27.09.2013 Views

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

Klipp - Klivrelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Klipp Klivrelagets

Klivrelagets

2-99

1-00

2-00

informasjon pr post

informasjon pr post

Lofothelsing

Tind, Ramberg, Steine, Ure, Berg,

Brattholmen og Mannfallet.... På eller

ved desse stadane bur det faktisk folk .

Alle ligg dei under ein times køyring frå

min nye heimstad. Namn som Spisstinden,

Tindelitinden, Tinddalstinden,

Himmeltinder (Store, midtre og nordaustre),

og fjellet Veggen med Veggfloget

fortel og ein del om karakteren

på landskapet her oppe og ute.

I det daglege inspirerer Skottinden, 671

meter over skulegolvet. Set eg

passarspissen i ein tenkt juletrefot midt

på stovegolvet og sler ein boge med ei

mils radius, femner eg 32 fjelltoppar

med tind i namnet. Floget finn eg att 6

stader inni same sirkelen. Det finnst og

tårn, kammar, berg, nubbar, koller og

tuver. Fallet og Varden er og representerte,

saman med skolme, aksel, rygg og

hammar.

Eg gløymde Hatten.

Den kan ein uansett ta av seg i møte

med landskapsformene i Lofoten. Flatt

hav, Bratt land.

Mykje å sjå på og sjølvsagt; mykje å

klatre på.

Likevel; -det tek tid å etablere vanar og

det skortar på miljø. Høgste klivet så

langt er soleis trappa til hemsen i

heimen. Der les eg og legg meg ut,

medan eg dagdrøymer om hausten sine

einaste to mål; “Bare blåbær“ (5 taulengder,

5- på lækkert sva) og egga på

Skottind, (som ingen har gått enno!!)

Om draumane vert materialiserte står

framleis att å sjå.

Skjer det, vil nok opplevingane danke

ut det meste av ruter eg har gått på

Holmelandet. Likevel er eg ikkje sikker

på kva som gir mest; småpuslinga i det

daglege, eller høgtidsstundene på

klassikarane.... ?

Det eg er sikker på er at miljøet i

Ulstein klivrelag er sakna. Ikkje berre

fordi eg saknar kvalifisert klivrefylgje

her, men og fordi det i UKL er ei eiga

“ånd” over klatringa. Uansett fillerute,

uansett mosefaktor, uansett sjøsalt

overhengande galskap eller knottbefengt

einerkratt i cruxet;

I UKL vert det klatra med sjel, med

glede og med entusiasme tilpassa dagen

og forma, ruta og følgjet. Ingen verdsmeistrar,

-berre sjølvpålagt prestisje.

Dessutan tolmodig overbærenheit med

dei som ynskjer å klatre det særaste i

grenselanda mellom plante og steinriket,

og mellom fiske og fugleverda.

Slike forhold er eg redd eg aldri finn

att i eit nytt klatremiljø.

Det er i alle høve ikkje nok med

ovflotte tindar og flog som naboar.

Difor vonar eg at alle tek særdraget i

UKL i vare, slik at eg finn det att som

det var “når jeg kommer neste sommer...”

Med dette takkar eg og for meg som

Klipp -ansvarleg. Det er topp å kunne

avslutte med visse om at sesongen 2000

har gitt laget nye ruter til å fylle mange

Klipp- nummer med skryt , førarstoff og

episke ruteskildringar. (48 ruter før 10.

Juli så vidt eg veit....)

Kos dykk med førarstoffet i dette

nummeret, og lukke til på gamle og

nye ruter i haust!

Lofothelsing; Oddbjørn

Leiar og grafisk formgjevar

Tommy Skeide

Anholen

6065 Ulsteinvik

tlf; 70012216 (p) 90971418 (m)

70014669 (j)

Kassaapparatør og finansielt driftsansvarleg

Øyvind Kvålsvoll

Kolbeinhaugane 13

6065 Ulsteinvik

Tlf; 90590597 (m)

Skrivar og halladministrerande,

postopnande Klipp -redaktør

Oddbjørn A Berge

Pb 312

6067 Ulsteinvik

Tlf; 70012649 (p)

Materialforvaltar og driftsansvarleg i

hallen

Kari Bjørndal

6065 Ulsteinvik

Tlf; 70010045 (p) 95108057 (m)

Styremedlem og kvinneklatringseksponent

Mari Louise Sjåstad Uldbæk

Klovningen 13

6065 Ulsteinvik

Tlf; 70011711 (p)

Vara (men ikkje Tor-Mikkel)

Henning Stephan

Tlf; 70086680 (p)

• Frede har i dulgsmål lurt seg til å

klive “Steinskvetten” (6-) på Uren Luren

sumaren 1999.

