18.09.2013 Views

Informasjon frå Den norske kyrkja konfirmant.no

Informasjon frå Den norske kyrkja konfirmant.no

Informasjon frå Den norske kyrkja konfirmant.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Informasjon frå Den norske kyrkja

SJÅ FILM:

konfirmant.no

2

Kan kjærleik overvinne alt?

Finst Gud?

Og gjekk Jesus på vatnet?

Det er mange spørsmål, men ikkje

alltid lett å finne svara.

Konfirmasjonstida i kyrkja gir deg høve til å

finne ut kva du trur

lære meir om Bibelen

samtale om kristen tru

bli kjend med kyrkja

få nye tankar om livet

engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet

TIL DEG SOM FYLLER 14 I ÅR

KYRKJA INVITERER DEG TIL Å VERE KONFIRMANT. NO ER VALET DITT.

Enten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja.

I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske

nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet – på

godt og vondt, om kjærleik og om Gud. Samstundes får du oppleve mykje nytt.

BLI MED på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen.

2 13

KONFIRMANT

3

4

KVA SKJER I KONFIRMASJONSTIDA?

Sjølve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerer

avslutninga på ei spennande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære,

skape og erfare.

Opplegget for konfirmasjonstida varierer frå stad til stad. Men denne tida vil alltid

innehalde ulike opplevingar, undervisning og samtalar om kristen tru og

utfordringane i livet.

Du vil også bli kjend med kyrkjeromet og vere med på gudstenester.

Alle har rett til ei god konfirmasjonstid.

Dersom du har behov for tilrettelegging,

tek du og familien kontakt med kyrkja di.

Ein viktig del av konfirmasjonstida er å dele erfaringar med andre. Difor reiser dei fleste

konfirmantgrupper på turar eller arrangerer andre aktivitetar. For mange er konfirmantleiren

høgdepunktet dette året.

Alle kyrkjelydar inviterer til registrering til konfirmasjon. Informasjon om tidspunkt for dette

kjem direkte frå kyrkja der du bur. Dersom du lurer på kva for ei kyrkje du høyrer til, kan du

sjekke det på konfirmant.no eller kyrkja.no.

2 13

KONFIRMANT

5

6

KVA ER KONFIRMASJON?

Mine kjære, lat oss elska kvarandre,

for kjærleiken er frå Gud

og kvar den som elskar, er fødd av Gud

og kjenner Gud.

Johannes’ fyrste brev 4,7

Bibelen fortel at dåpen er Guds gåve til oss. Dåpen er eit

synleg teikn på Guds kjærleik, og på at den døypte er ein del

av kyrkja.

I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling.

Ordet konfirmere tyder å stadfeste eller styrke. Det er ikkje

ein føresetnad for konfirmasjonen at konfirmanten skal stadfeste

noko, det er Gud som stadfestar lovnadene sine slik dei

første gongen vart gitt i dåpen. Konfirmasjonstida gir deg eit

høve til å bli kjend med trua.

Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantane

kjem fram og kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantleiaren

din ber for deg.

2 13

ER DU IKKJE DØYPT?

KONFIRMANT

Om lag 44 000 ungdomar blir

konfirmerte i Den norske kyrkja

kvart år. 1400 av desse blir

døypte under konfirmasjonstida.

Alle kan delta i konfirmasjonstida.

Dåpen er ein føresetnad

for å ta del i den avsluttande

forbønsgudstenesta. Dersom du

ikkje er døypt, kan du vere med

i konfirmasjonstida, bli kjend

med trua og velje om du vil bli

døypt undervegs.

7

8

Ved sida av å lære om Gud, Jesus og

Bibelen lærte vi om menneskerettane

og om rettferd i verda. Vi hadde og ein

fasteaksjon. Noko at det finaste med

konfirmanttida var fellesskapet.

Othilia, konfirmant 2011

Eg ville konfirmere meg fordi eg er

litt nysgjerrig på Gud og på livet.

Og så synest eg det er litt trygt å

tru på Gud. Det er spennande å

lære meir om Gud og Jesus.

Siri-Kirsti, konfirmant 2011

Eg valde å konfirmere meg i kyrkja fordi

bror min hadde gjort det og han sa at det

var veldig bra. Konfirmanttida har vore heilt

fantastisk og leiren var høgdepunktet.

