23.09.2013 Views

Europeisk Ten Sing-festival - Norges KFUK-KFUM

Europeisk Ten Sing-festival - Norges KFUK-KFUM

Europeisk Ten Sing-festival - Norges KFUK-KFUM

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

side

LiV III

LiV III – Ei annleis påskefeiring

Øyvind Hagen

I år bestemte 14 unge K/M’arar

seg, frå Alta i nord til Stavanger

i sør, for å feire påske på ein litt

annan måte enn vanleg. På ein

hufsete april dagen sette vi kurs

for The Dark Continent. Afrika og

Kenya var målet.

Etter litt om og men kom vi alle fram til Nairobi og

Ufangamano House. Iløpet av turen var vi på vitjing på

forskjellige YMCA og YWCA branches (einingar). Det

var stor skilnad på både arbeid og arbeidsforhold på

dei stadane vi var, og det er noko som skildrar Kenya

godt. Det er også stor skilnad på fattig og på rik, og

dessverre så altfor mange fattige.

Den vitjinga som gjorde størst inntrykk på oss alle var

nok den dagen vi var i Kibera-slummen i Nairobi. I

denne slummen bur det mellom ein og to millionar

menneske, som myndigheitene ikkje vil verken

vedkjennast eller hjelpe. Difor er mange av dei som

bur der avhengige av hjelpa frå dei organisasjonane

som driv hjelpearbeid i området. YMCA og YWCA gjer

her ein stor innsats gjennom å drive skular i slummen.

Det som var overraskande på mange av oss var den

varmen og gleda vi vart møtte med. Sjølv om folk ikkje

hadde mykje, og ikkje hadde det særskilt bra, hadde

dei ei livsglede og eit engasjement utanom det vanlege.

Noko å tenkje på for oss som bur i eit så materialistisk

samfunn.

Vi var og å vitja einingar som jobba imot omskjering

av kvinner. Dette er eit stort problem på mange stader

i Kenya, men det er håp om at det på lang sikt skal

verte ein praksis som vil falle bort. Eit besøk på ein

skule som tok seg av foreldrelause born gjorde og

stort inntrykk. Mange born i Kenya har mista ein eller

begge foreldra grunna HIV/AIDS, og smitta sprer seg

stadig. Det er sett i verk mange kampanjer mot HIV/

AIDS problematikken, men det er fortsatt eit særs

tabubelagt emne for mange.

TTC, TenSing Training Camp var den mest inspirerande

delen av turen. I fire dagar var vi saman med ungdom

frå Kenya, for å lære dei om TenSing ideologien som

har vorte så populær her heime. Her fekk vi møte, bli

kjend med, snakke, utveksle erfaringar, inspirere og

ikkje minst verte inspirert av kenyansk ungdom. Sidan

Kenya er ein tidlegare britisk koloni (fram til 1964)

snakka alle engelsk, så det var sjeldant problem med

å gjere seg forstått. Ein opplevelse vi hausta mange

gode idear og erfaringar med, som vi nok vil ha stor

nytte av i K/M arbeider her heime.

LiV III var delt opp i tre delar; Vitjingar hjå

einigane, TTC, og tilslutt ein eigen kursdel om m.a.

turplanlegging. Kurset er eit tilbod til dei som har gått

på LiV-kurs, og er over 18 år. I år er det andre gongen

LiV III vart heldt, som eit prøveprosjekt. Det skal no

opp til vurdering om ein vil fortsette å ha kurset på

same vis, eller om ein vil ha endringar på opplegget. Vi

som var deltakarar denne gongen var særs fornøgde

med opphaldet i Kenya, og håper at KFUK-KFUM vil

fortsette med LiV III.

Etter 14 fantastiske dagar i Kenya sit vi igjen med

erfaringar og opplevingar vi vil ha for resten av livet.

Ein inspirasjon og ein tankevekkjar i arbeidet vårt og

i dagleglivet vidare.

PS! Tusen takk til krinsen for stønad til turen!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!