07.09.2013 Views

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skyld? Kanskje var rumpetrolla til froskane i

det gamle Egypt annleis enn dei norske froskane

sine rumpetroll?

Eit par små kritiske merknader. Den første

er typografisk. Dei mange små sjokkrosa tekstboksane

med kvit skrift og brunt mønster er

ikkje lette å lese. Ein annan farge eller ein

større og tydelegare skrifttype kunne ha gitt

bokstekstane ein betre skjebne.

Det finst ein del formuleringar i boka som

ikkje ville ha vore bra i ei lærebok. Eg ville

heller ha skrive ’areal av ei kuleflate’ (rosaboksen

på side 31) og ikkje ’arealet av ei kule’

som jo er eit romlegeme. Men det er vel slikt

som er greitt å akseptere i ei kjapp og artig

populærbok, kor entusiasme og glød er viktigare

enn presisjonsnivå. Derfor blir det heilt

OK når Newth skriv: «Det finnes to typer tall:

partall og oddetall». (s. 24). Hadde dette vore

ei lærebok, er eg viss på at konsulentane ville

ha pukka på at det måtte stå: «Det finnes to

typer heile positive tall, partall og oddetall».

Men i ei bok av denne typen blir fresen i tekst

og tankeflukt ramma om ein skal ha maksimalt

presisjonsnivå. Så eg syns forfattar Newth

og fagkonsulentar Nils Voje Johansen og Arne

B. Sletsjøe har gjort eit rett valg her.

Oppgåvene i boka er fåtallige, men artige.

Men den siste oppgåva i boka (nr 7 s. 37: «Finn

forbindelsen mellom Kjersti Holmen og John

Wayne.») skiller seg negativt ut. Den er av

ein type som krev tilfeldig spesialkunnskap og

ikkje logisk eller matematisk forståing og er

såleis egna til å få lesaren til å føle seg utanfor

eller dum, og det var vel ikkje hensikten til forfattaren?

Det er veldig positivt at det kjem ut populærvitskaplege

mattebøker laga av norske forfattarar.

Det er både Ånden i blekkhuset av

Ellingsrud/Strømme (Pax 2002, sjå omtale i

Tangenten 2/2002) og denne boka gode eksempel

på. Og når resultatet er såpass vellykka som

Tallenes verden, er det berre å håpe at potensielle

lesarar vil oppdage denne artige vesle

boka.

Eg har tenkt litt på kva for alderssegment

denne boka bør anbefalast til. Teksten er friskt

og enkelt skriven, slik at ti-elleve-åringar bør

få med seg ein god del. Sjølv hadde eg ei brukbar

lesaroppleving, og eg er ein godt vaksen

ungdom, bestefar til tre som eg er. Sett frå ein

lærarsynsvinkel er det flott å ha ein del slike

bøker liggande for å hente litt inspirasjon og

entusiasme frå. Eg vil ha meir av same slaget!

Åke Jünge, Levanger vidaregåande skule

tangenten 3/2002 43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!