06.01.2014 Views

M/F ”Folgefonn” - Hardanger og Voss Museum

M/F ”Folgefonn” - Hardanger og Voss Museum

M/F ”Folgefonn” - Hardanger og Voss Museum

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

M/F ”Folgefonn”

- flytande kulturminne i London

Kinsarvik var eit trafikk-knutepunkt

i ferjene si stordomstid på

Hardangerfjorden. Dette biletet er

truleg frå 1948. (Foto Normann,

Viggo Nonås si samling)

42

Sidan 1979 har den segnomsuste bilferja ”Folgefonn” lege

i Themsen i London. No er det på tide å hente ho heim att

til Hardanger, der ho starta med føring av bilar alt i 1938.

Viggo Nonås

Eg vil byrje med ein visjon, ja nærast ein draum for M/F

”Folgefonn”: ”M/F ”Folgefonn” vert overtatt av Hardanger

Museum ved Hardanger Fartøyvernsenter og plassert i Norheimsund

som eit flytande samferdslemuseum på Hardanger

Fartøyvernsenter.

I denne artikkelen vil eg prøve å vise kvifor ”Folgefonn” er

eit viktig kulturminne for Hardanger, og korleis eg meiner

skipet bør plasserast og kva ho bør nyttast til.

Bilar over Hardangerfjorden

I 1929 starta det opp ferjetrafikk mellom Ringøy og Eidfjord

med innleigde motorbåtar. I 1930 fekk Hardanger

Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) levert ”Kinsarvik”

som var ein kombinert fraktebåt og bilferje. Det

var plass til nokre bilar på tvers av lastelukene.

I 1932 vart ruta endra til Norheimsund-Ringøy-Eidfjord

i samband med at det vart vegsamband mellom Bergen og

Kvam, og lastebåten ”Tyssedal” vart sett inn i ruta.

Grunna stor trafikkauke vart det etterkvart behov for

ei spesialbygd bilferje. I 1936 reiste Hordaland Vegkontor

saman med HSD sin ingeniør Daae til Danmark på

studietur for å sjå på bilferjer. Danskane var komne noko

lengre i utviklinga av bilferjer enn nordmennene. Straks

etter turen starta Daae arbeidet med å prosjektere ei bilferje

kalkulert til 0,3 millionar kroner. Staten ved Vegvesenet

gav lovnad om kr. 30.000,- i stønad årleg i fem år,

mot å kunne overta båten til nedskriven verdi dersom dei

ynskte det.

Konkurranse i ferjefrakt

HSD hadde i fleire år leigd inn kuttaren ”Jondal” til

forskjellige ferjeruter. Det tok slutt i 1936, og då sette

eigaren av ”Jondal” båten inn i konkurransefart mellom

Norheimsund og Kinsarvik. Det var ikkje noko konsesjonskrav

for å drive passasjer- og biltransport på sjøen.

HSD fekk problem, for det var ikkje økonomi i ruta så

lenge det pågjekk konkurransefart.

Konkurransen løyste seg i august 1937 då Stortinget

endra motorvognlova slik at det kom krav om konsesjon

for føring av bilar på sjøen. 2. september same år vart det

utlyst anbod på bygginga av ferja som Daae hadde prosjektert.

Det kom inn tilbod frå fem 5 verft, mellom anna frå

Bergens Mekaniske Verksteder (BMV), som ikkje hadde

det lågaste anbodet. På grunn av låg sysselsetjing i verfts-

Fa rt ø y v e r n n r 11

industrien i Bergen, betalte Bergen kommune mellomlegget

mellom lågaste tilbod og BMV sitt tilbod. Ferja skulle

koste 350.000 kroner og leverast allereie 1. juni 1938.

Milepåle i norsk samferdsle

Leveringa av ”Folgefonn” var ein milepåle for Vestlandet

og norsk samferdsle, skriv Bård Kolltveit. Det har han

heilt rett i. Frå før var det nokre små bilferjer med styrehuset

på sida.

I 1934 fekk A/S Alpha (Bastøfergen) levert M/F ”Bastø”

med plass for 18 bilar, men denne hadde innkøyring

frå sidene på framdekket. I 1937 fekk Møre Fylkes Ruteselskap

(MFR) levert turistferja ”Geiranger”, også den

vart finansiert i samarbeid med vegstyresmaktene. ”Geiranger”

hadde langskips gjennomkøyring forut og akter. I

1938 var det altså klart for ”Folgefonn”, ferja som revolusjonerte

samferdsla i Hardanger. Ferja var ein svært viktig

del av samferdsla aust-vest langs landevegen.