Medan andre trudde ruta var for farleg

grunna tvilsom bolteplassering, lurte

karen seg til ei førstebestigning.

• Frede og Sølve har bora og klatra fem

bolterruter og gått eit fint riss på “Hatlenhammaren”

-eit fint bratt sva under einsleg bjørk i

Igesundet. Tommy og Kristin var og

testa feltet i oktober. Hakesleppet var

stort, for dette er verkeleg kvalitetsklatring.

Førar i dette nummeret

• I midten av oktober klatra Tommy og

Frede ei ny kilerute 20m til venstre for

denne hammaren. Ruta var lettsikra, fin

og med ein luksusstandplass midt på.

Grad 5-. Førar i dette nummeret.

• Sølve Hatlen og Eivind Sæter har gått

ei rute på 6 taulengder på Nerlandsøy.

Det går rykte om vekslande kvalitet.

Likevel gratulerer vi med Holmelandets

lengste rute

• Tre -fire nye ruter i eller rundt “Helporten”

i Igesundet. Tommy, Øyvind,

Kristin Frode og Oddbjørn har detaljar.

(Sjå elles “Døyr fe, døyr frendar”).

• Tommy meiner at «Døyr fe, døyr

frendar» Er den finaste kileruta på

Sunnmøre.

• Oddbjørn og Frode nytta ei sein

junitorsdagsklatring til å gå to nye ruter

på Gåsneset.

“Gåsegang” (4+) og “Frode Blokk” (5+)

er naturleg sikra og går til venstre for

dei eldre bolterutene.

• Under Mulevikasamling i vår vart det

gått to nye naturleg sikra ruter;

“Hatlenruta” er på tre taulengder,

gradert (5), og sjølvsagt gått av Sølve og

Frede Hatlen .

Innsteget er rett til høgre for “Folkeleg

parti”. Avslutninga går ca. 20 meter til

høgre for “Valkampen” i toppen av

veggen.

Oddbjørn og Inger Nelly gjekk “Heksemeister

Teltjagar” på Lurehammaren.

Lengd 15 meter, grad (6-).

Tommy med improvisert vindvest ein

vindfull dag i august på «Lynveggen»

Austefjorden

Roar Solvang frå Ålesund klatrar den

flotte «Korstoget» 7+, Korsneset. Den

første ruta på dette flotte sportscragget.

• Tommy har vore i slag i sommar og

etablert fleire harde ruter;

Hygroskopisk 8 Koparstad

Krystallklar 8 Hareid

Best i test 8- Mulevika

Fremskrittspartiet 8- Muren

Den tynne sti 8- Muren

Havburkne boogie 8- Koparstad

(Den siste er bora av Sølve). I haust

repeterte han og Lødøysteinen 8/8+

som til no er den vansklegaste ruta på

Sunnmøre. Han brukte berre 2 dagar på

og gå den, mot 4-5 dagar på

«Hygroskipisk» og «Krystallklar»

• Tommy og Hatlenbrørne har bora

tre nye ruter høgt i veggen over

Eklogitthatten, og 4 ruter ved foten av

veggen samme stad. I haust vart det

bora ei ny lang, flott rute lengre til

høgre i ein til no urøyrt vegg. Sjå

oppdatert førar for Mulevika ein

annan stad i bladet.

• Vellukka torsdagsklatringar i vår.

Snitt på 7 personar. Dette til trass for

fleire regnprega torsdagar.

• Nytt felt i Notten over Strandkrysset

13 nye ruter. Sjå førar i dette nummeret

* 10 nye ruter på “kursfeltet” i Vollshammaren.

Sjå ruteskildringar i dette

nummeret

• Tommy, Sølve og Frede har bora seks

nye ruter i ei hole på Koparstad. Rutene

er bratte, og har høg kvalitet. Dette er

nok det spenstigaste bidraget til klatringa

i Møre og Romsdal siste åra. Sjå

førar i dette nummeret.

