åna-Sira høyrde på denne tid til

Hidra kommune og skøyta fekk

registreringsnummeret VA 56 H.

Midtbø-karane flytta etter krigen til

Rekefjord i Sokndal og skøyta fekk

då nytt nummer: R 22 SK.

SOLSTRAND hadde same eigarane så

lenge ho var brukt i fiske. Då

kondemnering kom på tale blei

skøyta kjøpt av Flekkefjord

Museum som eig henne no.

Framover på 1940 og 1950-talet

var sildefisket eit eventyr med

aukande fangstar frå år til år. I

sesongen var så godt som heile den

sørnorske fiskeflåten å finna på

felta langs vestlandskysten, medan

dei resten av året spedde på med

mindre lukrative fiskeri i heimlege

På veg til feltet – med masta nede (Foto utlånt av Olav Midtbø)

farvatn. SOLSTRAND tok del i sildeeventyret

så lenge dette varte, sidan

blei det omstilling og fiske etter

andre arter. Langt på veg kan

SOLSTRAND representera historia til

ein heil generasjon fartøy som i dag

er meir eller mindre borte frå fiskeflåten.

Det som gjer SOLSTRAND

særleg verneverdig er at skøyta ikkje

har vore gjennom større endringar i

løpet av sine 65 år. Eigarane har

sjølvsagt følgt tidas krav med omsyn

til reiskap og tekniske hjelpemiddel,

men noko gjennomgåande

modernisering har det ikkje vore

tale om.

Sild, reker og makrell

I sildeåra reiste SOLSTRAND like etter

jul nordover til felta mellom

Ålesund og Florø for å driva

garnfisket etter storsilda som kom

inn til kysten for å gyta. På dette

fisket var dei 6 mann om bord. Når

storsildfisket var slutt gjekk dei

heim, men var berre innom og

skifta reiskap før dei for ut att,

denne gangen på vårsildfisket.

Dette føregjekk lengre sør, mellom

Bergen og Lista, særleg på utsida av

Karmøy, og varte til rundt påske.

Heimkomne tråla dei reker ein

månads tid før dei gjekk austover så

langt som til Fredrikstad for å driva

etter makrell. Utover våren og

sommaren følgde dei makrellen

vestover og fiska med drivgarn

fram til St. Hans. Resten av

sommaren dorga og harpa dei etter

makrell lokalt; gjerne heilt til slutten

av oktober. Ein periode på 50-60-

talet dreiv dei seinhaustes linefiske

etter håbrann. Dette fisket føregjekk

10-12 mil utafor Lista i djupaste

norskerenna og var ikkje så vêravhengig

som reketrålinga. Etter at

håbrannfisket var slutt, tråla dei

gjerne etter reker ein månads tid før

det igjen var tid å reisa på sildefisket.

Dette årsmønsteret blei det slutt

på då sildestamma braut saman

tidleg på 1960-talet. No måtte dei

først og fremst setja si lit til reketrålinga,

og båten blei også tilpassa

dette fisket m.a. blei det støypt i

rommet ettersom ein ikkje lenger

hadde bruk for same lastekapasiteten.

I tillegg til trålinga fiska dei

framleis makrell med skøyta, for det

meste dorging lokalt. Reketrålinga

føregjekk på revet mellom Egersund

og Lista. Dei var vanlegvis ute

FARTØYVERN NR 6

to mann, to døger i slengen. Fangsten

låg gjerne på 500 til 1000 kg på

turen. Ein av turane er dokumentert

i form av ein videofilm.

Utrusting og istandsetjing

Frå starten av var SOLSTRAND

utrusta med kompass, utover dette

var det lite tekniske hjelpemiddel

om bord. Ekkolodd og radio fekk

dei installert i 1954. Før denne tid

lodda dei etter silda ved hjelp av eit

handlodd som hang på ei trinse

festa på rekka. SOLSTRAND har i

heile si tid vore utstyrt med 40

hestar Wichmann, men det er ikkje

same maskina som har stått i heile

vegen. Den første maskina blei i

1971 skifta ut med ein lite brukt 59-

modell. Spela om bord i SOLSTRAND

er truleg like gamle som fartøyet og

av typen ”Tenfjord innhalingsspill

for motordrift” ein spesialitet frå

Flekkefjord Slipp og Maskinverksted.

På sildefisket hadde dei to

spel på dekket og dessutan ei

siderulle på styrbord side som også

blei driven av maskina. Trålspelet

kom om bord då dei satsa på rekefisket

frå byrjinga av 1960-talet.

Alle spela blei drivne av svinghjulet

på maskina. Kraftoverføringa føregjekk

ved hjelp av ei reim til ein

mellomaksling. Frå denne var det så

tannhjulsoverføringa til spela. Dette

opplegget står framleis om bord,

men ber preg av å ikkje ha vore i

bruk på nokre år. SOLSTRAND var frå

starten av utrusta med ein enkel

rigg; fokk, trehuk og mesan. Fokk

og mesan har heile tida vore i bruk

under gunstige forhold, med segla

oppe auka ikkje berre farten,

gangen i sjøen blei også stødigare.

