06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Men jamvel om Svabo skulle hatt tankar om å reise eit nytt færøysk skriftmål sist på

1700-talet, hadde han knapt kunna gjort det på den måten som Hammershaimb hadde så stor

suksess med kring 1850. Grunnen til dette er dei språkvitskaplege nyvinningane først på 1800-

talet, som endra radikalt dei språkfaglege føresetnadene for den som ville planleggje nye

skriftspråk.

3. Den historisk-komparative språkvitskapen

Då språkfolk på slutten av 1700-talet blei klar over at språkendring ikkje skjer på slump, men

følgjer bestemte reglar, som seinare på 1800-talet blei formulerte av dei såkalla

junggrammatikarane som lydlover, fekk forskarane ein reiskap til å beskrive likskap mellom

ulike språk og dialektar på ein heilt annan og meir eksakt måte enn før. Eit av dei største namna

på dette feltet også internasjonalt, er dansken Rasmus Kristian Rask (1782-1832). Her i Noreg

er han først og fremst kjend som talsmann for såkalla ortofon skrivemåte, dvs. at skrifta så

mykje som mogleg skulle byggje på uttalen, noko som m.a. Knud Knudsen (1812-1896) la til

grunn for sitt program for fornorsking av skriftmålet, som han ville basere på det han kalla den

landsgyldige norske uttale.

Men Rask spela dessutan ei viktig rolle for det nyislandske skriftmålet, som blei

standardisert først på 1800-talet i om lag den forma me kjenner det i dag. Fordi islandsk har

endra seg langt mindre enn andre nordiske språk, ligg det jamvel i si moderne utgåve relativt

nær norrønt, spesielt når det gjeld formverket. Men også lydleg har islandsk arkaiske trekk som

ikkje finst i noko anna nordisk språk, t.d. hl, hr og hn i ord som norr. hlaupa, hrópa og hnakki,

jf. norsk laupe, ring og nakke. Islandsk har også halde på konsonantane þ og ð i ord som þing

og síða, som blir skrivne og uttala akkurat slik både på norrønt og moderne islandsk. I andre

nordiske mål er derimot þ i dei fleste tilfelle blitt t, jf. norsk (og færøysk) ting, medan ð som

regel er bortfallen, jf. norsk side, uttala “sie”, moderne færøysk síða, uttala “suia”. Moderne

islandsk skriftmål ligg dermed slett ikkje så fjernt frå uttalen, trass i at skriftbiletet ser ut mest

som norrønt. Skriftbiletet i færøysk ligg også nær norrønt, men her er til gjengjeld avstanden

stor mellom skrift og uttale.

Når Hammershaimb i si tid valde å lage eit færøysk skriftmål som låg så fjernt frå

talemålet, kom det m.a. av at han ville skape eit skriftmål som skulle vise sambandet med det

gamle norrøne målet og med moderne islandsk, som hadde stor prestisje i samtida, først og

fremst på grunn av den norrøne litteraturen. Her i vårt land var dei same tankane viktige for dei

arbeidde for å reise eit nytt norsk skriftmål, som me skal sjå. 1

1 I innleiinga til Norske Folkeviser (s. IX) omtalar Landstad samarbeidet med Aasen slik:

Da jeg allerede havde lagt min Plan og var kommen temmelig vidt med mit Arbeide inden Ivar

Aasens fortjenstlige Værker, Folkesproget vedkommende, udgaves, har mit Forehavende ikke

79

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!