27.09.2013 Views

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Lofothelsing

Tind, Ramberg, Steine, Ure, Berg,

Brattholmen og Mannfallet.... På eller

ved desse stadane bur det faktisk folk .

Alle ligg dei under ein times køyring frå

min nye heimstad. Namn som Spisstinden,

Tindelitinden, Tinddalstinden,

Himmeltinder (Store, midtre og nordaustre),

og fjellet Veggen med Veggfloget

fortel og ein del om karakteren

på landskapet her oppe og ute.

I det daglege inspirerer Skottinden, 671

meter over skulegolvet. Set eg

passarspissen i ein tenkt juletrefot midt

på stovegolvet og sler ein boge med ei

mils radius, femner eg 32 fjelltoppar

med tind i namnet. Floget finn eg att 6

stader inni same sirkelen. Det finnst og

tårn, kammar, berg, nubbar, koller og

tuver. Fallet og Varden er og representerte,

saman med skolme, aksel, rygg og

hammar.

Eg gløymde Hatten.

Den kan ein uansett ta av seg i møte

med landskapsformene i Lofoten. Flatt

hav, Bratt land.

Mykje å sjå på og sjølvsagt; mykje å

klatre på.

Likevel; -det tek tid å etablere vanar og

det skortar på miljø. Høgste klivet så

langt er soleis trappa til hemsen i

heimen. Der les eg og legg meg ut,

medan eg dagdrøymer om hausten sine

einaste to mål; “Bare blåbær“ (5 taulengder,

5- på lækkert sva) og egga på

Skottind, (som ingen har gått enno!!)

Om draumane vert materialiserte står

framleis att å sjå.

Skjer det, vil nok opplevingane danke

ut det meste av ruter eg har gått på

Holmelandet. Likevel er eg ikkje sikker

på kva som gir mest; småpuslinga i det

daglege, eller høgtidsstundene på

klassikarane.... ?

Det eg er sikker på er at miljøet i

Ulstein klivrelag er sakna. Ikkje berre

fordi eg saknar kvalifisert klivrefylgje

her, men og fordi det i UKL er ei eiga

“ånd” over klatringa. Uansett fillerute,

uansett mosefaktor, uansett sjøsalt

overhengande galskap eller knottbefengt

einerkratt i cruxet;

I UKL vert det klatra med sjel, med

glede og med entusiasme tilpassa dagen

og forma, ruta og følgjet. Ingen verdsmeistrar,

-berre sjølvpålagt prestisje.

Dessutan tolmodig overbærenheit med

dei som ynskjer å klatre det særaste i

grenselanda mellom plante og steinriket,

og mellom fiske og fugleverda.

Slike forhold er eg redd eg aldri finn

att i eit nytt klatremiljø.

Det er i alle høve ikkje nok med

ovflotte tindar og flog som naboar.

Difor vonar eg at alle tek særdraget i

UKL i vare, slik at eg finn det att som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!