06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Tekje’ meg ‘ti Fangje;

Krytrenn uti Kvien staar,

Eg aat Sæterstuli gaar.

Dette skal vistnok vere nordgudbrandsdalsmål, men det kan ein knapt kalle det; her er likt og

ulikt rota ihop: I første lina står det geng, men siste ordet i strofa er gaar, trass i at begge delar

må vere presens av verbet gå (som heiter går i gudbrandsdalsk). Mest påfallande er det kanskje

at bestemt form av det sterke hokjønnordet sol endar på -a, mens ordet natt har fått -i (Sola –

Naatti) – i nordgudbrandsdalsk heiter det sole og natte. 1 Her er det heller ikkje spor etter ð og

islandske aksentar over vokalane; her er det nærmast vanleg dansk ortografi (jf. aa, ikkje á);

ortografisk konsekvens er det heller ikkje; jf. geng (ikkje gjeng), men kjem (ikkje kem).

Men den aller verste lapsusen etter mitt syn er presens Tekje’, for ei slik form eksisterer

ikkje i det heile i noko slags nordisk mål. Her ser det ut som Munch har rota saman presens tek

med partisippforma teke, som ofte har kj-lyd (tekje, tikji osv.). I presens er det derimot alltid rein

k-lyd (tek eller tek’e, med einstavingstonelag). Dermed stiller faktisk Munch på dette punktet i

klasse med Harald Heide Steens “heilnorske” diktarfigur Sylfest Strutle, som held seg med

ordformer som ei bokj og ein bankj! Munchs språkform frå 1848 kan med andre ord gjerne

kallast “Herkemaal”, som Aasen kanskje ville sagt, om han hadde sagt beint ut det han eigentleg

meinte – men det gjorde han sjølvsagt ikkje – Aasen ordla seg jamt forsiktig, og då visst når det

galdt ein autoritet som Munch. Likevel er han ganske kritisk i den grundige meldinga si av

verket (Jf. Aasen 1912:11-26). Det er derfor liten tvil om at Indrebøs dom om denne utgåva er

rettvis: “Det er eit hastverksarbeid.” (Indrebø 1951:414).

5. Landstad som folkeviseoppskrivar i 1835 og som utgjevar i 1853

I motsetnad til P. A. Munch, som truleg kjende heller lite til norske bygdemål i det heile, så

hadde Landstad i alle fall inngåande kjennskap til telemålet. Han kunne derfor sjølvsagt godt ha

skrive opp folkevisene “lydrett”, på same vis som me har sett Svabo gjorde på Færøyane på

1700-talet. Som me straks skal sjå, har han faktisk også gjort det. Når han likevel valde å gje dei

ut i den målforma som me kjenner frå Norske Folkeviser, er det sjølvsagt eit medvite val: Han

har fått kjennskap både til Munchs Ásgarðsreiðin og dessutan til prestekollegaen

Hammershaimbs samtidige arbeid med å lage ein færøysk skriftnormal, der det første

framlegget var klart i 1846, same året som Munchs gav ut Ásgarðsreiðin.

Korleis dette har påverka Landstads attgjevingsmåte, har me eit framifrå døme på i ei

oppskrift av ei vise som Landstad først skreiv opp i kallsboka i Kviteseid kring 1835 (jf. Berge

1 Dette er først og fremst påfallande fordi Munch i andre samanhengar har ytra seg svært nedlatande

nettopp om -a-endinga i hokjønn, som han kalla “det platte, aldeles pøbelagtige «a»”, som han meinte var

eit kjennemerke for “den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne.” (Munch 1832; her sitert etter

Hanssen 1970:186).

81

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!