18.10.2013 Views

Navigare 3 2013

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Olav Akselsen

Sjøfartsdirektør

4 | NAvigARe 3 - 2013

Nyttar arbeidet for auka trygg

I år er det 110 år sidan Sjøfartsdirektoratet, den gong kalla Sjøfartskontoret, vart

oppretta. Namn og organiseringa har variert gjennom perioden, men hovudoppgåva

har vore den same – nemleg å bidra til sikre skip og å førebygga ulykker til sjøs.

Den direkte bakgrunnen for opprettinga av Sjøfartskontoret

var dei mange ulykkene som ramma norske skip.

Noreg var den gong som no, ein stor sjøfartsnasjon. På

1880-talet oppsto det krise i fraktmarknaden. Noko som

særleg gjekk ut over treseglskips-flåten. Det vart spinka

og spart, vedlikehaldet vart redusert og tilhøva for sjøfolka

var elendige. Men det hadde også ein kostnad.

Standarden på skipa var dårleg og i løpet 1890-talet var

det ein sterk vekst i talet på ulykker. Enkelte år gjekk

nærare ti prosent av flåten tapt. Frå 1890 til -99 forliste

2050 seglskip og 2716 norske sjøfolk omkom.

Samanlikna med andre sjøfartsnasjonar, særleg

England, var dette svært høge tal og ein vart einige om

at noko måtte gjerast for å snu utviklinga. Opprettinga

av Sjøfartskontoret og vedtaket om ein eigen Sjødyktighetslov

var ein del av svaret.

Auka fokus på, og systematisk utvikling av lovverk

og tilsyn, ga etter kvart resultat. Talet på forlis og tapte

menneskeliv gjekk ned. Det tok likevel nærare 35 år før

Vaagefoto.no

forlisprosenten for norske skip var nede på engelsk nivå.

Men sidan 1950-talet har Noreg stort sett hatt lågare

forlisprosent enn verdsflåten.

I dag kan me slå fast at norske skip seglar under eit

kvalitetsflagg og at norske reiarlag er i verdstoppen når

det gjeld tryggleik og miljø.

Ei av Sjøfartsdirektoratet sine oppgåver er å føra

statistikk over talet på skipsulykker og på arbeidsulykker

om bord i skip. Ser ein på statistikken for den siste

tiårs-perioden, ser me ein markert nedgang i talet på

arbeidsulykker om bord i skip. Eg trur ikkje denne

nedgangen er tilfeldig eller at den har kome av seg sjølv.

Eg trur nedgangen er eit resultat av systematisk og

målretta arbeid frå reiarlag og mannskapet om bord i

skipa.

Diverre har me ikkje hatt same utviklinga i talet på

skipsulykker. Snarare har det vore ein liten oppgang i

perioden. Dette trass i stadig ny teknologi, nye lovar og

reglar, kampanjar og tilsyn. Spørsmålet er om me no har

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!