12.09.2013 Views

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

MØTEINNKALLING - Tysnes kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Sjukehuslegane ved Stord sjukehus meiner akuttilbodet kan rakne og slår alarm om dette vert

vedteke. Det er ein fare for at dette kan gje ein dominoeffekt som kan ramme akuttfunksjonar

og fødetilbod. Utan gastrokirurgi eller generell kirurg i vakt kan korkje blindtarmoperasjonar

eller stabilisering etter trafikkulukker og fallulukker skje på Stord.

For at Stord sjukehus skal kunne oppretthalde det akutte tilbodet dei gjev i dag til innbyggjarane

i nedslagsfeltet, må sjukehuset ha døgnvakt med røntgenlegar og spesialistar i mage/tarmkirurgi.

Sjukehuslegane kan ikkje akseptere at t.d. røntgenlegar vert flytta til Haugesund.

Samling av gastrokirurgi i Haugesund kan medføre rekrutteringsvanskar for spesialistar til

Stord sjukehus og ikkje bidra til å skaffe eit stort nok fagleg miljø.

23 tilsette ved Stord sjukehus har skrive varselbrev til Hese-Fonna-styret der dei ytra mistillit

til leiinga og har kome med krav om oppløysing av Helse Fonna.

Allmennlegeutvalet gjev full støtte til sine kollegaer på Stord. Dei er opptekne av at Stord sjukehus

skal ha akuttfunksjonar.

Det saka dreier seg om, er om regionen skal ha eit akuttsjukehus på Stord eller i Haugesund

som ligg ein times køyretur frå Stord.

Korleis vert dette då for pasientar frå Tysnes med evt. ambulanse, omlasting på Jektevik og

transport til Haugesund? Lang reisetid, minimum 11/2 til 2 timar. Det er lang tid ved ein akuttsituasjon

og kan gå på livet og helsa laus for pasientane. Lunftambulanse og evt. Sea-kingen

kan trø til i krisetilfelller, men det er ikkje alltid helikopter er operativt i ekstreme versituasjonar.

Ei anna side er den dårlege kommunikasjonen mellom Helse Fonna HF og dei tilsette ved

Stord sjukehus og generell for dårleg kommunikasjon med fastlegane i sjukehusområdet. Almennlegeutvalet

på Stord er urolege over leiinga i Helse Fonna sine evner til å kommunisere

med dei tilsette.

Vidare har dei tillitsvalde så å sei fått munnkurv av leiinga ved sjukehuset. Dette harmonerer

lite med demokratiske prinsipp i vårt samfunn.

Det er ikkje noko stasjonær leiing/direktør ved Stord sjukehus. Leiinga i Helse Fonna har sagt

at lokal leiing no skal på plass som ei mellombels ordning fram til september. Det er uklart om

det skal skje ved intern omplassering eller ved utlysing av stilling. Ordninga skal evaluerast i

september. Dei tillitsvalde meiner den nye leiaren må få fullt budsjettansvar og vil ha Stord

sjukehus på eigne bein.

Frå politisk hald har det kome støtte til arbeidsgruppa på Stord sjukehus som ønskjer å leggja

ned Helse Fonna. Det vert hevda at Helse Fonna er topptung og lite effektiv. Helse Fonna er

ikkje god nok og bør løysast opp ved at Stord, Valen og Odda sjukehus går til Helse Bergen

og Haugesund sjukehus til Helse Stavanger.

Ut frå dei økonomiske rammer sjukehusvesenet har i Norge vil diskusjonar blusse opp elles i

landet om lokalsjukehusa sitt vere eller ikkje vere.

Postadresse: Besøksadresse:

Rådhuset Telefon: 53 43 70 00

5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

79

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!