27.09.2013 Views

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

I said hey,

whats going

on?

Metervis med spalter har vore skrive om

korleis musklar skal bli 10% meir

effektive og korleis tøye dine lemmar til

uante ekstremitetar. Begrep som

heelhocking, twisted knee, catche,

layback, jamming og mykje meir

beskriv teknikkar som ein stakkar kan

bruke for å redusere verknaden av store

G. Kva er det som manglar opp i alt

dette. Kva er det ingen skriv om?

Hjerna. Inne i denne grå svampaktige

klumpen hender det mykje rart. Millioner

av hjerneceller virkar i lag på

mystisk vis. Her inne blir ordre gitt til

kvar enkelt muskel, her bestemmer vi

oss for og gi oss, og her inne kan vi bli

enormt motivert og tilsvarande slapp.

Alle desse prosessane er naudsynte for

å overleve kvardagen, og den vertikale

delen av den.

Er det mogleg å trene hjerna? Kan ein

lære seg å styre tankeprosessane til

eigen fordel. Kan ein innsjå

samanhengar, og deretter endre

haldningane? Eller er alt dette bestemt

av vår genetiske DNA kode? Er vi

passasjer av vår eigen psyke, eller kan

vi setje oss bak spakane?

Redd for å ramle

Når ein snakkar om psyke i kla

tresamanheng er det mange som tenker

på frykta for å ramle. «Han har god

psyke» høyrer vi når nokon går uredd

over førre bolt for å klippe den neste.

Denne setninga blir ofte brukt til å

konstatere at klatraren har eigenskapar

som er medfødte. Det tilskuaren ikkje

ser, er all erfaring som ligg bak. Vi veit

at araknofobikarar kan trene seg opp til

å leike med knytnevestore edderkoppar.

Dei fleste andre fobiar kan og

kurerast med ganske enkle grunnprinsipp;

•Gradvis meir eksponering av det som

gjev frykt.

•Auke kunnskapen om det som gjev

frykt.

Dette gjeld sjølvsagt og for Klatring,

eller frykt for å ramle.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!