07.09.2013 Views

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

dette skal bli eit vakkert todelt jentenamn? Og

når fasitsvaret er «Det vil jeg ikke si bort!», så

berre må du jobbe med å knekke koden. Så no

veit eg svaret, eg òg, – men eg vil heller ikkje

seie det bort! Eit artig pedagogisk triks eg har

til gode å sjå i ei ’godkjent’ lærebok.

’Presidentens håndtrykk’ – er det matematikk

i handtrykk òg? Ja, Newth får noko ut

av dette også. Det kan henge slik i hop: Uansett

alder så har lesaren sikkert handhelsa på

mange vaksne personar. Minst ein av dei har

sikkert handhelsa på ein lokalpolitikar. Alle

lokalpolitikarar med respekt for seg sjølv har

handhelsa på ein stortingspolitikar. Alle stortingsfolk

har helsa på kongen. Og kongen har

handhelsa på presidenten i USA. No er George

Bush jr. så fersk i stolen at kong Harald kanskje

ikkje har helsa på han enno, men han har

iallfall helsa på nokon som har helsa på Bush.

Såleis er da lesaren av denne boka berre fem

eller seks handtrykksnivå frå jordas mektigaste

mann.

Meir handtrykksmatematikk blir det fort av

dette. Om ein tenkjer seg at alle dei involverte

i ei handhelsingskjede har tatt i handa til 50

andre menneske, så vil ’dine’ 50 bli forbundne

med den andre handhelsaren sine 50 kvar gong

du tar ein ny person i handa. Så eit handtrykk

med ein ny person blir da eit slags symbolsk

42

samband mellom 50 × 50 = 2500 personar.

Slik Newth tenkjer seg dette, blir tallet på dei

symbolske sambanda mellom handtrykkarane

i kjeda frå deg til presidenten 50 × 50 × 50 ×

50 × 50 × 50 = 15 625 000 000, altså godt over

femten milliardar. Det blir over det doble av

verdas samla folketall i år 2002. Her må det

nok vere overlapping!

Tallenes verden er stappfull av slike meir og

mindre tankevekkande eksempel på matematikk

i kvardagen. Ulikt vanlege lærebøker som

skal avspegle ein læreplan og eit pensum, med

oppgaveterping og differensieringstenking, kan

ei slik populærvitskapleg bok om tall berre

boltre seg i dei mest fantasieggande emna eller

i dei emna som forfattaren har eit entusiastisk

forhold til, enten det er sirkelkonstanten p si

historie (’Evigheten i en tallerken’ har Newth

funne på som tittel på kapitlet om p), tallsystem

(’Slik teller man i tegneserieland’) eller det

firedimensjonale universet (her er astrofysikaren

Newth på heimebane).

Boka er illustrert av fargeteikningane til

Anders Kaardahl. Desse utgjer eit fantasipirrande

krydder til teksten. Men dei gammelegyptiske

rumpetrolla på side 10 er veldig rare.

Dei liknar iallfall ikkje på dei norske rumpetrolla

eg fanga i froskedammane i gamle

dagar. Men det er kanskje ikkje teiknaren si

3/2002 tangenten

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!