31.12.2013 Views

1210-2009-0022_Mykje_Karmøy.pdf

1210-2009-0022_Mykje_Karmøy.pdf

1210-2009-0022_Mykje_Karmøy.pdf

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

trapp ned til stranda for å komme lettare til. Brygga var slik at ho hadde trong for ei

fornying. Han ville då – før han sette i gong – sende nabovarsel mm.

Det var då protesten frå naboen kom, kor det står at eigedomen ikkje har noko lang stranda å

gjere – han skjøna at her var det ein tvist. Det enda med at han kontakta jordskifteretten og

fekk sett opp eit krav om grensegang.

Han la ned slik

påstand:

Grensa for min eigedom skal gå langs sjøen frå naboeigedomen i nord – bnr 88 – sør til eit

punkt like ved jernstaur i enden av eksisterande gjerde. Både brygge og naust tilhøyrer hans

eigedom – bnr 55.

Motparten – Olaug og Asbjørn Hauge er av ei heilt anna meining. Dei viser til skyldskifte frå

1935. Det som står der kan ikkje mistydast. Dei viste til kva faren hadde sagt om at Styve

hadde teke seg til rette nede i strandsona.

Leirvåg har rett til ein veg langs stranda, men han har ingen eigedomsrett her.

Dei la ned slik

påstand:

Grensa for Leirvåg sin eigedom skal gå inne på land frå påvist punkt og nordover til grensa

mot bnr 88. Både brygga og grunnen under naustet tilhøyrer deira eigedom – 119/5,6.

Retten ser det slik:

Dette er den klassiske tvisten om kor vidt ein fråskild eigedom i strandkanten har

eigedomsrett til sjøen og vidare utover – eller ikkje.

Det ligg føre svært mykje rettspraksis om dette.

Men først – kva står det i skyldskifte frå 1935 – jo: ” Grenselina for luten tar til ved sjøen

med kross i berg ( denne er borte )….vidare same retning langs naboens gjærde 12,3 m til

sjøen og derfra sudover lengs strandlina 14,6 m til linjens utgangspunkt hvor linjen ender.

Ved linjens utgangspunkt har kjøperen ret til 1,5 meters veg lengs stranden, forbi krossen

dette merkjast daa utgangspunktet for linja ikkje kunde koma nærare sjøen grunna lause

steinar. Kjøparen har rett aa bruka seljarens sjøveg fram til sin lut..”

Kor utgangspunktet for dei 14.6 metrane ligg, er noko uklart. Men det er heilt klart at den

hogne krossen som ligg 3.1 meter aust for røyr, vart hoggen under jordskiftesaka i 1961 og

stammar ikkje frå skylddelinga i 1935.

Ein kan elles reise spørsmål om kvifor den nye eigedomen skulle ha veg langs stranda om

han ikkje hadde noko der å gjere. Slik som terrenget er her nede, forstår ein godt kvifor eigar

av bnr 55 – frå utgangspunktet skulle ha vegrett langs stranda. Det var så bratt at det var

einaste måten å komme til stranda på. Dagens eigar har laga trapp ned og treng dermed ikkje

nytte vegretten over naboeigedomen, men han har han.

Det står også – slik retten tolkar det - at krossen vart hoggen i berg fordi det ville vere dumt å

hogge han i ein av dei lause steinane i strandlina.

Elles ser ein at brygga må ha stått der lenge. Det ser det også ut for at naustet har gjort.

Dagens eigar kunne ikkje vere i tvil om at dette var ein del av eigedomen han hadde kjøpt.

Det går også fram av jordskiftesaka frå 1961. Her står det mellom anna at: ” Grensa mellom

gnr. 81, bnr. 55 på sørsida, og gnr. 81, bnr. 88 på nordsida, skal… og derfrå går den i OSO,

3,1m til + i fjellside ca 1,5m over marka, og derfrå i O, 9,9 m til det søraustre hjørne av den

støypte kai til gnr. 81, bnr. 88.”

Dermed var det klart at bnr 55 åtte ut over i sjøen så langt privat eigedomsrett gjeld på

nordsida av tomta.

Her var det eigar av bnr 55 som kravde grensegang – og ikkje eigar av bnr 5,6.

Krossen som skal liggje ca 1,5 meter over marka, er nok hoggen under jordskiftesaka.

I skylddelinga er det ikkje skildra nokon kross her.

Den gongen var det difor ikkje nokon tvil om kven som åtte i strandkanten der nede.

1210-2009-0022 Mykje Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett 3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!