M/F ”Folgefonn” vart levert til HSD som planlagt 1.

juni 1938. Dagen etter gjekk ferja jomfrutur med 117 innbedne

gjester frå Ålvik til Kinsarvik. Ferjekaien i Kinsarvik

var i siste liten klar til bruk. Gjestane køyrde i land i

Kinsarvik og fortsette til ein festmiddag på Fossli Hotell i

Eidfjord. Under middagen gjekk det ras over vegen i Måbødalen,

og gjestene vart noko seinka attende i Bergen.

Det var tre vegingeniørar blant gjestene, så planlegging

og utføring av ryddinga gjekk raskt, skriv Bård Kolltveit

i ein artikkel i HSD-Posten.

Tekniske data

”Folgefonn” var på 197 BRT, og hadde ei lengde på 119,7

fot, og ei breidd på 26,6 fot. Fri gjennomkøyringshøgd

var 2,95 meter. Fartøyet var klinkbygd med bildekk og

promenadedekk i tre. Maskina var ein Wichmann 4 syl

enkeltvirkande semidiesel på 300 BHK med omkast. Kapasiteten

var 20 bilar og 300 passasjerar.

Ferja hadde salong med kiosk forut nede, maskinrommet

midtskips, og lugarar akterut. På bildekket var casinga

midtskips i staden for på eine sida som seinare vart

vanleg. Der var også toalett, billettkontor og bysse plassert,

samt opp- og nedgangar. Oppe på promenadedekket

var det ein open salong, og toaletthus med meir. Det var

og eit lite styrehus heilt akter på promenadedekket.

”Folgefonn” var det siste skipet ingeniør Johan Daae

prosjekterte for HSD, og var eit riktig stasfartøy, det vart

sagt at dette var hans meisterstykke. Daae gjekk av med

pensjon i 1939.

43

”Folgefonn” i Erith ved Themsen.

Ferja er tilpassa bruk som klubbhus,

med heller enkle påbygg som let seg

fjerna. (Foto: HFS)

Mannsterk norsk

delegasjon var og såg på

M/F ”Folgefonn” i London

i juni 2007. Framme

frå venstre: Alexander

Ytteborg, Riksantikvaren,

Viggo Nonås, Ferjelaget

Skånevik, Åsmund

Kristiansen, Hardanger

Fartøyvernsenter.

Bak frå venstre: Lars R.

Djupevåg, Hardanger

Museum, Stein Ottosen,

Hordaland Fylkeskommune,

Magnus Mjør, Hardanger

Museum, Lars Erik Klafstad,

Kvam herad, Fredrik

Denneche, Riksantikvaren.

(Foto: HFS)

Fa rt ø y v e r n n r 11

44

I rute

Etter at Fyksesund bru vart opna i 1937 og vegen vidare

til Ålvik var klar, vart ferjekaien flytta til Ålvik og ruta frå

Ålvik til Kinsarvik tok til 2. juni 1938. Det var sterke krav

frå Folgefonnhalvøya om ferjestogg på Utne, men dette

let seg ikkje gjera grunna kaitilhøva. I førkrigsåra var det

berre sommardrift for ”Folgefonn” i rutene på fjorden.

Ved krigsutbrotet i april 1940 vart ”Folgefonn” rekvirert

av norske myndigheiter, og nytta til transportføremål i

Hardanger. Då kampane var slutt i byrjinga av mai, vart

ho etterlaten i Eidfjord.

Tyskarane syntes det var viktig med ferjeruta Ålvik-

Kinsarvik, og ho kom snart i trafikk att. Hausten 1940

var vegen ferdig vidare innover til Kvanndal, og ruta vart

endra til Kvanndal -Kinsarvik. På same tida vart det ferjerute

heile året. I 1941 fekk Utne rutebåtstopp, og får

1945 var ein provisorisk ferjelem klar til bruk. For å ta

bilane om bord på Utne fekk då ”Folgefonn” sideportar

slik at bilane køyrde ombord på sida.

”Folgefonn” gjekk i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik

fram til juni 1953. Då vart ho avløyst av M/F ”Hardangerfjord”,

også levert frå BMV. Dette skipet var i hovudsak

basert på erfaringane med ”Folgefonn”, men hadde

sjølvsagt ein god del forbetringar, blant anna større dekkshøgde,

casinga var flytta ut i sida osb.

