12.09.2013 Views

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Ferjekaien skal utvidast i år før ny og større ferje vert sett inn om eitt år med større behov for

biloppstillingsplassar. Det er vel også ganske klart at trafikkmengde vil auke med åra. Også at

ferjetrafikken vil gå over Våge i mange år, kanskje for all tid i forhold til lokaltrafikken. Kan

kommunen unngå krav om større kapasitet på trafikkavviklinga, og korleis kan dette kombinerast

med miljøgate?

Plangrenser.

Kommunen står framfor ei snarleg rullering av kommuneplanen. For å unngå full rulle med

planprogram og konsekvensutgreiing bør ein halda seg innanfor plangrensene i kommuneplanen.

På kommuneplanen ligg det meste av Vågeeigedomane i sentrum inne. Arbeidsgruppa for

stadanalysen har vurdert mange framlegg til arealgrenser, men det siste har vore frå nord på

ferjekaien til og med sjøsida av riksvegen i Svevågen i sør. Mot Lande har grensa vore vurdert

langs kommunevegen.

Skal ein fylgja kommuneplanen, må grensa mot Lande fylgja eigedomsgrensa mellom Lande

og Våge, og slutta av om lag midt i Svevågen.

Fagleg bistand.

Arbeidsgruppa har vore i møte med Asplan Viak i forhold til at dei også fylgjer opp stadanalysen

i reguleringsplanarbeidet. Slik innkjøpsreglane er no kan me ikkje unngå å ta vegen om

anbudsrunde.

Reint praktisk vil det vera slik at må me gå vegen om planprogram og KU, er me heilt avhengig

av tverrfagleg konsulentkompetanse. Kan me gå rett på oppstartmelding og deretter

planskildring, må kommunen ha ei fagleg miljøvurdering i forhold til – strandsona, -naust,

-barn og unge, -landskap/estetikk, -samfunnstryggleik og beredskap, -grønstruktur, -universell

utforming, -fritidsbustader, -støy, -barnehage og skular, -energi, -ureining, -areal og transportplanlegging,

-landbruk.

Organisering og medverknad.

Arbeidet med stadanalysen var organisert med formannskapet som styringsgruppe, arbeidsgruppe

som nemnt overfor, og ei referansegruppe som bestod av ytre etatar, og lag og ressurspersonar

i Våge. Ytre etatar var invitert, men deltok ikkje. Knut Rage gjorde ein god jobb

med det historiske oversyn av Våge. Dei andre deltok aktivt under kontordagen og med

innspel direkte til konsulenten.

Formannskapet bør vurdera kven ein skal dra med seg aktivt i ei arbeidsgruppe for reguleringsplanen.

Alt etter kor store endringar ein legg opp til, vil det verta ei krevjande oppgåve.

Drøfting:

Arealbruken i Våge sentrum har fram til no i stor grad vore grunneigarstyrt. Formannskapet

bør drøfta kva endringsnivå kommunen skal leggja seg på i forhold til slik arealbruken er i

dag. Og kva makt kommunen vil bruka i sin styringsrett. Signal om dette bør liggja i oppstartmeldinga.

Ytterpunkta vil vera å stadfesta den arealbruk som er i dag med innlagt krav i forhold til landskap,

bygningsestetikk, og bumiljø etc.. Det andre er å fylgja hovudintensjonane i

stadanalysen med endra arealbruk som skal blant anna leggja vekt på eit sterkt senter, gode

møteplassar, opningar mot sjø, og liv i sentrum også etter stenging av kontor og forretningar.

Postadresse: Besøksadresse:

Rådhuset Telefon: 53 43 70 00

5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

49

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!