27.09.2013 Views

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

måten som eit grasbane er det for

fotball. Men for ein arena! Gratis utdelt

av «skaparen», med nydelig utsikt og

flotte luftige utfordringar.

Kvifor ny klatrevegg?

Dette spørsmålet er ikkje vanskeleg å

svare på. Her er ei liste:

1. Klatresiloen er for liten. Både

treningsmessig og med tanke på

kapasitet. På det meste kan klatreveggen

i dag halde 8 personar i

kontinuerlig aktivitet. I skissert prosjekt

er det lagt opp til ein kapasistet

på 24 personar. Størrelsen har og

betydning for utvalg og variasjon. I

dag tek det ikkje så lang tid før ein

kjenner klatreveggen som si eiga

bukselomme.

2. Klatresiloen er for lav. For ein

tilfeldig besøkande er ikkje dette så

vikteg, men for at anlegget skal vere

brukbart til konkurranser og trening,

bør høgda vere mellom 15 og 25

meter. Klatresiloen er 10 meter høg.

3. Sanitærforhold. Dusje kan vi no

gjere når vi kjem heim, men toalett

hadde vore kjekt å ha.

4. Synlegheit. I dag er vi litt usynleg

for folk flest. Du kjem ikkje til klatresiloen

heilt tilfeldig, for å seie det slik.

Du kjem for å klatre. Klatremiljøet i

Ålesund merka ein solid oppsving

med nyåpning av klatrevegg i Storhallen.

Kvifor klatrevegg?

Det har i den siste tida vore skrive og

snakka mykje om kulturhus, badeland og

aktivitetstilbod i denne kommunen. Skal

ein prøve å drage ut ein fellesnemnar i

alle oppslaga, så må det vere mangfald.

Ein ser for seg mange populære tilbod

under eit tak; bowlinghall, badeland,

bibliotek, spelehall for å nemne nokre av

forslaga.. Dei med litt økonomisk bakkekontakt

veit kva risiko dette inneber.

Slike prosjekt har ofte store investeringskostnader

og store driftsutgifter. Bruken

skal vere tung for at eit slikt prosjekt skal

bere seg. Fordelen med å samle mange

aktivitetar på ein stad, er at ein oppnår ei

synergieffekt. Det er sannsynleg at

mange kjem, viss mange interesser kan

mettast. Ein klatrevegg har store fordelar

framfor mange av dei andre aktivitetane

som har vore nemde i denne

samanhengen. Ein klatrevegg er rimleg

og bygge, og nesten gratis å drive (Sjå

lenger nede). Klatring appelerer og til litt

andre grupper en dei tradisjonelle

fritidsaktivitetane. Det er mange som finn

seg til rette i vårt miljø som ikkje vil

finne seg til rette i andre sportslige miljø

i Ulsteinvik. Det er sannsynleg at nokon

som driv med fotball vil kunne like

håndball. Klatring blir på ein måte i ei

anna retning, bokstavleg talt. Klatring er

og fleksibel sidan det både har denne

uformelle «drop-in» komponenten og det

sportslege treningskonseptet som vi

kjenner frå td fotball. I eit slikt allbrukshus

vil då klatringa vere det litt spanande

og blikkfangande innslaget.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!