Den einaste form for ombygging

skøyta har gjennomgått, fann stad i

1971 –1972. Huset blei då forlenga

akterover ein 40-50 cm slik at det

blei plass til ei lita bysse/bestikk.

Spor om bord kan tyda på at

fronten på huset tidlegare stod

lengre bak, lukeutforminga kan

også ha blitt endra i denne

omgangen. Samstundes blei den

opphavlege skyveluka på fordekket

erstatta med ei kappe med dør.

Etter at museet overtok er det gjort

ein del utbetringar, særleg på rekke

og overbygning. Akterveggen i

huset er skifta, likeeins skansekledinga,

mykje av rekka på

styrbord side og roret.

Flekkefjordskøyta SOLSTRAND

gjennomgår no ei omfattande

istandsetjing ved HFS. All hud over

Svege båtbyggeri på midten av 1930-talet (Foto utlånt av Odd Jensen)

Levering av makrellfangst i Rekefjord (Foto utlånt av Olav Midtbø)

vannlinja, forutan dei fleste spanta

blir skifta ut. Likeeins vil det etter

kvart bli lagt nye bjelkar og nytt

dekk. Styrehus, maskin, master og

vinsjar som no er demontert vil bli

sett i stand og tilbake på plassen sin

når skroget er ferdig. Arbeidet skal

vera ferdig til sommaren 2003, og

då skal skøyta tilbake til Flekkefjord

museum.

Kjeldepersonar

Olav Midtbø, Rekefjord

Ole Johan Sørvig, Flekkfjord

Arild Johannesen, Flekkefjord

Museum

Fakta om SOLSTRAND

Lengd: 49’

Breidd: 17,2’

Djup i rommet: 6,4’

Tonnasje: 24,77

Kjenningssignal: LDFE

Byggjeår: 1936

Byggjestad: Svege Båtbyggeri,

Flekkefjord

Maskin: Wichmann 40 hk, 1959

mod.

Fiskerinummer:

VA 56 H (Hidra, Vest-Agder)

R 22 SK (Sokndal, Rogaland)

Bruk:

1936-1961: Sildefiske, makrellfiske,

reketråling

1961-1988: Reketråling,

makrellfiske

1988-: Museumsfartøy, Flekkefjord

Museum

FARTØYVERN NR 6

Flekkefjordskøyta

AV GUNNAR FURRE

Som andre flekkefjordskøyter har SOLSTRAND bratt stamn, godt utlagd akterskip og

utapåliggjande ror. Slektskapen med listerskøyta er tydeleg, men typen har også sine særtrekk

når det gjeld fasong og byggjemåte. Trass i dette har desse skøytene ein anonym plass, i alle fall i

faglitteraturen. Heller ikkje lokalt var det vanleg å snakka om flekkefjordskøyta som ein eigen

type. Det er vel helst et namn som utenbys folk har satt på de, seier Per Svege som sjølv stod for

ein del av desse skøytene (Svege 1981:9).

SOLSTRAND blei bygt i 1936 ved

Svege Båtbyggeri i dåverande Nes

herred, no Flekkefjord kommune.

Denne verksemda vart etablert i

1906 og var i drift til midt på 1980-

talet. Saman med Flekkefjord

Båtbyggeri, som låg inne i byen,

stod dei for mesteparten av

fartøybygginga i dette området. Per

Svege fortel at dei første fartøya var

på rundt 30-fot, og ikkje ulike

listerskøytene. Frå 20-talet og fram

til midten av 30-talet auka lengda til

nærare 50-fot. Det var i denne

perioden at skøytene fekk den

runde fasongen sin, og forklaringa

var grei:

Ja, motorene ble jo større og større, og til

utforminga av skøyta måtte vi ta hensyn

til motoren. Du skulle jo ha plass til den.

De ble noe fyldigere bak, enn de første

skøytene som var mer skarpe i

endene…Vi måtte legge på litt foran og,

for at det ikkje skulle være for stor

forskjell for og akter (Svege 1981:1)

Dei heldt fast på den same

skrogfasongen, men la på lengda i

tråd med fiskarane sin ønskje om

større farkostar. Hver periode hadde sin

standardstørrelse. En periode hadde 40

fot så ble det 42, 45, 47, og så gikk det

opp til 50 hvor det holdt seg noen år

(Svege 1981:6). Når fiskarane vegra

seg mot å bryta 50 fots grensa var

dette ut frå at dei då også ville

koma over 25 tonn i bruttotonnasje,

med dei auka krava frå styresmaktene

som dette innebar. Skøyta

måtte då m.a. vera fullgarnert, ha

høgare lukekarmar og sertifisert

maskin. Frå slutten av 1930-talet

blei skøytene leverte med kryssarhekk,

eller panserhekk som den

gjerne blei kalla. Dette var etter

ønskje frå fiskarane, dei hadde

erfart at det var betre å dra reketrål

og andre reiskap inn over hekken

når roret låg meir skjerma.

