Navigare 1 2013
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
TILSYN: Sjøfartsdirektoratet fører mellom anna tilsyn gjennom hamnestatskontroll, flaggstatskontroll, ved sertifisering, etter ulykker og gjennom ulike former

for revisjonar. Tilsynet kan vera umeld eller planlagd.

ILLUSTRASJONSFOTO: HAAKON NORDVIK

risikostyring og HMS» skal mellom anna

koordinera arbeidet med risikokartlegginga

for dei ulike fartøygruppene, medan

underavdelinga for revisjon skal leia og

koordinera revisjonsarbeidet til direktoratet.

Sidan mykje av Sjøfartsdirektoratet

sitt arbeid baserer seg på internasjonale

reglar, konvensjonar og avtalar, står direktoratet

ikkje fritt i korleis ein utfører

dette arbeidet. Også når det gjeld tilsynsaktivitetar,

ligg det internasjonale lovar og

reglar i botn. Desse er tidvis svært detaljerte

og gir lite rom for vurderingar.

For å vera sikker på at me driv i tråd med

det internasjonale regelverket, har me gjort

ei kartlegging av det handlingsrommet direktoratet

har i tilsynsarbeidet. Denne kartlegginga

viser at det er tilsyn me må gjera,

men også at det er rom for vurdering av kva

oppgåver som bør prioriterast.

Kva oppgåver som skal prioriterast

eller vera fokusområde for direktoratet vil

me finna gjennom ei årleg risikokartlegging.

Denne kartlegginga vil bygga på

informasjon frå tidlegare inspeksjonar og

revisjonar, ulykkesdata, Staten sin havarikomisjon

for Transport (SHT) og anna

relevant informasjon.

Fokusområda skal vera styrande for

direktoratet sitt arbeid ved gjennomgang

av nybygg, ombyggingar, periodiske tilsyn,

revisjonar, haldningsskapande arbeid,

kampanjar og regelverksutvikling.

Hausten 2012 gjennomførte Sjøfartsdirektoratet

ei risikokartlegging av dei

ulike fartøygruppene. På bakgrunn av

denne kartlegginga er det vedteke at direktoratet

særleg skal ha fokus på å redusera

risikoen for storulykker ved kantring

og grunnstøyting. Likeins skal det vera

fokus på å redusera risiko for personulykker

ved arbeidsoperasjonar om bord og

ved eksponering for kjemikaliar.

Konkrete oppfølgingstiltak for dei

ulike fartøygruppene – fiskefartøy, passasjerskip,

lasteskip og flyttbare innretningar,

er utarbeidd.

Dette er første gong direktoratet har

brukt denne metoden for å finna fram til

kva område som skal ha særleg fokus. Etter

kvart ønskjer me at næringa skal involverast

i arbeidet. På den måten vil me få

større erfaringsgrunnlag og forhåpentleg

større felles forståing for kva tiltak som

bør prioriterast.

Personleg trur eg at denne risikokartlegginga

og oppfølgingstiltaka, både vil

bevisstgjera direktoratet og bidra til ein

meir målretta innsats. På sikt håpar eg

også at det kan påverka bransjen, slik at

talet på ulykker og uønskte hendingar går

ned.

Navigare 1 - 2013 | 5