Ole Martin, konfirmant 2011

DØME PÅ TEMA I KONFIRMANTTIDA

Gud, Jesus og Den heilage ande

Menneskeverd og menneskesyn

Sorg og glede,

godt og vondt

Vennskap og relasjonar

Gudstenesta

Kjensler og grenser

Song og musikk

Bibel og bøn

Tilgjeving og forsoning

Kropp, sjølvbilde og identitet

Sjølvstende og tilhøyring

Rett og gale

Nattverd

2 13

KONFIRMANT

Kjærleik, seksualitet og samliv

9

10

VI OG VERDA

Jesus lærte oss mykje om korleis vi menneske skal leve

saman, og korleis vi skal ta vare på kvarandre og den

verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmasjonstida.

Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er

viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av

klima og miljø er mellom oppgåvene våre. Desse utfordringane

treng engasjerte unge som kan jobbe for å

skape ei meir rettferdig verd – lokalt og globalt.

Når du fyller femten år, er

du religiøst myndig. Då kan

du mellom anna bruke den

kyrkjelege stemmeretten din

ved kyrkjeval. Dette er ein av

måtane du kan nytte for å

påverke det som skjer i kyrkja.

UNG I KYRKJA

Du vel korleis du skal engasjere deg i kyrkjelyden etter konfirmasjonen. Du høyrer alltid til i kyrkja

– enten du vel å bli med i ungdomsarbeidet, eller du vel å kome til kyrkja ved dei store høgtidene.

Dei fleste stader finst tilbod til unge i kyrkja og i organisasjonar som driv kristent ungdomsarbeid.

Dette blir du kjend med i konfirmasjonstida.

Vi håper det du får oppleve i konfirmasjonstida kan hjelpe deg når du gjer viktige val i livet.

Velkomen som konfirmant i Den norske kyrkja!

2 13

KONFIRMANT

11

12

ENGASJER DEG

– Menneske i Tanzania og Noreg bur i ulike land,

men eigentleg er vi ganske like, seier dei to konfirmantane,

Maria frå Moelv og Jostein frå Toten.

Dei har vore i Tanzania. Der møtte dei Yohana og

Leah. Gjennom Kirkens Nødhjelp sitt arbeid får dei

nye sjansar. Konfirmantar over heile landet samlar

i fastetida inn pengar til dette arbeidet, og mange

er med på underskriftsaksjonar. I konfirmanttida

får du høve til å vere med på fasteaksjonen til

Kirkens Nødhjelp.

www.kirkensnodhjelp.no/aksjonen

Kirkens Nødhjelp kjemper saman med menneske over

heile verda for å avskaffe fattigdom og urett. Kirkens

Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg organisasjon for global

rettferd. Organisasjonen gir naudhjelp i katastrofar og

jobbar på lang sikt for utvikling i lokalsamfunn. Kirkens

Nødhjelp påverkar styresmakter, næringsliv og religiøse

leiarar for å fjerne grunnar til fattigdom.

Det er jo genialt!

Jostein frå Toten

Om spare- og lånegruppene

han og Maria vitja.

Har du lyst til å vere med

og endre verda?

2 13

KLART VI KAN

ENDRE VERDA!

KONFIRMANT

Synest du verda er urettferdig? I konfirmanttida kan

du gjere noko med det! Changemaker er Kirkens

Nødhjelps ungdomsorganisasjon, og mottoet vårt er

«Klart vi kan endre verda». Vi jobbar med å påverke

dei som bestemmer, både i Noreg og internasjonalt,

til å fatte vedtak som skaper ei meir rettferdig verd.

Changemaker har rundt 1500 medlemar mellom

13 og 30 år, og vi har lokale grupper rundt om i

heile landet.

Har du lyst til å vere med og endre verda?

Sjekk www.changemaker.no for å bli medlem, for

å leite opp di lokale gruppe, delta i våre kampanjar

eller bli med på leir eller andre arrangement.

Vi håper å møte deg i løpet av året!

13

14

Å LEVE I VERDA

Verda er forunderleg! Korleis er alt dette blitt til? Står nokon bak livet som yrer og vrimlar rundt på jorda?

Er det nokon som har laga oss, som kjenner oss og som vil oss noko? Eg trur det. Eg trur det finnest ein

Gud som har skapt alt og alle. Eg trur at Gud er kjærleik. Det trur eg ikkje fordi alt i verda er fylt av

kjærleik, for slik er det langt frå. Eg trur Gud er kjærleik fordi Jesus både seier og viser oss at det er slik.