• Eit linerlepar tok standplass over

blokka i topprisset på “Blokkene

henger for deg” på Uren Turen i mai og

juni. Oddbjørn heldt på å legge egget

då han leda ruta og nesten la neven

oppi reiret.

I tråd med graderinga hadde paret lagt

6 egg. Dei fekk rugefred så snart Kari

hadde spurta ruta som andredame.

• I september klatra Frode og Øyvind

ei ny rute lengst til høgre på nedre del,

Hide. Ruta går lags eit av dei beste rissa

på Hide, og gjev ein rapell frå «Treetsom-inspirerte-Øyvind-til-å-skriveeksamen-for-klatrarar.»

• Ein rastlaus søndag køyrde Tommy til

Andersfeltet, spurta til toppen, rappelerte

så gneistene stod, og bora to ruter

på rappet. Tid frå dør til dør: 2 timar.

Det høyrer med til historia at den eine

av rutene vart noko tynnsikra.

• Klippt frå gjesteboka til klatreklubben

Ålesund (www.klatreklubben.no):

Undertegnede og Ketil Lunde var sists

onsdag på Blåfjellet ved Hide ute på

Holmelandet. Fikk gått fire nydelige

svaruter, (introsvaet,5; sjekketrikset,5;

børre kenguru,5; og svartmagi, 6) og

1001 bratt (6+) på toppveggen. Vanvittig

fin klatring og utrolig fint felt. Om

resten av klatringen på Holmelandet er

bare halvparten så bra som dette så er

det bare å glemme Magerholm og Hessa.

Verdikort er anskaffet. Kommer igjen.

Arve Kylling

Olve Havåg (biletet) og Sveinung

Råheim klarte begge å repetere eit av dei

klassiske buldreproblema på Sunnmøre:

«Bopp Bopp» Problemet er ikkje gradert,

men er «Ganske vanskelig» på denne

skalaen:

Lett

Ganske lett

Middels

Ganske Vanskelig

Vanskelig

Problemet ligg 10m bak Store Skrå på

Nerlandsøya.

Initiativ

Heilt sidan vi bestemte oss for å bygge

ein klatrevegg i løda til Magne Osnes,

hadde vi ei oppfatning av at veggen

berre var midlertid. Vi snakka om at vi

på lang sikt måtte kome under eit større

tak med betre moglegheiter for

ekspansjon og tillgang på kvalitetar som

ein silo ikkje har.

Klivrelaget i dag

Ulstein Klivrelag har heilt sidan stiftinga

av klubben hatt ein jamn vekst. I dei

siste to åra har besøksauken vore på

omlag 10%. Fleire og fleire er bevisst på

kva inneklatring er. Besøket i klatresiloen

kan plasserast i tre grupper: 1.

Tilfeldig besøk i opningstidene. 2.

Medlemmar som trenar fast. 3. Utleige

til andre lag/institusjonar. Dette siste

punktet utgjer faktisk ein ganske stor del

av bruken. Klivrelaget blir her på ein

måte ein leverandør av klatring til andre

grupper. Her er ei liste over dei som vi

har faste avtalar med:

•Adventura Leikong, ungdomsgruppe

•Speidargrupper, Ulsteinvik

•Ulstein Barneskule

•Herøy Ungdomsskule

•SAS Radison Ulstein Hotell

•Sunnmøre Folkehøgskule

Hausten 1999 var det i snitt 10 personar

innom klatreveggen kvar dag! På årsbasis

ligg vi rundt 1800 besøk. Viss vi seier

at eit besøk varer i gjennomsnitt 3 timar,

så står vi for 5400 timar med aktivt

fritidstilbod for unge i Ulstein. Den

tilfeldige delen av besøka er omlag av

same natur som eit bowlingbesøk eller

eit besøk i ein svømmehall. Ein møter

opp, betaler nokre kroner, og får

deretter fritt styre seg i nokre timar.

Dette er Klivrelaget sitt uformelle og

opne tilbod; «drop in» tilbod. I tillegg

har vi ein medlemsmasse som er aktiv

både ute og inne, men dette er meir og

rekne som «organisert» aktivitet. Dei

fleste av desse har eit avslappa forhold

til det fysiske og sportslege i klatring,

men der er og enkelte som trenar

klatring, med treningsøkter fleire gongar

i veka. Fleire av desse er og med i

konkurranseklatring.

