25.09.2013 Views

Stendx.pdf - Hordaland fylkeskommune

Stendx.pdf - Hordaland fylkeskommune

Stendx.pdf - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

11ORI~ALAND FYLKESKOMMUNE * STEND HOVEDGÅRD - HAGEPROSJEKT L~J:~

PLANMATERIALET

Ved utarbeiding av forprosjektet som her ligg føre, har ein

vesentleg del av målsettinga vore, på bakgrunn av historisk

dokumentasjon, å konkretisere og synleggjere korleis

renessansehagen på Stend kan restaurerast eller

rekonstruerast i vår tid.

Fram til i dag har det vore lagt ned eit stort og omfattande

arbeid med å samle og systematisere skriftlege kjelder, kart

og foto, og på den måten påvise og sansynleggjere korleis

hagen ein gong var. Carl W. Schnitler sitt bidrag til dette i

hans bokverk, «Norske Haver i gammel og ny tid», som

utkom i 1916 og Magne Bruun si «Norske hager gjennom

tusen år» (2007) er grunnstammen i dette bakgrunnsstoffet.

I tillegg har samrådingsgruppe Stend gitt eit sers interessant

bidrag til å klargjere og presentere det historiske stofftilfanget

etter gjennomgang av arkivstoff og andre kjelder.

Det er no hundreogfemti år sidan landbruksskulen vart

grunnlagt på Stend. Vi veit at forfallet av renessansehagen

var kome langt på den tid skulen starta, og etter den tid har

hagens mange detaljar blitt stadig mindre tydelege.

Men om det meste av fysiske spor er viska ut, finnest likevel

eit så betydeleg tilfang av dokumentasjon i form av kart og

skriftlege kjelder, at ei restaurering eller rettare, ein

rekonstruksjon vil la seg gjennomføre. Ein viktig føresetnad

er likevel at det vert gjennomført ei grundig undersøking av

grunnforholda og dei spor som gjøymer seg «under torva»

Geo-radar er eit viktig instrument i den samanhengen, men

også andre former for graving etter såvel botaniske som

arkeologiske spor. Dette arbeidt bør få første prioritet i det

vidare planarbeidet.

Med tanke på den eineståande kulturhistoriske og

hagekunstneriske verdien anlegget vil ha for Bergen og vårt

land, er det helst på høg tid at dette arbeidet kjem inn i en ny

fase, der den fysiske gjennomføringa er prioritert målsetting.

SVEINUNG SKJOLD - PROFESSOR EM. I LANDSKAPSARKITEKT MNLA

FORPROSJEKT

«Åpne døra på gløtt»

Det historiske kartmaterialet, som strekker seg over meir enn

to hundre år, gjev ikkje noko eintydig svar på hagen si

hovudform eller detalj ar. Det er betydelege avvik, som dels

kan vere vanskeleg å finne klare svar på.

I forprosjektet har ein i stor grad teke utgangspunkt i Carl

W. Schnitler si hageskisse og hans vurderingar, presentert i

1916 i det store bokverket «Norske haver i gammel og ny tid».

Ein legg til grunn at Schnitler var godt kjend med heile det

historiske kjeldematerialet, og at han gjorde sine vurderinger

ut frå sin bakgrunn som kunsthistorikar, og sitt omfattande

kjennskap til hagekunst generelt, og til anlegg av liknande

karakter.

Det hindrar likevel ikke at ein i det vidare planarbeidet må

vere open for endringar, når nye, og gjerne avvikande funn

gjer det klart at løysinga som er vald ikkje er den beste.

Etter så mange år med omfattande forfall må ein likevel ha

klart for seg at ikkje alt vil kunne dokumenterast like

grundig.

Når ein skal gå vidare med prosjektet på ein forsvarleg og god

måte, er viktig å etablere god kontakt mellom den ansvarleg

prosjekterande person eller firma og ei styringsgruppe der

eit relevant forskningsmiljø vert representert, og kan bidra

med kunnskap ut over den som alt er kjend og tilgjengeleg.

Forprosjektet rår til å strukturere oppgåva i fem deiprosjekt,

som kan sjåast kvar for seg, men som også grip sterkt inn i

kvarandre.

«pÅ STADEN INVENTERING»

Som prioritert oppgåve bør det utførast ei grundig

«På staden inventering» av alle relevante fysiske spor etter det

historiske, nær tre hundre år gamle hageanlegget. Det gjeld

såvel botaniske spor som mogeleg lokalisering av dammar,

kanalar, steingjerde, stiar, vegar og plantebed. Dei funn som

vert gjort bør så, så godt det let seg gjere, innarbeidast i den

endelege planen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!