28.09.2013 Views

kontakt_2-07.pdf (5.12 Mb.) - Riska Kirke

kontakt_2-07.pdf (5.12 Mb.) - Riska Kirke

kontakt_2-07.pdf (5.12 Mb.) - Riska Kirke

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kontakt_2-07.qxp 11.06.2007 09:13 Side 17

samla seg der for å høyra nyheter frå

London. Men ein dag blei huset omringa,

og fleire hamna på Grini. Uforsiktig tale

eller tips førde til aksjon. Mange skravla

under krigen, som dei før hadde gjort.

Kåre Eltervåg sa at det var forunderleg

kor lite forsiktig folk var. Han var eingong

meld for å ha vore med på dans på

Lauvåskrossen, og dette var forbudt

under krigen. Kåre vart innkalt til

Stavanger, og ein stavangerborgar (norsk)

sat framfor han og ville få fram tilståing.

For å markera si makt så sat han med

ein revolver i handa. Kåre nekta. Han

hadde ikkje vore med på dansen.

Dei hadde radio i fjøset heime hos

Kåre, seinare i gjødselkjellaren. Radioen

måtte reparerast, og dette tok ein

bymann seg av. Stor var forundringa etter

krigen, for det viste seg at N.N. var

medlem i partiet. Det var ikkje alltid partimedlemmer

var farlege. Alle meiner

nok i dag at det var simpelt å melda

nokon til tysk/nazistisk styresmakt. Dei

som blei arresterte og dei som fall under

krigen, er våre krigsheltar. Men dei

største krigsheltane var kanskje dei som

risikerte livet med å hjelpa rømlingar.

Barbro og dei vaksne sønnene visste om

nokon som var i løa om natta. Børre

Mærland og Einar Ingebrethsen risikerte

dødsstraff ved å hjelpa den dødsdømde

polakken Leo. Eg har aldri høyrt at ordet

krigshelt har blitt nemnd i den samanheng.

26.mai arrangerte helselaget frihetsfest

i Riska. Stor tilslutning, alle kom ikkje inn

i ungdomshuset. Lærar Anna Sjo

Frøyland fortalde om dei 5 tunge åra.

Sokneprest Blindheim fekk blomster for

rakrygga og nasjonal holdning i krigsåra.

Blindheim fortalde om fangetida på Grini

og Berg. Han minna om at nå måtte me

leva som kristne kulturmenneske og ikkje

finna glede i hemnen, men la brorskapsånd

rå. Etterpå hadde Marta Endal ein

tale om den innsats kvinnene hadde

gjort i det stille i krigsåra.

Livet er ikkje like lett for alle.

Nyttårskvelden 1945 kom Ole Berge

(møllarmeisteren) til Maudland med

radio. Dei måtte få høyra radio også der i

huset, når det nye året kom. Og slik fekk

Barbro radio. Svigersonen, Arne Bergly,

har sagt meg at Barbro høyrde du aldri

klaga. I 25 år budde ho på Maudland. Hit

kom ho i 1937 saman med Hjalmar

Vanvik og 5 barn. Det var Ola og

Johannes Fatnes fra første ekteskap og

Garden.

Gudveig, Solveig og Henry. Ja, Barbro

hadde opplevd å bli enka etter at mannen

omkom ved arbeidsulykke. Ho var

då gravid, og gutten ho fekk, mista ho 5

år seinare. I 1938 døde Hjalmar, og nå

var ho enka igjen. Og ein kveld i 1952

kom Knut Eikeland og Einar Årrestad til

Maudland. Det var ein tung veg til den

høgste og mest avsides garden i Riska.

Johannes var død. Han omkom i ei arbeidsulykke

i Lyse.

Gudveig fortel at Johannes alltid hadde

omsorg for at mora ikkje måtte mangla

noko. Du veit kor du kan finna pengar, sa

han. Barbro hadde ein lang arbeidsdag

på Maudland. I brislingsesongen, altså

om sommaren, var ho på kaien kl. 6 for

å ta Riskafjord til byen, for å arbeida i

hermetikken. Etter at Johannes var død,

flytta Barbro med familie ned til ei hytte i

Frøylandsbakken, dengong bare 37

kvadratmeter stor. I 1989 var jordelivet

slutt for Barbro, 93 år gammal.

Jo, Gudveig hugsar godt husransaking

på Maudland, tyske soldatar på leiting

etter folk, og der borna måtte stå på

kjøkkenet. Ho hugsar kanonar på hjul

utanfor skulen. Flokkar med soldatar på

utmarsj. Men mest hugsar ho mora og

den omsorg ho viste for sine. Eg kjende

ikkje Barbro, men når eg høyrer om

henne, så er det ein salme av Matias

Orheim som tonar for meg:

"Kvardagskristen vil eg vera, Syn for

segn det krev Guds ord. Samklang mellom

liv og læra, Det er himmelsong på

jord. Som den djupe fjord kan greia

Spegla himmel høg og blå, Skal ein

kvardagskristen spreia Festglans kring det

kvardagsgrå."

AV ENOK LAUVÅS

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!