Alt dette er inneklatring. I dei siste åra

har vi utvikla mange gode klatrefelt ute,

og mange av våre medlemmar brukar

desse klatrefelta fleire gongar i veka for

sport og rekreasjon. Vi kan bruke

vestveggen på Roppehornet som døme;

Ein 100m høg gneisvegg som heilt til

1995 ikkje har hatt nokon nytteverdi.

No har vi rydda vekk lause steinar, slått

inn nokre boltar, og reinska for gras og

skit. Vi har etablert omlag 10 flotte og

sikre klatreruter som er definerte vegar

opp veggen. Desse er teikna inn på ei

skisse og er no tilgjengeleg for alle

som er interessert. Denne veggen er no

ein resurs fordi mange finn det

meiningsfylt å bruke den. Den har verdi

som turmål, men den har og eit element

av idrett i seg. Fleire av rutene der krev

mange års trening for å klare. For oss

som klatrar, er denne veggen objektet

som aktiviteten blir utøvd på. På same

måten som eit grasbane er det for

fotball. Men for ein arena! Gratis utdelt

av «skaparen», med nydelig utsikt og

flotte luftige utfordringar.

Kvifor ny klatrevegg?

Dette spørsmålet er ikkje vanskeleg å

svare på. Her er ei liste:

1. Klatresiloen er for liten. Både

treningsmessig og med tanke på

kapasitet. På det meste kan klatreveggen

i dag halde 8 personar i

kontinuerlig aktivitet. I skissert prosjekt

er det lagt opp til ein kapasistet

på 24 personar. Størrelsen har og

betydning for utvalg og variasjon. I

dag tek det ikkje så lang tid før ein

kjenner klatreveggen som si eiga

bukselomme.

2. Klatresiloen er for lav. For ein

tilfeldig besøkande er ikkje dette så

vikteg, men for at anlegget skal vere

brukbart til konkurranser og trening,

bør høgda vere mellom 15 og 25

meter. Klatresiloen er 10 meter høg.

3. Sanitærforhold. Dusje kan vi no

gjere når vi kjem heim, men toalett

hadde vore kjekt å ha.

4. Synlegheit. I dag er vi litt usynleg

for folk flest. Du kjem ikkje til klatresiloen

heilt tilfeldig, for å seie det slik.

Du kjem for å klatre. Klatremiljøet i

Ålesund merka ein solid oppsving

med nyåpning av klatrevegg i Storhallen.

Kvifor klatrevegg?

Det har i den siste tida vore skrive og

snakka mykje om kulturhus, badeland og

aktivitetstilbod i denne kommunen. Skal

ein prøve å drage ut ein fellesnemnar i

alle oppslaga, så må det vere mangfald.

Ein ser for seg mange populære tilbod

under eit tak; bowlinghall, badeland,

bibliotek, spelehall for å nemne nokre av

forslaga.. Dei med litt økonomisk bakkekontakt

veit kva risiko dette inneber.

Slike prosjekt har ofte store investeringskostnader

og store driftsutgifter. Bruken

skal vere tung for at eit slikt prosjekt skal

bere seg. Fordelen med å samle mange

aktivitetar på ein stad, er at ein oppnår ei

synergieffekt. Det er sannsynleg at

mange kjem, viss mange interesser kan

mettast. Ein klatrevegg har store fordelar

framfor mange av dei andre aktivitetane

som har vore nemde i denne

samanhengen. Ein klatrevegg er rimleg

og bygge, og nesten gratis å drive (Sjå

lenger nede). Klatring appelerer og til litt

andre grupper en dei tradisjonelle

fritidsaktivitetane. Det er mange som finn

seg til rette i vårt miljø som ikkje vil

finne seg til rette i andre sportslige miljø

i Ulsteinvik. Det er sannsynleg at nokon

som driv med fotball vil kunne like

håndball. Klatring blir på ein måte i ei

anna retning, bokstavleg talt. Klatring er

og fleksibel sidan det både har denne

uformelle «drop-in» komponenten og det

sportslege treningskonseptet som vi

kjenner frå td fotball. I eit slikt allbrukshus

vil då klatringa vere det litt spanande

og blikkfangande innslaget.

