27.09.2013 Views

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Å bygge klatrevegg

Klivrelaget vedtok på stiftingsmøtet at

målet var å skaffe medlemmane

moglegheiter for å trene inne om

vinteren. Eit par månader seinare starta

stordugnaden. Det tok omlag 2000

arbeidstimar fordelt på 6 månader å

bygge klatresiloen som no er i daglig

bruk. Vi bygde alt sjølv, nøye tilpassa

dei krikar og krokar som siloen hadde.

Vi tok alt på sparket og arbeidde kun

etter grove skisser. Prosessen var

tidkrevande og vanskeleg, mykje fordi

løda sjølvsagt aldri var tenkt brukt til

klatrevegg. Vi har etter denne dugnaden

samla mange erfaringar som er gode å

ha for liknande prosjekt. Vi har og

medlemmar som har vore i kontakt med

fleire klatreveggprosjekt andre stadar på

Sunnmøre. Det siste av desse er Storhallen

i Ålesund. Det er og mogleg å

kjøpe ein ferdig klatrevegg hjå td.

«Eventyr i Sunndal» som har designa og

konstruert veggen som er i Storhallen i

Ålesund. Veggen i Ålesund kosta omlag

1 mill kroner. Viss ein vil ha mykje for

pengane, kan ein derimot bygge veggen

sjølv. Det er det vi meiner vi er i

stand til å gjere, og etter desse grunnleggande

prinsippa:

• Bygget som skal huse klatreveggen

vert planlagt og bygd med tanke på at

der skal vere klatrevegg.

• Før bygget vert bygd skal veggen

byggast modulvis ein annan stad.

• Omlag når bygget får tak, fraktar ein

modulane til bygget og set veggen

saman med kranbil.

Sjølve klatreveggen må detaljteiknast,

og ein passar då på å teikne den slik at

platestørrelsen «går opp» i designet. Det

fører til at ein slepp tidkrevande tilpassing

av kvar plate. I detaljplanlegginga

lager ein kapplister, slik at ein på nokre

få dagar kan kappe opp og merke alle

bitane som skal vere med i veggen.

Modulane vil då kunne byggast kjappt

og enkelt på flat mark. Planlegging er

stikkordet. Dette krev mykje kompetanse,

spesiellt for å teikne gode

teikningar. Klivrelaget har mange

medlemmar som kan slikt, her er vår

faglege kompetanse;

•Frode Bloch, Siv. Ing, Rolls-Royce

•Øyvind Kamsvåg, Siv Ing, Ulstein Verft

•Tommy Skeide, Ing, Rolls-Royce

•Berit Sandvik Skeide, Ing, Teknisk etat

•Øyvind Kvålsvoll, Ing, Odim

•Bjørn Sande, Ing, Odim

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!