Framover vart ”Folgefonn” nytta som suppleringsferje i

Kinsarvik-ruta, samt i sambandet Ulvik-Brimnes. Frå 1957

tok ”Folgefonn” over ruta Leirvik-Valevåg-Mosterhamn-

Halsnøy-Sunde, og gjekk der i fleire år. Seinare gjekk ferja

ei rekkje stadar, for det meste i Sunnhordland. Heilt fram

til 1979 var ho å sjå rundt om når det trongs ei hjelpande

hand. Trafikken eksploderte desse åra, og HSD måtte ha

”Folgefonn” sjølv om ho var lita og låg gjennomkøyringshøgd.

Men i april 1979 var det slutt, ho vart seld til Dixon

World Wide Travel, Merseyside, England. Ho vart då omtala

i Bergenspressa som landets eldste bilferje.

Endringar i HSD-tida

Det skjer sjølvsagt mykje med eit skip når ho tener eit

selskap i 41 år. Nokre endringar veit me om, og kan tidfeste,

andre ting får me aldri greie på. I 1965 fekk ho

ny maskin. Omkastmaskina var umoderne, upraktisk og

gjorde båten tung å manøvrere. Ei ny Wichmann 2T 4 syl

dieselmaskin på 400BHK fekk plass i maskinrommet.

Etter denne ombygginga gjekk ”Folgefonn” så bra at

ho fekk klengenamnet ”ubåten”, vatnet fossa kring baugen

på henne. Det vart også gjort malingsarbeid som

skulle gjere henne meir moderne i utsjånaden. Styrehuset

og overbygget vart måla kvitt, seinare vart også styrehuset

akter og rekkene måla kvite. Salongen oppe vart i seinare

tid lukka igjen, slik at det vart noko varmare i salongen.

Også nokre endringar i salongen nede vart gjort.

Fyrste bergingsforsøk

Bård Kolltveit skal ha æra for å ha gjort fyrste forsøk på

å berge Folgefonn frå sal og ombygging. I sin serie om

HSD-båtane i HSD sitt magasin HSD-Posten, skreiv han

i 1979 ein artikkel om Folgefonn, før ho vart seld. Han

skriv her:

”Som ei av dei første store turistferjene i landet er ”Folgefonn”

i dag eit stykke levande historie – i den aller beste tyding av

ordet. Ho er eit viktig kapittel i norsk samferdselssoge, og det

burde gje både kommunikasjons- og kulturhistorikarar litt å

tenkja på, når ho no truleg går pensjonsalderen i møte.”

Kor omfattande dette bergingsforsøket var, veit eg ikkje.

Men det lukkast i alle fall ikkje, skriv Kolltveit i jubileumsboka

til HSD frå 1980.

I England

Dixon World Wide Travel tok ferja til London. Opphavleg

var planen å byggje henne om til turistfart i Egeerhavet

med kapasitet for 50 passasjerar, men dette vart

truleg raskt oppgitt. Vidare var planen å nytte henne til

nattklubb i Themsen, men dette vart heller ikkje noko av.

Erith Yacht Club (EYC) kjøpte så ”Folgefonn”. Erith er

ein ”småby i storbyen”, og ligg like sør for Charlton ved

Themsen. Dei nyttar ”Folgefonn” til klubbhus. På norsk

vil ein nok kalle dette ei båtforeining. Dei har dei nytta

ferja som klubbhus sidan dei kjøpte henne. På grunn av

stor forskjell på flo og fjøre, ligg ferja ganske så tørt to

gongar i døgnet.

Endringer i London-tida

Det har skjedd ein del endringar om bord mens ho har

lege i Erith. I hovudsak har fylgjande tiltak vorte gjort

om bord:

- Bildekket er lukka igjen i begge endar med enkle grep

- Kapteinslugaren i nedre salong er ombygd til pub

- Byssa er tømt og nytta til lager

- Styrehuset, tre skott i øvre salong, er fjerna

- Laga port i sida som fungerar som inngang frå land

- Hovudmaskina er tatt ut.

- På grunn av råte er promenadedekket av tre

erstatta med treplater.

Det rører seg i Norge

No er tida komen for at klubben planlegg å byggje seg eit

permanent klubbhus på land, og EYC ynskjer at Folgefonn

skal komme heim til Norge. Dei er fullstendig klar

over skipets fortid, og skjønar at ferja har ein stor verdi

som kulturminne. Difor har dei prøvd å forandre minst

mogeleg om bord i dei seinare år.

I 2005 var underteikna over for å sjå på ”Folgefonn”.

