06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6. Kor gammalvoren er skrivemåten i Norske Folkeviser?

Rikard Berge meinte altså at den folkevisa Landstad hadde skrive opp lydrett i 1835 var kledd “i

gamalnorskt panser og plate” då ho blei gjeven ut i 1853. Etter mitt syn er Berges dom over den

siste versjonen altfor negativ. 1 Dersom me ser betre etter, skin telemålet tydeleg gjennom også i

denne omskrifta. Det Berge kallar “gamalnorskt panser og plate” er for det meste reint

ortografiske ting, slik som vokalar med “islandske” aksentar (rett nok ikkje konsekvent brukte)

+ ein del god del såkalla stumme konsonantar (jf. hon : ho, til : te, for : fe osv.). Men det som

kanskje meir enn noko anna får 1853-versjonen til å verke “gamalnorsk”, er den uvande

bokstaven ð, som førekjem svært ofte; gárð, bliðe, Guð, deð osv. : Gaar, blie, Gu, dæ osv.). Når

me ser dette teiknet i ein tekst, får me straks ein tokke av noko framandsleg og eksotisk.

Men kva er det reelle grunnlaget for ei slik oppfatning? Dersom me tenkjer etter, finst

det ein god del såkalla stumme konsonantar i alle moderne nordiske språk, jf. norsk hjelp,

gjerde, god, huset, fatet osv. der alle dei utheva bokstavane er “stumme”. Derimot er dei same

bokstavane ikkje stumme i dei tilfella dei ikkje er utheva; der skal dei uttalast. Den stumme

bokstaven ð hos Landstad – og Hammershaimb! – er i så måte mykje enklare: Han skal aldri

uttalast! Dersom me jamfører dei to versjonane ovanfor, oppdagar me at ð i 1853-utgåva alltid

svarar til “null” i 1835-versjonen, med eitt unntak: I første line i 2. strofe står det góð i 1853,

men god i 1835. Her er det til gjengjeld klart at skrivemåten i 1835 ikkje svarar til den verkelege

uttalen; ut frå skrivemåten elles “burde” Landstad ha skrive go i 1835. Ordet adel i den same

lina er derimot skrive med d i begge versjonane. Kvifor? Svaret kan knapt vere noko anna enn at

d-en her verkeleg skal uttalast! Bokstaven ð fungerer altså som eit “spesialteikn” for “stum d”.

Dersom me gjennomførte denne skrivemåten i dag, kunne me altså skrive ð i ord som siðe, tið,

bloð osv. men tosidig, utidig, blodig osv. Og dermed hadde me vore kvitt problemet med når d-

en skal vere stum og når han skal uttalast!

7. Kvifor gjekk Landstad over til “etymologisk” skrivemåte?

At Landstad skreiv “lydrett” (meir og mindre) i 1835, treng me ikkje undre oss over – kva

skulle han elles gjort? Før den historiske språkvitskapen hadde klargjort forholdet mellom eldre

og nyare språkformer, fanst det knapt noko alternativ til lydrett skrivemåte om ein ville gje att

folkemålet, og i 1835 hadde enno ikkje Landstad noko alternativt førebilete. Når Landstad i

1853 gjev ut Norske Folkeviser “i gamalnorskt panser og plate”, for endå ein gong å sitere

Rikard Berge, så blir dette ofte tolka som at Landstad hadde vore pressa av P. A. Munch til å

1 Eg tykkjer heller ikkje det er nokon grunn til å vere så forundra som Berge synest vere over at

“Landstad var so næpin ein uppskrivar” – han gjorde faktisk ikkje noko anna enn det andre oppskrivarar

gjorde den gongen: Han skreiv ned med vanlege bokstavar det han hørte. Berges påstand om at “hans

[dvs. Landstads] uppskriftir i formi laag so merkeleg nære den skrivemaaten me brukar no” overlet eg til

lesaren å dømme om - sjølv er eg heller usamd her òg.

83

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!