You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
kontakt_2-07.qxp 11.06.2007 09:12 Side 16

Gudveig Bergly og Solveig

Paulsen hadde sin første

skuledag i 1940. Mora

Barbro hadde snakka med

læraren, Hans Kjønaas.

Spørsmålet var om Gudveig

kunne venta eit år med

skulestart. Svaret var ja,

sjølvsagt, det var så lang veg

til Maudlandsgarden, ein

heil time å gå for ungane.

Slik gjekk det til at søstrene

Gudveig og Solveig gjekk

saman alle åra i det skulehuset

som nå er fjerna.

Bare ein gong har eg prata med Hans.

Han var då like gammal som eg er nå.

Hans var lærar på Ombo og eg var vikarlærar

i Vormedalen. Det var Hans som

tok kontakt. Men eg visste godt at Hans

under krigen var fylkesførar for Norges

lærarsamband (nazistisk), og at han etter

krigen blei dømd, og måtte slutta som

lærar og klokkar i Riska. Frå kontoret i

den gamle skulen hadde han stor makt i

krigsåra. Han var lokal førar.

I skulekjellaren var det tyske soldatar.

Ein av desse heitte Hans. Gudveig kan

ikkje gløyma Hans. Han fortalde om sine

barn. Det han såg fram til, var at krigen

16

92 år gamle

Barbro Vanvik

fotografert i

1988.

BARBRO VAR EIT

GODT MENNESKE,

MEN HANS VAR

OGSÅ EIT MENNESKE

var slutt, og at han fekk reisa heim.

Gudveig hugsa at soldatane ofte sa til

ungane: Ver ikkje redde. Sjølv fekk eg

drops av ein soldat ein gong.

Eg har vore ung og har blitt gammal. I

alle desse åra, frå ungdom til alderdom,

har eg streva med å forstå, både lærar

Hans og soldat Hans. Hat er gjerne eit for

sterkt ord, men fordømming og lite

innlevingsevne har eg hatt. Det som

Gudveig fortalde om tyske soldatar, og

det ho fortalde om læraren, har gjort at

isen har smelta. Eg har forandra syn.

Det nye standpunkt har vakse fram

gradvis. Både Gudveig og mange andre

har fortald at Hans var ein flink lærar.

Han trekte ikkje fram sine politiske

meiningar i skulen. Halvbror til Gudveig,

Johannes, var med på arrestasjon av personar

maidagane 1945, men ville ikkje

vera med på å arrestera læraren. Heime

på Lauvås blei det ikkje snakka om krigen,

men i seinare år har eg høyrt ein

god del. Gustav Hetland har fortald om

korleis Hans kontrollerte kornmengda på

Hetland. Han møtte opp ved tresking.

Gjekk inn til Margit og hadde kaffe. Så

fekk mannfolka gøyma unda ein del av

kornet før kontrollen. På Maudland slapp

dei levera varer, for her var det så mange

ungar. Tyskarane rekvirerte hestar, og

Hans hadde arbeid med dette. Men Kåre

Eltervåg sa at deira hest slapp unna. Dei

hadde hesten ute, og Hans godtok at

hesten var så vill, at det ikkje var råd å

fanga han. Hans var "førar" for det meste.

Han var leiar for "menighetsrådet" også,

oppnemnd ettar førarprinsippet. Av pro-

tokollen går det fram at far min var oppnemnd

som medlem. For mange av

krigsåra var "menighetsrådet" ute av

funksjon.

Oppgjeret etter krigen var, etter mi vurdering,

både nødvendig og rett. Men

lenge nok, altfor lenge, har eg vore fange

av ei kollektiv fordømming av tyske soldatar.

Dei var menneske og offer for eit

regime av djevelskap. Dei nordmenn

som kom på galne sida under krigen, var

det ikkje lett å tilgje i etterkrigstid. Det er

lett å tenkja svart-kvitt. Men i ettertid så

ser eg at det var mange andre og som

var "mitschuldig".

I Stølsvig hadde dei radio. Mange