12.09.2013 Views

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

det innspel på reguleringsplan for sentrumsområde og for Vee – Teigland. Dette for å få det

regulert før det kom for mange bygg som vanskeleggjorde planlegginga.

Fram mot kommunen sin første kommuneplan i 1983-84 (generalplan heitte det då) hadde

kommunen eit press for å gå inn med regulering og tilrettelegging i desse områda. I kommuneplan-prosessen

vart det då lagt inn forretning og servise område gjennom Våge sentrEum,

friområde i Peralio, og bustadområde på Vågsneset, og vidare i Våge, Vee, Teigland. I kommuneplanen

av 2004 er formålsgrensene om lag dei same, berre retta opp med dei endringar

som har komme ved hjelp av dispensasjonar frå planverket.

På grunnlag av vedteken kommuneplan i 1984 vart det i 1985 utarbeidt ein disposisjonsplan

for Våge sentrum, og vidare i Våge mot Vee og Teigland. I denne planen låg inne nye vegsystem

med ei ”Øvregate” frå ”Svingen”, overfor ungdomshuset mot kraftlaget og vidare ut i

Vee-Teiglandområdet med parallelle vegar mellom fylkesvegen og sjøen. Medan planlegginga

heldt på kom eit hus opp og stengde for vegtraseen som tok utgangspunkt i Nedre Klokkargardsvegen,

og litt seinare kom hus opp som stengde for vegen som hadde utgangspunkt i

vegen ned i Peralio.

Disposisjonsplanen av 1985 viste også ca. 100 nye hus i tillegg til dei 92 eksisterande husa i

Våge, Vee, Teigland området. Planen viste at eksisterande eigedomar vart avskorne og i

tillegg måtte desse eigedomane, i samsvar med refusjonsreglane, vera med å betala kostnaden

for ny og betre veg og kloakksanering, til liks med nye hus. Det har seinare ikkje vorte teke

skikkeleg tak i denne delen av planen som går mot Vee – Teigland.

Den 19. desember 1985 vedtok kommunestyret å setja i gang arbeid med reguleringsplan for

sentrum med utgangspunkt i disposisjonsplanen. På same tid la vegvesenet fram vegplan for

utviding av ferjekai. Samtidig også plan for gangveg gjennom sentrum, rundkøyring og utviding

i ”Sjurabrotet”. Formannskapet godkjende vegvesenet sin plan hausten 1987.

Bygningsrådet utsette reguleringsplanarbeidet i 1986 inntil vegvesenet sine planar var godkjent.

I oktober 1988 starta arbeidet opp att etter mykje att og fram med vegløysingar og om

”Øvregate” eller ikkje. I mellomtida hadde Tysnes Sparebank fått frådelt si tomt.

I 1989 og 1990 var det mange møte i bygningsrådet og felles møte med formannskapet og ytre

etatar. Det kom krav om -busslommer, -flytte avkøyrsle i rundkøyring, -fleire parkeringsplassar,

-samanhengande gangveg, -bygningsmiljø frå fylkeskonservatoren, -sentrumsanalyse,

-trafikktryggleik, -tilgjenge for funksjonshemma, - og plassar for barn og unge. I strid med

planframlegget var ”Triangel/Spar/Våge Eigedom” i denne perioden godt i gang med utviding

av forretningsbygget mot Ungdomshuset, og molo og parkeringsplass ved ferjekaien. Det som

no er bokhandel var også på planstadie. For å kunna få bygt gangveg forbi ungdomshuset, tok

vegvesenet kostnaden med å byggja deler av ”Øvregata” fram til ungdomshuset. Dette var ein

veg med felles interesse for grunneigarane. Kommunen tok på seg vedlikehaldet av vegen på

vilkår av at kommunen fekk råderett over vegarealet med grøfter og plass til brøytekantar.

Kommunen har pr. d.d. ikkje fått desse rettane.

Utover 1990 stoppa planarbeidet meir eller mindre opp, og då bygningsrådet på slutten av

1990 godkjende teknisk plan for bustader overfor Spar- forretninga, var det ikkje stort meir

areal disponibelt. Skulle ein tilfredstilla krava frå ytre etatar kunne ein ikkje unngå sanering,

og stopp av dei arbeida som hadde fått lovlege godkjenningar.

Postadresse: Besøksadresse:

Rådhuset Telefon: 53 43 70 00

5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

47

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!