12.09.2013 Views

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fleire og gode ved å utvida plangrensa. Det same området kan gje mogelegheiter for alternativ

trase for tilkomst til og frå ferjekaien. Dette er også framheva i stadanalysen.

Referanse punkt 6.-8.

Strandlinja nord/vest for ferjekaien er det fyrste ein møter ved innseglinga til Våge. I

dette området ligg det mykje areal som ikkje er utvikla og som bør sikrast for viktige

element i vidare utvikling av Fjordlandsbyen Våge. Stadanalysen nemner badeplassar

og eldrebustader. Noko av dette er allereie regulert. Det kan utviklast turområde heilt til

”Gjerslingane” og utbygging av hamna i Våge kan krevja tiltak langs denne strandlinja.

KONKLUSJON

Fastsetjing av plangrensa lyt ta høgde for ein Fjordlandsby for framtida. Sjølv om det er

knytta meirkostnadar til konsekvensutgreiingar ved å utvida plangrensene, bør ein sjå

på dette som ei langsiktig investering. Ei konsekvensutgreiing i seg sjølv vil gje verdifull

innspel til korleis ein kan utvikla området funksjonelt, trygt og miljøvenleg. Dei økonomiske

synergieffektane ein vil oppnå ved å leggja til rette for utvikling, vil i høgste grad

medvirka til å styrka, ikkje berre Våge, men heile Tysnes samfunnet.

Me meinar det vil vera svært uheldig å ikkje ta med dei områda som er utreda av eksterne

fagpersonar, på bestilling frå formannskapet. Arbeidsgruppa vil på det sterkaste

oppfordra formannskapet til å vurdera vårt forslag til plangrense. ”

Følgjande vurdering låg bak plangrensene i rådmannen si innstilling til 19.01.10:

• Plangrensene var i samsvar med formålsgrensene i arealdelen til kommuneplanen.

• Plangrenser utover arealgrensene i kommuneplanen vil automatisk utløysa

konsekvensutgreiing og ein tyngre og meir tidkrevjande planprosess.

• Reguleringsplanen skulle vera ein sentrumsplan, og nye arealformål skulle vurderast i

kommuneplanrulleringa.

Arbeidsgruppa peikar på at ei konsekvensutgreiing (KU) i seg sjølv vil vera verdifull. Dei

same signala har kommunen fått av fylkesmannen. Ser me bort frå kostnader,

arbeidskrevjande planprosess og tidsperspektiv, kan rådmannen vera samd i denne vurderinga.

Våge har ein planmessig vanskeleg topografi, og har hatt ei lite planstyrt utvikling. Tiltak som

er sett i gang har nok eit større arealbehov enn det er plass til i Våge. Særleg når ein tek omsyn

til ei stadig aukande trafikkmengde på riksvegen, med krav til busslommer, gangvegsystem,

større bil- og busshaldeplass, utviding av ferjekai, og plass for barn og unge, osv.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at det vil verta kamp om areala og arealkonfliktar. Slik sett kan ei

tverrfagleg konsekvensutgreiing vera god å ha i botn for kommunen i si vurdering før endeleg

vedtak. Me kan her berre nemna utfordringa som ligg i samfunnstryggleik og universell utforming.

Held kommunen framleis på å fylgja kommuneplangrensene, kan resultatet likevel verta at

ytre etatar krev planprogram og KU, og då kan prosessen gå tilbake til start.

Postadresse: Besøksadresse:

Rådhuset Telefon: 53 43 70 00

5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

51

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!