Eg vart forundra og glad over kor lite som var endra frå

tida i Norge. Eg la spesielt merke til klubbens iver etter

å ikkje endre noko om bord, dei veit at dette vil få konsekvensar

for dei som ynskjer å ta vare på henne i Norge.

Skilt som var mala direkte på skott har vorte mala rundt

i staden for over. ”100 passasjerar” lyser mot deg når du

går ned i salongen.

Ferjelaget ”Skånevik” vart etablert i 2005, og kjøpte

inn ferja ”Skånevik”. Ferjelaget bestemte seg for å undersøkje

tilstanden på fartøyet meir for å verifisere om fartøyet

let seg hente heim att.

Dette førte til at eg drog over til England igjen på

vegne av Ferjelaget for å sjå på fartøyet saman med ein

representant frå Riksantikvaren, som var på konferanse

i London. Med på synfaringa var og ein representant

frå Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter og ein frå

Hardanger Fartøyvernsenter.

Fa rt ø y v e r n n r 11

Svært mykje autentisk

I juni 2007 vart det ny tur til Erith. Med på denne turen

var det representantar frå Riksantikvaren, Hordaland

Fylkeskommune, Kvam herad, Hardanger Museum og

Hardanger Fartøyvernsenter, samt underteikna som

guide. Føremålet var å sjå på båten, samt å få avklara om

dette kunne vera noko for museet og fartøyvernsenteret.

”Folgefonn” er prega av mange år i opplag og bruk som

klubbhus. Rust er det mykje av, men på ein båt frå 1938

er det ikkje anna å vente. Det er også spor av ein del

vasslekkasjar på dei ulike dekka. Nokre er tetta, andre er

under arbeid. EYC gjer så godt dei kan.

Det er svært mykje som må gjerast med ”Folgefonn”,

og det er ikkje eit dugnadsprosjekt. Her må profesjonelle

inn om skipet skal bergast.

Men skipet er svært autentisk, lite er endra og skipet er

ikkje nemneverdig ombygd. Dette gjer at det ikkje er eit

større tilbakeføringsarbeid, men eit restaureringsprosjekt.

Å få ”Folgefonn” siglande att, ser eg på som lite realistisk,

men som flytande museum vil ho kunne fungere svært

godt dersom ho får seg ei hovudvøle.

”Folgefonn” i eit verneperspektiv

Kvifor me skal ta vare på ”Folgefonn” er eit svært relevant

spørsmål. Fartøyet har etter mi meining ein stor verdi

grunna autensitet, fartøystype og ikkje minst symbolverdi

for samferdsla i Hardanger og på Vestlandet.

Fartøyet er kort oppsummert:

- Svært autentisk skip

- Lite ombygd

- Sjeldan type med midtcasing

- Klinkbygd bilferje i stål

Dei viktigaste symbolverdiane er:

- Ei av dei fyrste skikkelege bilferjene i landet

- Milepåle i samferdsla aust-vest og ein del av

forhistoria til Hardangerbrua

- Revolusjonerte samferdsla i Hardanger.

- Svært lang fartstid som bilferje, heile 41 år

- I 2008 er det 70 år sidan ho vart levert frå BMV.

- Eit av dei eldste skipa som eksisterar frå BMV

som er nokolunde originalt.

- Svært gamalt skip. Men på grunn av at ho var i trafikk

heilt fram til 1979, kjenner svært mange til ferja.

- Ferja har kultstatus blant båtinteresserte

Til Hardanger som samferdslemuseum

Min konklusjon er at ”Folgefonn” bør førast heim att og

setjast i stand slik at ho kan liggja som flytande museum.

Det er liten tvil om at ferja høyrer heime i Hardanger.

Det var der ho endra samferdsla og har namnet sitt frå.

”Folgefonn” er som nemnd ikkje eit prosjekt som kan

gjerast på dugnad. Store delar av fartøyet må på sikt demonterast,

vølast og kontrollerast. Det er då viktig at fartøyet

får eit solid eigarskap rundt seg, og eg ser einaste

løysinga at Hardanger Museum ved Hardanger Fartøyvernsenter

tek på seg denne rolla.

I dag har me ikkje noko samferdslemuseum i Norge.

Ein kan lukka ferja i båe endar med glasveggar, og ha utstillingar

og liknande på bildekket. Salongane kan nyttast

til kafe, lugarane kan vera overnattingsplassar for besøkjande

på senteret. Kvar er meir naturleg å ha eit slikt museum

enn nettopp om bord på ei bilferje? Det er plass til

veteranbussar om bord, det er plass til motorar og utstillingsplansjar.

