06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

norsk skriftmål skulle vise denne skyldskapen på alle måtar – gjerne også grafisk – ved å leggje

skrifta nært opp til moderne islandsk, slik ein har hatt stor suksess med i moderne færøysk.

Som me har sett, valde Aasen ein annan veg; han la seg grafisk og ortografisk nær opp

til “det almindelige Bogsprog”. Dette var truleg eit klokt val, dersom han ville at “vanlege folk”

skulle ta i bruk landsmålet – og det ville han! På den andre sida var sjølve målforma hans på dei

fleste punkt ein god del meir arkaisk enn Landstads, fordi Aasen ikkje ville gje att ein bestemt

dialekt, og då måtte han ofte konstruere “mønsterformer”, som han kalla det.

Jamvel om Landstad knapt tenkte seg “folkevisenormalen” som noko framtidig norsk

skriftmål, var denne målforma likevel sjølvsagt ei realisering av Munchs gamle ide frå 1832 om

“at bringe en af vore reneste Almuedialekter i en ordentlig form sammenholdt med vort

Oldsprog”, som er sitert før. Men samtidig kom altså Aasens meir allmenne ide om landsmålet,

som skulle femne mykje vidare, og seinare er det den lina som har rådd grunnen innanfor

nynorskleiren.

Ved den første offisielle normeringa av det nynorske skriftmålet i 1901 dukka likevel

tanken opp att om å byggje skriftmålet på ein bestemt dialekt. Og sikkert ikkje tilfeldig var det

vesttelemålet som var tenkt som grunnlag – det var i alle fall ikkje morsmålet sitt dei to

opphavsmennene Arne Garborg og Rasmus Flo la til grunn, for den første var jærbu og den

andre nordfjording – til liks med dei meir kjende ToreAndré og Jostein. Det såkalla

midlandsmålet deira var rett nok ikkje noko sags lydrett vesttelemål, men det hadde visse

karakteristiske drag derifrå, som skilde det klart frå Aasens landsmål, som t.d. kløyvd infinitiv

(kaste, vera; Aasen: kasta, vera) og kløyvd svakt hokjønn (ei vise, ei viku; Aasen: ei vise, ei

vika). Det som derimot skilde midlandnormalen både frå Aasens og til dels også Landstads

normal, var ein langt meir lydrett skrivemåte; t.d. endingar i bestemt form fleirtal utan r:

hestane, gjestine, visune; Aasen: hestarne, gjesterne, visorna; dessutan aldri stum -t i endingar,

heller ikkje i bestemt form av inkjekjønnsord: huse, eple; Aasen: huset, eplet, Landstad: húsið,

eplið.

Trass i at Garborg og Flo utgjorde fleirtalet i den nemnda som skulle lage ny

landsmålsnormal i 1901, var det tredjemannens, Marius Hægstads, framlegg som blei

“hovudforma” – midlandsmålet blei berre “tillaten sideform”, og har vel knapt nok vore brukt

av særleg mange andre enn diktaren Garborg, som seinare heldt seg konsekvent til denne

normalen.

Folkevisene til Landstad har altså truleg hatt sitt å seie for nynorsknorma i ein viss fase,

for Garborg og Flo hadde knapt valt telemålet som grunnlag for norma si om ikkje telemålet alt

på førehand hadde hatt status som “en af vore reneste Almuedialekter”, og den statusen hadde

knapt vore så opplagd utan visesamlinga. Men akkurat som Landstads målform ikkje fekk

nokon oppslutnad i ettertida, gjorde altså ikkje heller midlandmålet det; begge normalane blei

94

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!