Flekkefjordskøyte på slipp ved A/S De forenede motorfabrikker i Skotteviken (Foto frå

1914, ukjent fotograf)

Når det gjeld innreiing og

utrustning så skil flekkefjordskøytene

seg kanskje ikkje så mykje

frå tilsvarande fartøy frå andre

distrikt. Heilt forut ligg den obligatoriske

folkelugaren som var einaste

mannskapsrommet i dei små og

middels store skøytene. Flekkefjordskøytene

er ikkje særleg djupe i

akterskipet, så skulle det bli høgd

nok til ein akterlugar måtte ein opp

i fartøy på rundt 55 fot (Svege

1981:3). Den innreiinga som ein

finn i lugaren til SOLSTRAND ser ut

til å ha vore standard: tre køyer på

styrbord side, to på babord og eit

bord på skottet mot rommet. Byssa

er plassert på babord side under

leideren. Nedgangen til lugaren er

via ei kappe plassert heilt framme

på babord side. SOLSTRAND hadde

opphavleg ei skyveluke, gamle bilete

kan tyda på at denne har stått lenger

akterut og nærare senterlinja enn

kva kappa gjer. Skylightet har nok

stått på same plassen heile tida,

midtskips midt mellom mastefoten

og akterkant av kappa.

I lasterommet kan det sjå ut som

om luka på SOLSTRAND er flytta

framover i samband med at huset

vart utvida. Vi veit førebels ikkje

korleis luka var arrangert då båten

var ny, men ser ikkje bort frå at det

kan ha vore tale om ein todelt

variant, anten med ein bjelke eller

eit dekksfelt mellom. På skøytene

under 50 fot var det ikkje garnering

i rommet. Under den låge dørken

låg det steinballast, sidan blei det

som på SOLSTRAND gjerne støypt eit

FARTØYVERN NR 6

Ikkje ein gong ei flekkefjordskøyte varer evig. Frå arbeidet med istandsetjinga av Solstrand (Foto:HFS)

betongdekke oppå dørken.

På SOLSTRAND er huset forlenga

med 40-50 cm, elles er fasongen

ikkje endra større. Den bua, kvitmalte

fronten ser ut til å gå att på

mange av skøytene som blei bygde i

dette området.

Riggen på desse skøytene er

kanskje framand for mange.

Stormasta kan leggjast ned slik at

ho kviler på styrehuset. Skøytene

blei leverte med denne patenten til

langt ut på 50-talet. Poenget var at

båten slingra mindre med masta

nede, noko dei som stod og drog

reiskap ute på feltet visste å setja

pris på. Per Svege påpeikar var dette

noko som hang igjen frå dei gamle

listerskøytene si tid (Svege 1981:2)

Skøytene blei i all hovudsak

leverte til fiskarar på strekninga

Lista – Karmøy. Dei aller fleste

baserte seg på sildefiske i kombinasjon

med ulike andre sesongfiskeri.

Då sildestamma braut saman enda

mange av dei mindre fartøya som

reketrålarar, noko som også blei

Solstrand sin lagnad. Ved Svege

båtbyggeri bygde dei si siste skøyte i

byrjinga av 60-åra. På dette tidspunktet

var dei vanlege fiskefartøya

komne opp i ei lengd på over 70

fot. Når dei i tillegg skulle byggjast

i eik blei arbeidet vel slitsamt med

det utstyr og anlegg dei hadde til

rådvelde. Dette var hovudgrunnen

til at dei satsa på lystbåtar, som det

no var aukande etterspurnad etter.

Gjennom to tiår leverte dei snekker

og cabincruisarar tilpassa kjøparen

sine ynskje. Byggjeteknikken var

tradisjonell med skrog i furu og hus

og dekk i mahogny (Svege, 1981:5).

Sidan blei det mest reperasjonar dei

siste åra verksemda var i drift.

Båtbyggeriet står der den dag i dag

med kontor, byggehall og full

maskinpark, mest som om

arbeidsstokken berre er ute på ein

velfortent ferie.

Flekkefjord Båtbyggeri, som så

langt hadde drive i om lag same

skala som Svege Båtbyggeri, fekk

eit kraftig oppsving i perioden

1965-73. På denne tida kunne det

vera opp til 40 mann i arbeid med

bygging av fiskefartøy, dei største

over 70 fot. Dei fleste gjekk til

eksport, mange til Sverige, men

også til Irland og jamvel til Afrika

(Olsen 1981:1-3). På innanlandsmarknaden

blei det satsa på ein

kryssartype med breitt skrog,

utfallande baug og fyldig hekk.

Sidan blei det slutt på fartøybygginga

og på byrjinga av 80-talet

var verksemda meir eller mindre

avvikla, i dag er det ingen spor att

etter dette anlegget.

Kjelder

Intervju med Per Svege f. 29.12.18,

gjeld Svege Båtbyggeri.

Intervju med Olav B. Olsen f.

01.02.17, gjeld Flekkefjord

Båtbyggeri.

Intervjua blei gjort i april 1981 av

Egil Harald Grude og nedskrivne

av Bjørn Arild Hansen Ersland den

17.02.00

FARTØYVERN NR 6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!