Å bygge klatrevegg

Klivrelaget vedtok på stiftingsmøtet at

målet var å skaffe medlemmane

moglegheiter for å trene inne om

vinteren. Eit par månader seinare starta

stordugnaden. Det tok omlag 2000

arbeidstimar fordelt på 6 månader å

bygge klatresiloen som no er i daglig

bruk. Vi bygde alt sjølv, nøye tilpassa

dei krikar og krokar som siloen hadde.

Vi tok alt på sparket og arbeidde kun

etter grove skisser. Prosessen var

tidkrevande og vanskeleg, mykje fordi

løda sjølvsagt aldri var tenkt brukt til

klatrevegg. Vi har etter denne dugnaden

samla mange erfaringar som er gode å

ha for liknande prosjekt. Vi har og

medlemmar som har vore i kontakt med

fleire klatreveggprosjekt andre stadar på

Sunnmøre. Det siste av desse er Storhallen

i Ålesund. Det er og mogleg å

kjøpe ein ferdig klatrevegg hjå td.

«Eventyr i Sunndal» som har designa og

konstruert veggen som er i Storhallen i

Ålesund. Veggen i Ålesund kosta omlag

1 mill kroner. Viss ein vil ha mykje for

pengane, kan ein derimot bygge veggen

sjølv. Det er det vi meiner vi er i

stand til å gjere, og etter desse grunnleggande

prinsippa:

• Bygget som skal huse klatreveggen

vert planlagt og bygd med tanke på at

der skal vere klatrevegg.

• Før bygget vert bygd skal veggen

byggast modulvis ein annan stad.

• Omlag når bygget får tak, fraktar ein

modulane til bygget og set veggen

saman med kranbil.

Sjølve klatreveggen må detaljteiknast,

og ein passar då på å teikne den slik at

platestørrelsen «går opp» i designet. Det

fører til at ein slepp tidkrevande tilpassing

av kvar plate. I detaljplanlegginga

lager ein kapplister, slik at ein på nokre

få dagar kan kappe opp og merke alle

bitane som skal vere med i veggen.

Modulane vil då kunne byggast kjappt

og enkelt på flat mark. Planlegging er

stikkordet. Dette krev mykje kompetanse,

spesiellt for å teikne gode

teikningar. Klivrelaget har mange

medlemmar som kan slikt, her er vår

faglege kompetanse;

•Frode Bloch, Siv. Ing, Rolls-Royce

•Øyvind Kamsvåg, Siv Ing, Ulstein Verft

•Tommy Skeide, Ing, Rolls-Royce

•Berit Sandvik Skeide, Ing, Teknisk etat

•Øyvind Kvålsvoll, Ing, Odim

•Bjørn Sande, Ing, Odim

Nøkkeldata

Antal modular 4

Modulhøgde 16

Kappsvinn 10 %

Klatretak/m² 3

Material pr modul

Pris enhet mengde pris

Reisverk, 2 x 6 27,80 m 144 4 403,52

Kryssfiner 18mm 158,00 m² 57,6 10 010,88

Klomutter 1,00 stk 921,6 921,60

Overflate/polyester 20,00 liter 230,4 4 608,00

Spikerplater 18,00 stk 60 1 080,00

Spiker 0,30 stk 1200 360,00

Gaffelanker 18,00 stk 36 648,00

Skruar, 6 x 3.5 0,40 stk 921,6 368,64

Klatretak 90,00 stk 172,8 15 552,00

Tau 20 m 108 2 160,00

Mellomforankringar 160 stk 36 5 760,00

Kostnad pr modul: 45872,64

Kostdnad alle modular 183 490,56

Arbeidstid pr modul

tid enhet totaltid

Kappe reisverk 8

Montere reisverk 16

Behandle plater 1 m² 57,6

Montere plater 0,1 m² 5,76

Festepunkter vegg 18

Montere modul 14

Tid pr modul 119,36

Tidsforbruk alle modular 477,44

Døyr fe døyr

frendar

Eit møte med ei rute

Ubunden, mot menneskeheim

vil Fenrisulven fare

før det atter kjem

konge jamngod

i hans aude fotefar

Døyr fe , Døyr frendar

Landet vert lagt aude

Sidan Frode for til heidenske hamrar

er mangt eit lam

blitt kua

(fritt etter Snorre)