Berre fantasien set grenser.

45

Å koma inn i salongen forut i ferja ”Folgefonn”, er ei reise attende til bilferjene sin barndom. (Foto: HFS)

Fa rt ø y v e r n n r 11

46

Arbeidet framover

Eg meiner at det viktigaste er å no få verifisert om ”Folgefonn”

er i ein slik tilstand at ho kan førast heim. Dersom

ho er det, bør fartøyet takast over Nordsjøen så fort råd

er, og få gjort naudsynt stålarbeid slik at ho kan haldast

flytande i påvente av ei storvøla av skrog.

Eg ser det som lite realistisk at ”Folgefonn” skal ut å

segle på fjorden igjen. Men framleis er det mogeleg å få

tak i ei maskin av same typen som ho hadde frå 1965.

Ei slik må skaffast, og setjast på plass att i alle fall for

syns skuld. ”Folgefonn” bør restaurerast med tanke på at

ho skal liggje i ro. Men eit restaureringarbeid skal ta omsyn

til at ho skal kunne sertifiserast att. Alle løysingar må

gjerast med tanke på at ein ikkje utelukkar sertifisering.

Om å våga

I slike artiklar som dette skal ein ofte væra jordnær, og

helst skrive utan synlege kjensler og berre gje nøkterne

faktaopplysningar, og for all del unngå utropsteikn. For

meg er ikkje dette lett, og eg må innrømme at iveren dreg

meg rundt på tastaturet, så eg tillet meg å gje eit lite spark

til slutt.

Det finst sikkert tusen gode grunnar til å ikkje hente

”Folgefonn” heim att. Det gjeld forresten for alle fartøyvernprosjekt.

Få av dei er lønsame i eit økonomisk perspektiv.

”Folgefonn” handlar om å våge, vera visjonær og ha

tru på at dette er viktig. ”Folgefonn” er kanskje det fartøyet

som framleis flyt og har sterkast band til historia i

Hardanger. Dei andre bleiknar i skuggen av ”Folgefonn”,

ferjetempelet framfor nokon!

Kjelder:

Torstein Arisholm og Bård Kolltveit; ”85 år med norske bilferjer”

Bård Kolltveit: ”I rute” (HSD 125 år 2005)

Bård Kolltveit: ”Over fjord og fjell” (HSD 100 år 1980)

Bård Kolltveit: M/F ”Folgefonn” – Artikkel i HSD-posten 1979.

Brynjar Stautland (red): ”8mm frå Bømlo” (DVD)

Jon Winge: ”Norske skip”, 2006.

Hagbart Lundes klipparkiv

Eigen samling

Den historiske delen er stort sett basert på Bård Kolltveit sin artikkel i

HSD-Posten.

Takk til Bård Kolltveit for god hjelp.

M/F ”Folgefonn” på veg ut frå

Kinsarvik like etter 2. verdskrigen.

Postkortet er stempla i 1948.

(Foto: Normann,

Viggo Nonås si samling)

fakta

M/F ”Folgefonn”

M/F ”Folgefonn” var bygt ved Bergens Mekaniske

Verksteder i 1938 og levert til Hardanger Sunnhordlandske

Dampskipsselskap (HSD) 1. juni

same år. Ho var då den tredje spesialiserte bilferja

i landet og den fyrste hos HSD.

Ferja var på 197 Bruttoregistertonn, 119,7 fot

lang, 26,6 fot brei og ei gjennomkøyringshøgde på

2,95 meter. Det var plass til 20 bilar og 300 ferdafolk.

Folgefonn var den største bilferja i landet.

Maskina var ein Wichmann 4 syl enkeltvirkande

seimidiesel på 300 BHK med omkast. I 1965 fekk

ho ny maskin, ein ny Wichmann 2 T 4 syl dieselmaskin

på 400 BHK.

”Folgefonn” gjekk i mange av HSD sine ruter

fram til 1979. Då vart ho seld Dixon World

Wide Travel som tok ho til England med tanke

på ombygging. Etter kort tid vart ho kjøpt av

seglforeininga Erith Yacht Club som har brukt ho

som klubbhus i Erith som ligg like sør for Charlton

ved Themsen.

Når ein ser bort frå ein del overbygg og enkle

ombyggingar, er mykje av ferja i overraskande

god stand og deler av innreiinga er autentisk. Salongen

forut er uendra og står fram som i 1938,

som ein dampskipssalong med grøne setetrekk

og mykje bruk av teak.

Fa rt ø y v e r n n r 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!