06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

arnet og mora går hos Landstad over i biletet av den vaksne mannen, som trøytt og kald av

lange reiser, uro og strid i biletleg forstand kan vende tilbake til morsfanget. Kampen for dei

alvorleg sjuke barna sine liv kan sjølvsagt ligge bak desse linene, men også den trøytte og sorg-

og sutfulle mannens lengt etter fred og ro og kvile – for godt. Og ein kan også sjå

pilegrimsmotiv her. Nokre vil kanskje tale om dødslengten hos Landstad, andre om ein

dødsrealisme som inkluderer forventning om noko useieleg godt. Og dødsrealismen skulle vel

Landstad i alle fall kjenne frå sitt eige liv! 1

Å bruke kvelden som metafor for den komande døden eller dødsstunda, er svært vanleg

i haugevis av salmar, og særleg i kveldssalmar. Om kvelden bør ein også kome seg i hus når ein

er på reiser. Og den kristne, som er pilegrim i verda (eit sentralt bibelsk motiv), må finne seg eit

rom å kvile i, når reisa er over. Men etter natt og kvile kjem det alltid ein morgon; dagen og

lyset kjem atter ein gong. Elseth meiner at det truleg ligg eit barndomsminne til grunn for desse

morgonskildringane. 2 Ja, gjerne det! Men her høyrer vi vel også atterklangar frå hagen i

Høgsongen, der kongssonen, “Guds velsignede”, vekkjer bruda med søte elskovsord, medan

fuglane kvitrar sola fram i morgongryet. Og høyrer vi ikkje også minningar om songen for

trona?

I strofe 4 overtar folkevisetonar og ein slags locus amoenus, ei idyllscene, med

skyggefulle tre, sol, kurlande vatn og fuglesong. Hos kristne diktarar blir denne scena frå

klassisk dikting gjerne til skildring av hagen i paradiset. Men i strofe 5 må idyllen vike for

dramaet: oppvekkinga av dei døde: Og no er Landstad i Bibel-verda for fullt (Joh 11:

oppvekkinga av Lasaraus). “De dybe Havsgrunde” som “røres”, byggjer på bibelske bilete og

førestellingar (Sal 77,17; Hab 3,10; Jes 44,27), og “alt Stengsel” kan vere steinen for grava,

eller lekkjene som dei døde er bundne med i dødsriket. 3

Og dei oppstadne vert tekne imot med velkomehelsing; dei står på gjestelista med

namna skrivne i Livsens Bok (Op 3,5). Bøna for eigen død brukar dei same orda som

bibelteksten, men med ei utviding som gjorde at denne strofa er blitt kutta ut i mange

salmebøker; ho vart for privat. I våre dagar ville vi vel kanskje ta nemninga av begge kjønn

som uttrykk for kjønnsbalanse eller inkluderande kjønnsnemningar. Oppsummerande vil eg

hevde at denne salmen er både allmenn, personleg, bibelsk og noko privat. Men det eventuelt

private er ikkje uttrykt slik at folk flest ikkje kan syngje med og gjere det dei syng til sitt.

Mot slutten vil eg peike på ein salme som ikkje er i Norsk Salmebok, og som er ei

verkeleg livnær og realistisk skildring av dødsleiet og dei tankane ein døyande kan gjere seg (nr

621). Her er det røyndomsnære skildringar av smerte og sjukdom, i knappe og presise strofer,

av dei tankane den døyande gjer seg om det som vil skje når han døyr, og om gravferda og dei

1 Elseth: 1986: 21-22.

2 Elseth 1986: 34-35.

3 Jf apokryfe skrifter, til dømes Nikodemusevangeliet, og ortodoks tradisjon.

40

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!