06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

“Fer mánen skine og veginne felle sá vide”:

Om språkforma i Norske folkeviser 1

ARNE TORP

1. Nasjonsbygging, folkesjel og folkemål på 1800-talet

1800-talet er det store nasjonsbyggingshundreåret, i alle fall i dei nordiske landa. Dette gjeld

som kjent også på det språklege området, ettersom språket blir rekna som eit av dei fremste

uttrykka for det tyskaren Johann Gottfried von Herder (1744-1803) kalla folkeånda, die

Volksseele. Litterært meinte ein at folkeånda ytra seg reinast og mest uforfalska i den

litteraturen som “folket” har skapt, dvs. den munnleg overleverte namnlause folkediktinga. I to

andre nordiske land som fekk sine nye skriftspråk endeleg standardiserte midt på 1800-talet,

spela nettopp denne litteraturen ei svært viktig rolle i nasjonsbygginga. Det gjeld i Finland, der

Elias Lönnrot (1802-84) samla og gav ut den vidgjetne Kalevala-samlinga (1835), som fekk

svært mykje å seie både for finsk språk og finsk nasjonalkjensle i det heile. Der gjeld også på

Færøyane, der skriftfesting av den rike færøyske balladetradisjonen var eit viktig moment i

arbeidet med å skape eit nytt færøysk skriftspråk. Dette arbeidet blei fullført kring 1850 av

presten Vencelaus Ulricus Hammershaimb (1819-1909).

I vårt land blei sjølvsagt ikkje språkforma i Landstads Norske Folkeviser like viktig for

norsk skriftmål i ettertida. Landstad hadde nok heller ingen planar om at hans målform skulle

bli grunnlag for eit framtidig skriftmål. Det var derimot hovudtanken bak Ivar Aasens samtidige

språkplanleggingsprosjekt, landsmålet. I denne artikkelen skal me sjå Landstads arbeid med

språket i folkeviseutgåva i samanheng både med skriftfestinga av færøysken og Aasens arbeid

med landsmålet.

1 I arbeidet med denne artikkelen har eg hatt svært god hjelp av kollega Magne Myhren, som har funne

fram og lånt meg stoff som eg aldri hadde greidd å få tak i på eiga hand. Han har dessutan lese artikkelen

i ein førebels versjon og komme med verdfulle merknader. Han får hermed hjarteleg takk for all god

hjelp.

77

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!