Vi ynskjer at du skal få eit sterkt og godt liv der du kan tru på Gud og Guds kjærleik, og vere med å

gjere denne kloden til ein betre stad å leve for alle.

Eg håpar du blir med som konfirmant!

Venleg helsing

Halvor Nordhaug

biskop i Bjørgvin bispedøme

LURER DU PÅ KVEN DU SKAL TA KONTAKT MED?

Her finn du telefonnummeret til kyrkjekontoret der du bur. Der vil dei også kunne svare deg på

når og kvar du kan melde deg inn. Dersom du ikkje veit kva for kyrkjelyd du høyrer til i, kan du

gå inn på konfirmant.no eller kyrkja.no og søkje under «Finn menighet».

Alversund 56 35 73 70

Arna 55 36 22 70

Arnafjord 57 69 82 91

Ask 56 15 71 00

Askvoll 57 73 06 02

Askøy 56 15 71 00

Aurland 57 63 29 95

Austrheim 56 16 72 90

Austevoll 55 08 26 00

Balestrand 57 69 16 80

Bergen

domkirke

55 59 71 70

Bergsdalen 56 59 39 20

Berle 91 70 65 95

Birkeland 55 36 22 87

Biskopshavn 55 36 22 30

Bjordal og

Ortnevik

57 71 41 10

Blomvåg 56 38 22 40

Breim 57 86 56 16

Brekke 57 78 20 70

Bremanger 91 70 65 95

Bremnes 53 42 32 89

Bru 57 75 25 30

Bruvik 56 19 22 80

Bømlo 53 42 32 89

Bønes 55 30 81 71

Dale/Luster 57 68 56 40

Dale/Vaksdal 56 59 39 20

Davik 91 70 65 95

Eid 57 86 17 55

Eidfjord 53 66 52 51

Eidsvåg 55 30 81 90

Eikefjord 57 75 25 30

Eksingedalen 56 59 39 20

Erdal 56 15 71 00

Ervik (Selje) 97 99 04 49

Etne 53 77 11 70

Evanger 56 52 38 80

Fana 55 59 32 63

Fedje 56 16 43 35

Feios 57 69 15 48

Fet og

Joranger

57 68 56 41

Fitjar 53 45 85 00

Fjaler 57 73 97 70

Fjelberg og Eid 53 46 13 13

Fjell 55 09 74 40

Fjærland 57 67 99 85

Fortun 57 68 56 40

Fresvik 57 69 15 48

Fridalen 55 30 81 20

Frøya 91 70 65 95

Frøyset 56 16 62 61 /2 /3

Fusa 56 58 01 81

Fyllingsdalen 55 59 71 43

Førde 57 82 81 80

Førde/Sveio 53 74 84 20

Gaular 57 71 63 33

Gaupne 57 68 56 40

Gimmestad 57 86 56 16

Gjerstad 56 19 22 80

Granvin 56 52 40 14

Gulen 57 78 20 70

Hafslo 57 68 56 41

Hatlestrand 53 46 13 00

Hamre 56 19 22 80

Haus 56 19 22 80

Helgheim 57 72 85 06

Herdla 56 15 71 00

Hjelme 56 38 22 40

Holmedal/

Husnes

53 48 27 40

Holsen og

Haukedalen

57 82 81 80

Hosanger 56 19 22 80

Hornindal 57 87 48 13

Hundvin 56 36 95 30

Husnes 53 48 27 40

Hyen 57 86 56 16

Hyllestad 57 78 85 65

Høyanger 57 71 41 00

Innvik 57 87 48 13

Jondal 53 66 84 37

Jostedal 57 68 56 40

Kaupanger 57 67 99 85

Kinn 57 75 25 30

Kinsarvik 53 67 15 40

Kjølsdalen 57 86 17 55

Kvinnherad 53 46 13 00

Kyrkjebø 57 71 41 00

Laksevåg 55 59 32 30

Landås 55 36 22 00

Lavik 57 71 41 10

Leikanger i

Sogn

57 67 99 85

Leikanger

(Selje)

