MØTEINNKALLING - Tysnes kommune
MØTEINNKALLING - Tysnes kommune
MØTEINNKALLING - Tysnes kommune
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
”Med heimel i pbl. § 13-1 vert det lagt ned mellombels forbod mot tiltak inntil planspørsmålet

er endeleg avgjort. Formannskapet kan likevel godkjenna tiltak som etter kommunen

sitt skjøn ikkje vil vanskeleggjera planlegginga.”

I stadanalysen for Våge sentrum framgår m.a. at på vestsida av vegen gjennom Våge bør det

utviklast næringsretta aktivitetar i 1.etasje med bustadeiningar ovanpå.

Oppstartsmelding for reguleringsplan Våge sentrum vil verta teke opp til realitetshandsaming i

formannskapet den 16.mars - før byggjesaka vert handsama i landbruk/teknisk same dag.

Omfanget av regulerinsplanarbeidet vil då truleg verta avklara slik at me kjem i gang/vidare i

planprosessen.Søknadene om bruksendring for ”bankbygget” og ”Tiko-bygget” vil også verta

handsama opp imot gjeldande plankrav i kommuneplanen og reguleringsplanarbeidet med eit

eventuelt mellombels byggjeforbod i Våge sentrum.

For handsaming av ”byggjesaka” vil iverksetjing av tiltaket uansett krevja at det ligg føre ein

endeleg og formell dispensasjon etter § 19 i pbl. Dette inneber óg handsaming/høyring hos

fylkesmannen og fylkesrådmannen, jfr. handsamingsrutinar for dispensasjonssøknader.

Dispensasjon kan berre gjevast dersom omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå, eller

omsyna i føremål bak lova, ikkje vert vesentleg sett til side. I tillegg må fordelane ved å gje

dispensasjon vera klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

Så langt me kan sjå vil ikkje omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå, eller omsyna i

føremål bak lova, verta vesentleg sett til side ved gjennomføring av omsøkte tiltak. Me syner i

denne samanhengen til at søknaden om bruksendring med tilbakeføring til næring er i samsvar

med gjeldande kommuneplan og at tiltaket gjeld bruksendring i delar av eksisterande bygning.

Korkje innbyggjarar eller andre har gjeve kommunen informasjon eller konkrete opplysningar

som indikerer at ei slik tilbakeføring i delar av denne bygningen bør utestå.

Utifrå ei planfagleg vurdering kan me etter dette ikkje sjå at omsøkte bruksendring vil koma i

konflikt med eller i vesentleg grad vanskeleggjera ei framtidig detaljregulering i området.

Generelle vilkår vedkomande branntekniske tiltak, parkeringsplassar, universell utforming,

arbeidstilsynet m.m vil verta teke stilling til ved 2.gangs handsaming av saka i landbruk/teknisk.

Rådmannen ser at det kan stillast spørsmål ved om det utifrå prinsipielle/formelle sider bør

gjevast innstilling i ei slik sak. Oppstartsmeldinga legg rimeleg strenge føringar, men søknaden

gjeld ei bruksendring/tilbakeføring inne i eksisterande huskropp.

INNSTILLING FRÅ RÅDMANNEN:

Formannskapet kan med tilvising til ovanståande premissar ikkje sjå at den omsøkte næringstilbakeføringa

i del av ”Tikobygget” på gnr. 94, bnr. 34,275, vil medføra ulemper for det føreståande

detaljreguleringsarbeidet i Våge sentrum.

VEDTAK I FORMANNSKAPET 16.03.10:

I samsvar med innstilling.

Postadresse: Besøksadresse:

Rådhuset Telefon: 53 43 70 00

5685 UGGDAL UGGDAL Telefaks: 53 43 70 11

59