Vel heva Igesundbonden røysta

Hegna om fe i fjøresteinar

Hovding læst han vera

for vern om verlam

Skuldfri var Balder

hin gode klatrehund

I glede glefste han, halvulven

Yr han gnall

Hissig hovding hytta neven

Frå fjøsnova ville han

hærfolk samle

og jage ulven, or landet

Klokt kvad då Frode

hin hundeeigar;

I band vert Balder ført

til felts

Fri med eigar er klatrehund å fare

i landet åt kvarmann

Tinglyst lov skal vere verje

mot bondens atgeir

Mørk vart bonden under bryna

Trugande togn og toreskyer

trakk mot land

Ulv og mann trassa bannskap

Tause dei tassa mot berg

Rein rann rivna

i augo til klatrefylgjet

Feste for friends

fann Frode i sauebeitet

Vel kunne tau for kliv

med Midgardsorm liknast

Crux var lik Ragnarok

i Igesundets helportal

Fenrisulven gnall i bandet

då Frode fall frå tak

Friends heldt

Fe levde

Framleis søkjer rute jamngod konge

Oddbjørn

Rutefakta

Namn: Døyr fe, døyr frendar

Lengd: 25 meter

Grad : 6+

Stad: Igesund i Herøy,på dei vestlegaste

hamrane over neset

Karakter; Bombefast og superlekkert

friendssikra laybackriss i dieder (6-) , til

takoverheng etter 10 meter (6+). Deretter

vekslande svaklatring (5) til topps

Oppdaga; Øyvind Kvålsvoll og Frode

Bloch vår 2000

Første forsøk: Oddbjørn Berge, Frode

Bloch og klatrehunden Balder, mai 2000

Første bestigning; Tommy Skeide, juli

2000

Historisk: Ulstein Klivrelag sin første

“access -clinch” då bonden ved parkeringa

ville nekte klatrehund Balder

tilgang til utmarka.

Attraksjonar; Ruta sin reinleik og venleik.

Fenomenale omgjevnader. (Nabo

til hardaste kilesikra rute på Sunnmøre??

(8?) -I skrivande stund prosjekt for

Tommy) Fleire fine riss på samme

hammar.

Koparstad hola

Navn Grad Type Bratt Lengd Kreatør

1. Sji munus 7- bb 10 10 Sølve Hatlen

2. Kjevebeinet 7-/7 bb 10 10 Frede Hatlen

3. Havburkne boogie 8- bb 35 12 Sølve Hatlen

4. Hygroskopisk 8 bb 35 12 Tommy Skeide

5. Åpent prosjekt 9-? bb 35 17 Tommy Skeide

6. Klippfisk 7-/7 bb 30 8 Tommy Skeide

Generellt Koparstadhola er eit utprega sportscrag. Alle rutene her er overhengande.

Steinkvaliteten er bra, men to fenomen reduserar inntrykket: Salt og sand.

Saltet fører til at veggen trekker til seg vatn. Feltet er derfor best på tørre og kalde

dagar med litt trekk frå sør. Det kan vere litt sand på taka, dette har bedra seg

mykje. Innst i hola veks ein sjeldan og truga plante; Havburkne. Det er særs vikteg

at vi ikkje legg att spor i dette følsome miljøet.

Adkomst I Fosnavåg, følg skilting til Nerlandsøy. Rett etter brua på Nerlandsøy, ta

av mot Koparstad. Køyr vegen til ende. Gå utover etter fjøresteinane til du treff

hola. Hola er like rundt neset i Skorpesundet. Litt klyving den siste biten før hola.

Gåturen tek 20-30 minutt.

Notten vest og sør

Alle ruter gått i april og mai 2000

Alle ruter er naturleg sikra, sjølv om

“Notthing Hill” førebels berre er topptaua

Alle ruter er ca 15 meter, sjølv om det

kan bli nokre meter ekstra vassing for å

nå standplass.

Unntak; Rute 14 og 15 er ca 12 og 10

meter lange.

Fare: Noko lausgods på nokre ruter.

Bruk hjelm!

