06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

“Ukyndighed, uforstand og vandalisme”:

Kritikken mot Norske Folkeviser

VELLE ESPELAND

Dei siste dagane i desember 1852 vart første hefte av Landstads Norske Folk eviser trykt og

sendt ut til dei subskribentane som hadde tinga boka på førehand. Exit halvår seinare fekk dei

femte og siste del, og dermed var boka komplett. Norske Folkeviser er framleis den største og

beste utgåva av norske folkeviser. Med melodibilaget har boka over 900 sider og presenterer eit

breitt utval av viser, frå troll- og kjempeballadar til stev og nyare viser av kjente opphavsmenn.

Boka har med rette vorte kalla ei av dei viktigaste norske bøker frå 1800-talet, men

samtida var ikkje berre begeistra. P. A. Munch skreiv rett nok to svært positive omtaler mens

boka framleis var under utgjeving. Om desse skriv Moltke Moe: “Begge er stemt i superlativ;

den første næsten et jubelskrig” […]. 1 Men elles var responsen lunken. Språket og ortografien

var tydelegvis ei hindring for mange lesarar. Dessutan var forventningane til boka høge, men

kanskje ikkje heilt realistiske. Frå vitskapeleg hald var også kritikken sur. Særleg var den

danske folkeviseforskaren Sven Grundtvig krass i sine kommentarar. Tittelen på denne

artikkelen er eit sitat frå eit brev han skreiv til Jørgen Moe i 1854. 2 Landstads folkevisebegrep

var også noko annleis enn det dei tidlege folkloristane hadde funne fram til .

Den faglege kritikken stilna likevel da Landstads originaloppskrifter dukka opp i 1923.

Da vart det klårt at Landstad slett ikkje hadde redigert tekstene så kraftig som han var skulda

for. Men dei siste tiåra har ein annan kritikk vakse seg sterk. Landstad skulle ha utnytta

materialet som Olea Crøger hadde samla, og ikkje eingong nemnt henne i forordet, langt mindre

latt henne få plass på tittelsida.

I denne artikkelen har eg tenkt å sjå på alle desse kritiske synspunkta og bakgrunnen for

at dei vart sett fram.

1 Moe 1927, s. 71.

2 Sven Grundtvigs brev til Jørgen Moe 12.11. 1854, trykt i Maal og Minne 1923.

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!