16.09.2013 Views

kontakt_2-13.pdf (4,3 Mb.) - Riska Kirke

kontakt_2-13.pdf (4,3 Mb.) - Riska Kirke

kontakt_2-13.pdf (4,3 Mb.) - Riska Kirke

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lauvås

bedehus

100 år

Ein fabel fra India seier at

seks blinde menn ville finna

ut korleis ein elefant såg ut.

Dei traff på ein elefant, og ein av dei tok

på sida: Som ein vegg, sa han. Den neste

meinte elefanten var som eit spyd, for han

fekk tak i tanna. Han som hadde armane

kring foten, meinte dette måtte vera som

ein trestamme. Men så var det han som

fekk tak i halen: Nei, elefanten er som ein

tau. Som ei vifte, sa han med øyra.

Merkeleg, sa han som kjende på snabelen:

Som ein slange! Alle hadde dei litt

rett.

Lauvås bedehus? Historie? Det kan bli

minst seks fortellingar! Religion er eit

mysterum. Somme blir begeistra og

somme blir redde. Faktisk er religon eit

mysterium ”tremendum et fascinosum”.

Det var latin, men seier at religion er eit

paradoks: ein kan bli redd og begeistra på

same tid.

Harde fakta er ein ting, men dei fleste

har forestillingar om bedehuset, slik som

eg, og desse forestillingar kan vera rette,

ut fra mine erfaringar. Dei seks blinde

hadde noko rett i omtalen av elefanten.

Historia enda slik: Dei starta å krangla om

kven som hadde rett!

Foto av bedehuset fra 1950-åra er mest

som det kunne vore fra 2013. Fasaden

mot vegen er slik i dag og. Treet er borte.

Det er asfaltert heilt inn til huset, men

skuten og fire vindu mot vegen er som

før. Huset blei bygd omkring 1885 som

skulehus. ”Fra Lauvaas og Eltervaag kreds

forelaa bud av kr. 600,00 for det gamle

hus med til- og underliggende grund (det

samme som kommunen nu eier) samt fri,

ferdigmuret grund til det nye skolehus

dessuten fri tomt til tumleplads. Dette

bud besluttedes enstemmig at tilraade

antat.”

36 namn står på ei ”Bidragsliste”. I

1914 var huset gjeldfritt. Folk flest betalte

fra 5 kr til 50 kr, mange betalte 10 eller 20

kr. Det er vanskeleg å finna namn på personar

i ”Lauvaas og Eltrevaag Kreds” som

ikkje står på lista. Ved å lesa protokollen

for huset, så meiner eg det er rett å seia

at for hundre år sidan var bedehuset ein

samlingsplass for alt folket. Dette var

neppe eit fenomen utan forhistorie.

Bedehusmiljøet var etablert med møte på

skulehuset, truleg heilt tilbake til 1880-åra.

Slik er det ikkje i dag. Det kan vera full

sal nå også, men då er det også fullt av

bilar på parkeringsplassen, og mange er

”tilreisande”. Etter mi vurdering var den

første etterkrigstid eit tidsskifte. Under krigen

var bedehuset mest den einaste samlingsplass

for folk. Eg hugsar fra tidleg på

1950-talet kven som var på møta. Det var

ikkje store flokken. Men på sundagsskulen

var det mange. Eg har samla på skriftlege

kjelder, så det er harde fakta eg viser til,

med namn fra protokollar. I slutten på

1950-åra var det 50-60 barn, seinare i

1960-åra 40-50. Det var store juletrefestar

på skulehuset. Nå er det bra med 10 barn.

To steg fram og eit tilbake eller

omvendt. Oppslutninga om bedehuset er

stabil og liten i dag. Det blei gjort forandringar

med huset sist i 1960-åra. I 1969

står det i protokollen at etter ”lang og

omfattende reparasjon og ombygging er

vi kommet til den store dag søndag 20.

april da vi skal ha åpningsfest.” Det står at

huset ”var stuende fullt. 120 mennesker

var samlet”. Det er fleire foto fra dagen. Jo,

det var utruleg mange også fra ”Lauvaas

og Eltervaag kreds” samla den dagen. 120

personar er nok det meste som kan pressast

saman. Det er temmeleg fullt med

70-80. På mange møte er det samla 10-

15-20 personar. Ikkje så mange altså. Men

det blir sagt at på større stader, så er det

ofte ikkje meir samla der til eit vanleg

møte. Relativt sett så er oppslutningen

om bedehuset altså bra på Lauvås.

Budskapet er det same. Hos profeten

Haggai står det ”Er det tid for dykk til å bu

i bordkledde hus, medan dette huset ligg

i ruinar.” Dette blei sitert på eit møte nå i

2013. Som ”ein blind mann” oppfatta eg

at det bordkledde huset var mitt sutelause

liv i gode materielle kår. Huset i ruinar var

situasjonen for kristendommen i vår tid.

Den historiske sida var tempelet i

Jerusalem som var øydelagt, men denne

historiske referanse var underordna tankar

om vår tid. Bedehustradisjonen står heilt

fritt til å ta fatt i formuleringar fra Bibelen

og tolka det ”slik det passar”. Denne

teknikken er innarbeidd i den såkalla

bedehusforkynning. Slik var det nok og i

1913!

Det store frafall. Årsaksforklaringar er

både kontroversielle og sjølvsagt spekulative.

Det er eit faktum at det er få fastbuande

i gamle ”Lauvaas og Eltervaag

kreds” som er å finna på Lauvås bedehus.

Mange har ikkje vore innanfor husveggen

sidan barndommen. Andre er flytta til

bygda og kjenner ikkje historia. Somme

har nok den oppfatninga at det er ei sekt

som har dette huset. Det er møte kvar

torsdag og av og til andre dagar og. Fra

talarstolen blir det ofte sagt: Det er trist at

ikkje fleire kjem til møta. Me ville så

gjerne hatt fleire med oss. Kvifor kjem

ikkje fleire? Ber me for lite? Inviterer me

ikkje?

Framtida for Lauvås bedehus? Det er

neppe lettvinte svar på spørsmålet. Det er

vel slik at med litt kjennskap til bedehuskultur,

så er det ” eit me og eit dei”.

Med dette ligg det både invitasjon og

fordømming i lufta. ”Dei”, er altså dei som

ikkje går på bedehuset, og heller ikkje i

andre kristne forsamlingar, dei er utanfor.

Det er stor fare for at ”dei er fortapte”.

Denne ”fordømminga”, innbilt eller reell,

lagar ein barriere. Det er bare forståeleg at

få vil gå inn ein plass der du i

utgangspunktet blir ikkje rekna som fullverdig,

for du er ikkje ”ein av oss”. Skal du

bli ”ein av oss”, så må du ”bli som oss”.

”Tremendum et fascinosum”. Religionen

er den same.

AV ENOK LAUVÅS

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!