Tilkomst; Gå skogsveg frå “kjeldevatnutkøyrsla”

mellom Strandkrysset og

Saunesmarka, Gå til du er nesten heilt

Notten Vest

til endes av vegen høgt i plantefelt med

smågran.Få meter til høgre vil du då

kunne bikke over kanten mot

Strandabøen. Gå ned på sørleg side av

fjellknausen. (8-12 minutt)

Navn Grad Kreatør

Notten Sør

3. Busstoppen 4- Sølve Hatlen og Henning Stephan

4. ...... Ikkje gått

5. Nottarius Strand“s Rute 5 Oddbjørn Berge og Øyvind Kvålsvoll

6. Notthing Hill 4+ Oddbjørn (på topptau)

7. Vegen til førarkortet. 4+ Oddbjørn Berge og Olav L.Gundersen

8. ABS (anti blokk sanksjon) 5+ Oddbjørn Berge og Øyvind Kvålsvoll

9. Forbikøyringa 5 Oddbjørn Berge og Øyvind Kvålsvoll

10. Strandcruxet 5+ Oddbjørn Berge og Øyvind Kvålsvoll

11. Tungtransporten 6 Oddbjørn berge og Inger Nelly Skoge

12. Kvålsvoll“s Trapp 5- Øyvind Kvålsvoll og Oddbjørn Berge

13. Skrekken 5+ Oddbjørn Berge og Inger Nelly Skoge

14. Berge“s Parkett 4 Oddbjørn Berge og Inger Nelly Skoge

15. Skoge“s Pinnakkel 4 Inger Nelly Skoge og Oddbjørn Berge

Igesund Oppe

Navn Grad Lengd Kreatør

1. 5- 40m Sølve og Frede Hatlen

2. 5+ 20m Sølve og Frede Hatlen

3. Flaket 4+ 20m Sølve og Frede Hatlen

4. 4 15m Sølve og Frede Hatlen

Alle rutene her er kilesikra

Dette feltet er eit av dei flotte felta som

Sølve og Freda har «oppdaga» i sommar.

Nokon hugsar kanskje ein eklogitthammar

som Hatlen brødrene og

Henning Stephan oppdaga i fjor. Den

som såg bra ut, men som var veeeldig

laus... Denne klippen ligg litt høgare

oppe, men omlag på same staden.

Steinkvaliteten her er flott og fast

gneiss, med riss å sikre i. Vi vil kome

tilbake med skisse over heile Igesund

feltet ved eit anna høve. Igesundfelta

har no tre sektorar; Oppe, midten og

nede. Alle tre sektorane har glimrande

kvalitet, men på nedre del er kvaliteten

heilt i særklasse. Beste kilerutene på

sunnmøre?

Igesund Mellom

Navn Grad Lengd Kreatør

1. 5 12m Sølve og Frede Hatlen

2. 6- 12m Sølve og Frede Hatlen

3. 6- 12m Sølve og Frede Hatlen

4. 6 20m Sølve og Frede Hatlen

5. 7- 12m Sølve og Frede Hatlen

6. 7- 12m Sølve og Frede Hatlen

Sølve og Frede bora alle rutene her på

to raske dagar. Resten av sommaren

fekk dette feltet ingen besøk, før det

vart «fødd på ny» i haust. Feltet har

flott boltesikra svaklatring i veldig godt

fjell. Veggen ser heilt glatt og jamn ut,

men taka er kreative og små. Risset

som deler veggen er gått på kilar (nr 4)

og kan anbefalast på det varmaste.

Dette er flott svaklatring som er svært

forskjellig frå td Gjerdsvika.

Adkomst: 100m før brua til Nerlandsøy,

sving til venstre. Køyr vegen til endes.

Parker slik at bonden kjem seg fram. Gå

viare ut mot grind og følg sti omlag

500m rett fram. Då kjem du til ein 30m

smal dal der du ser ein lys, grå klippe i

enden. Gå mot den.

I said hey,

whats going

on?

Metervis med spalter har vore skrive om

korleis musklar skal bli 10% meir

effektive og korleis tøye dine lemmar til

uante ekstremitetar. Begrep som

heelhocking, twisted knee, catche,

layback, jamming og mykje meir

beskriv teknikkar som ein stakkar kan

bruke for å redusere verknaden av store

G. Kva er det som manglar opp i alt

dette. Kva er det ingen skriv om?

Hjerna. Inne i denne grå svampaktige

klumpen hender det mykje rart. Millioner

av hjerneceller virkar i lag på

mystisk vis. Her inne blir ordre gitt til

kvar enkelt muskel, her bestemmer vi

oss for og gi oss, og her inne kan vi bli

enormt motivert og tilsvarande slapp.

