07.09.2013 Views

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

Tangenten 3/2002 - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Petter Holm-Olsen og Liv Storheim

Mindre av det same og meir

av noko anna

Vi er to lærarar som i 8 år har vore heldige å

få arbeida saman på småskuletrinnet. Vi har

hatt klassar som har vore like over delingstalet,

men i staden for å dele har vi halde dei saman

som ein stor klasse med to lærarar.

Vi har i desse åra jobba for å få til ei undervisning

med god samanhang mellom praktiske

og teoretiske aktivitetar, og der mest mogeleg

av læringa skjer gjennom direkte elevaktivitet.

For å få til ei slik undervisning, har vi og

lagt vekt på innreiinga av klasserommet og på

eit sett av få, men faste rutinar. I klasserommet

står mest mogeleg av det elevane treng på faste

plassar, slik at dei kan henta det dei treng og

setja det på plass att sjølve.

Vi har sjeldan ein skuledag som er oppdelt

i ulike timar og fag. Vi startar gjerne dagen

med ein morgonsamling av varierande lengde

rundt langbordet, der vi også snakkar om kva

som skal skje seinare på dagen. Resten av

dagen arbeidar vi gjerne med eit arbeidsprogram

eller ein stasjonsrunde. Oppgåvene kan

anten vere innan same fag eller tema, eller dei

er sett saman av stoff frå ulike fag, praktiske og

teoretiske. Innanfor desse faste rammene, kan

vi variere ganske mykje utan at elevane vert

usikre og dermed meir urolege enn vanleg.

Mykje var bra, men vi kunne bli betre

Vi syntest at vi hadde bra samanheng mellom

uteundervisninga og arbeidet i klasserommet.

Vi klarte å arbeida med tema som dekka

element frå mange fag, og elevane begynte å

fungere slik vi ynskte når det galdt arbeidsvanar

og rutinar. Det vi var minst nøgde med var

matematikken. Vi arbeidde ’tradisjonelt’ med

ei lærebok der elevane rekna side etter side. Vi

kjende det som eit problem at vi i matematikken

ikkje greidde å nytta oss av dei arbeidsmåtane

vi etterkvart trudde meir og meir på.

Lærebøkene var bremsekloss

Vi følte at vi måtte få elevane gjennom så

mykje som mogeleg av bøkene, både av økonomiske

grunnar og fordi det elles lett såg ut som

vi ikkje hadde dekka ’pensum,’ når boka var

full av sider vi ikkje hadde gjort. Vi bestemte

oss difor for å ikkje kjøpa inn lærebøker til

elevane og heller bruka pengar til materiell. Vi

måtte gå aktivt inn i læreplanen og sjå kva som

var ’pensum’ for 3. klasse. Vi måtte laga vår

tolking av det som sto der, og dette gav oss eit

mykje meir aktivt forhold til arbeidet i faget.

tangenten 3/2002 13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!