97 99 04 49

Lindås 56 36 95 30

Loddefjord 55 30 81 60

Loen 57 87 48 13

Lygra 56 35 73 70

Lykling 53 42 32 89

Lærdal 57 64 12 41

Løvstakksiden 55 30 81 30

Meland 56 17 14 80

Midtgulen 91 70 65 95

Mjømna 57 78 20 70

Mo 56 59 99 61

Moster 53 42 32 89

Myking 56 36 95 30

Naustdal 57 81 82 40

Nedre Årdal 57 66 51 80

Nedstryn 57 87 48 13

Nes 57 68 56 40

Nesheim 56 59 39 20

Nordal 57 75 25 30

Nordsida 57 87 48 13

Norum 57 67 99 85

Nygård 55 30 81 80

Nysæter 53 40 34 30

Odda 53 65 09 00

Olden 57 87 48 13

Olsvik 55 30 81 70

Onarheim 53 43 71 20

Oppheim 56 52 24 73

Oppstryn 57 87 48 13

Os 56 57 24 00

Ostereidet 56 35 72 30

Radøy 56 34 98 40

Randabygd 57 87 48 13

Raundalen 56 52 38 80

Reksteren 53 43 71 20

Rugsund 91 70 65 95

Røldal 53 64 71 40

Salhus 55 36 22 40

Samnanger 56 58 90 10

Sandnes 56 16 62 61 /2 /3

Sandviken 55 59 71 30

Seim 56 35 73 76

Selje 97 99 04 49

Skare 53 64 71 40

Skjold 55 59 71 11

Skånevik 53 77 11 70

Slettebakken 55 59 71 52

Solheim 56 16 62 61 /2 /3

Solund 47 66 96 20

Solvorn 57 68 56 41

Stamnes 56 59 39 20

Stedje 57 67 99 85

Stord 53 40 34 30

Storetveit 55 30 81 18

Strandebarm 56 55 18 88

Strusshamn 56 15 71 00

Stårheim 57 86 17 55

Sund 56 31 90 80

Sveio 53 74 84 20

Sælen 55 59 71 95

Særdal 57 64 12 00

Søreide 55 59 71 84

Tveit 56 15 71 00

Tyssedal 53 65 09 00

Tysnes 53 43 71 20

Uggdal 53 43 71 20

Ullensvang 53 67 15 40

Ulvik 56 52 68 00

Uskedalen 53 48 27 40

Utne 53 67 15 40

Utvik 57 87 48 13

Vaksdal 56 59 39 20

Valestrand 53 74 84 20

Vangsnes 57 69 82 91

Varaldsøy 53 46 13 00

Vereide 57 86 56 16

Vevring 57 81 82 40

Vik 57 69 82 91

Vike 56 35 72 30

Vikøy 56 55 18 88

Vinje 56 52 24 73

Voss 56 52 38 80

Vågsøy 57 84 51 70

Ytre Arna 55 36 22 70

Ænes 53 46 13 00

Ølve 53 46 13 00

Øvre Årdal 57 66 53 78

Øystese 56 55 18 88

Åkra 53 46 13 00

Ålfoten 91 70 65 95

Ålhus 57 72 85 06

Ålvik 56 55 18 88

Årstad 55 59 32 90

Åsane 55 36 22 50

15

Løyve til at dette heftet kan sendast til alle som er fødde i 1998 og adresse-

Døvekyrkjelydane har eige konfirmanttilbod.

Kontaktinfo. Døves menighet i Bergen:

Telefon: 55 56 41 40

SMS: 91 69 08 63

www.dovekirken.no/bergen

Konfirmant 2013 er utgitt av

Kyrkjerådet og bispedøma i

Den norske kyrkja, i samarbeid

med og med støtte frå

Kirkens Nødhjelp.

Avsender: Bjørgvin bispedøme, Postboks 1960 Nordnes, 5817 Bergen

Utanlands neste år?

Du kan vere knytta opp til ei

av sjømannskyrkjene rundt om

i verda og ha konfirmasjon der

eller i eigen kyrkjelyd i Noreg.

Det er også mogleg å vere

«nettkonfirmant». Kontakt

www.sjomannskirken.no

eller www.nettkirken.no

Kyrkja der du høyrer til sender òg ut

informasjon om konfirmantopplegget.

Anna kyrkjesamfunn?

Tilhøyrer du eit anna kyrkje-

samfunn enn Den norske kyrkja?

Dei fleste kyrkjesamfunn tilbyr

opplæring for deg som er i

konfirmantalderen. Ta kontakt

du tilhøyrer, og spør om

informasjon.

9BbdNN

NORDISK MILJØMÆRKNING

541 006

Tryksag

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!