Alle desse prosessane er naudsynte for

å overleve kvardagen, og den vertikale

delen av den.

Er det mogleg å trene hjerna? Kan ein

lære seg å styre tankeprosessane til

eigen fordel. Kan ein innsjå

samanhengar, og deretter endre

haldningane? Eller er alt dette bestemt

av vår genetiske DNA kode? Er vi

passasjer av vår eigen psyke, eller kan

vi setje oss bak spakane?

Redd for å ramle

Når ein snakkar om psyke i kla

tresamanheng er det mange som tenker

på frykta for å ramle. «Han har god

psyke» høyrer vi når nokon går uredd

over førre bolt for å klippe den neste.

Denne setninga blir ofte brukt til å

konstatere at klatraren har eigenskapar

som er medfødte. Det tilskuaren ikkje

ser, er all erfaring som ligg bak. Vi veit

at araknofobikarar kan trene seg opp til

å leike med knytnevestore edderkoppar.

Dei fleste andre fobiar kan og

kurerast med ganske enkle grunnprinsipp;

•Gradvis meir eksponering av det som

gjev frykt.

•Auke kunnskapen om det som gjev

frykt.

Dette gjeld sjølvsagt og for Klatring,

eller frykt for å ramle.

Negativ tilbakemelding

Dette fenomenet er det som har størst

negativ virkning på klatreglede og

klatreferdigheit. Klatring som røyrslemønster

har eit binært resultat; Enten så

klarer du det, eller så klarer du det

ikkje. 1 og 0. Sjå for deg avsparket på

Hødd ein søndag. Ein av spelarane

spring 15m før han stoppar heilt opp.

Han må berre gi seg. Det at ein ikkje

klarer det er ei ganske sterk negativ

tilbakemelding å få. Dette binære

resultatet blir deretter ofte samanlikna

med andre i nærleiken. Når det gjeld

klatring må ein vere klar over følgjande;

Det er mogleg å øve inn ruter som er

heilt umogleg ved første forsøk. Det

vert derfor heilt gale når vi samanliknar

oss med andre som «kan» ruta. Mange

vil hevde at dei ikkje tek det så nøye,

og at dei ikkje bryr seg med egne

prestajsjonar. For desse er opplevelse

kanskje den viktegaste komponenten i

klatring. For dei aller fleste vil nok

mestring vere ein sentral del av klatringa.

Gleda i å klare vanskelege ting.

Kva strategi skal vi så ha for å takle

mangel på mestring?

• Samanlikningsgrunnlaget må vere rett.

Vi må ikkje vere så raske til å dømme

oss sjølv. Dersom vi prøver ein gong til

har vi større sjangsar for å klare det

(Også på lang sikt sidan treningseffekten

er større). Dei andre som

klarer det har nesten alltid trent meir

enn deg.

• Vi må finne eksterne årsaker til at vi

feilar, her er nokre forslag:

-Eg er for lang

-Eg er for kort

-Kalken er dårlig

-Skorne er for trange, osv.

• Å forbinde tyngde med positive

følelsar. Tenk kor god trening du får når

du slit. Meir trening enn nokon som

klarer det lett.

Vaktliste klivrehallen

tusenårsvinteren

Vnr. måndag torsdag

01 Oddbjørn

02 Kristin Øyvind

03 Frode Sølve

04 Tommy Mari Louise

05 Kari Brita

06 Kristin Henning

07 Frode Oddbjørn

08 Øyvind Tommy

09

10 Henning Sølve

11 Mari Louise Brita

12 Kari Kristin

13 Oddbjørn Frode

14 Øyvind Mari Louise

15 Sølve Tommy

16

17 Kristin

18 Kari Henning

19 Brita Oddbjørn

Telefonliste vakter:

Tommy; 90 97 14 18/

70 01 22 16

Frode 70 01 60 36/

Mari Louise 70 01 17 11

Brita 70 01 24 06/

70 01 09 05

Øyvind 90 59 05 97

Sølve 70 08 91 25

Henning 70 08 66 80

Oddbjørn 70 01 26 49

Kari 95 10 80 57/

70010045

Kristin 70 01 22 16

Retur:

Ulstein Klivrelag

pb 365

6067 Ulsteinvik

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!