Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

06.09.2013 Views

Dette er med på å forklare slitestyrken i Landstads salmdikting, og det same gjer Landstads norskprega språk, i ordval og bilde. Eit noko anna perspektiv på Landstads salmar legg Synnøve Heggem fram i sitt foredrag. Heggem poengterer at salmen er ein genre som særleg tematiserer kjærleikstilhøvet mellom menneske, verda og Gud. På denne bakgrunnen leitar Heggem opp konkrete brudemotiv i Landstads salmebok, og ser på korleis desse motiva endrar seg i den reviderte utgåva og i den nyaste norske salmeboka. Det viser seg at brudemotiv hos Landstad er ganske vanlege – dei er gjerne knytte til ord som ”Bryllups- Bord”, ”Brudesal”, ”Brudekrans” og tilsvarande. Ein klar tendes er at salmar med brudemotiv er fjerna i den reviderte utgåva. Dette er uheldig. Når erotiske element blir fjerna eller forringa, tar ein samstundes vekk nokre av dei finaste metaforane for å kaste lys over forholdet mellom Gud og menneske. Landstads språkform i Norske Folkeviser er særmerkt, og i sitt foredrag drøfter Arne Torp denne – i samanheng med Ivar Aasens arbeid med landsmålet, og med skriftfestinga av færøysk. Det dreiar seg både for norsk og færøysk om ”språkleg nasjonsbygging”, jamvel om Landstad ikkje meinte at språket i Norske Folkeviser skulle bli grunnlag for eit framtidig skriftspråk. Torp tar opp spørsmålet om kvifor Landstad gjekk over til etymologisk skrivemåte. Det er tvilsamt om historikaren P. A. Munch fekk han til det, slik det har vore vanleg å meine. Rett nok vog Munchs ord tungt, men truleg var det Landstads eigen idé, fordi han kom til at det estetisk sett ville vere uråd å gjengi talemålet lydrett – resultatet ville bli at språket fekk eit ”barbarisk Udseende”. Torp meiner vidare at Landstads språkform knapt var meir arkaisk enn Aasens samla sett, men derimot verkar Landstads bruk av aksentar og bokstaven ð arkaiserande. Landstads Norske Folkeviser kom til å bli mykje brukt av norske forfattarar, som idé- og inspirasjonskjelde. Ikkje minst gjeld det Henrik Ibsen, som var instruktør og dramatisk forfattar ved Ole Bulls norske teater i Bergen da Landstads visesamling kom ut. Fleire av Ibsens drama frå 1850- og 1860-åra trekkjer vekslar på Norske Folkeviser, ikkje minst Gildet på Solhaug og Olaf Liljekrans. I drama som desse blir viser og annan folklore brukt åpent og tydeleg – såleis kan Gildet på Solhaug kallast ein slags musikal, med framføringar av soloparti og kor. Også i den seinare samtids- og samfunnsdramatikken gjer Ibsen bruk av impulsar frå folkediktinga. I foredraget sitt viser Olav Solberg korleis eit drama som Rosmersholm (1886) byggjer på sentrale vise- og folkediktingssymbol. 4

Innhald Innleiing 7 Velle Espeland: “Ukyndighed, uforstand og vandalisme”: Kritikken mot Norske Folkeviser 9 Herleik Baklid: “Disse Sagn, som her leveres [...]”: Om M. B. Landstads sagnsamlinger 21 Laila Akslen: “Jeg løfter op til Gud min sang”: M. B. Landstads salmar 33 Synnøve Heggem: Salmetradisjon og bruderetorikk 47 Arne Torp: “Fer mánen skine og veginne felle sá vide”: Om språkforma i Norske Folkeviser 77 Olav Solberg: Ibsens gjenbruk av Landstads visetekstar 97 5

Dette er med på å forklare slitestyrken i Landstads salmdikting, og det same gjer

Landstads norskprega språk, i ordval og bilde.

Eit noko anna perspektiv på Landstads salmar legg Synnøve Heggem fram i sitt

foredrag. Heggem poengterer at salmen er ein genre som særleg tematiserer

kjærleikstilhøvet mellom menneske, verda og Gud. På denne bakgrunnen leitar Heggem

opp konkrete brudemotiv i Landstads salmebok, og ser på korleis desse motiva endrar

seg i den reviderte utgåva og i den nyaste norske salmeboka. Det viser seg at

brudemotiv hos Landstad er ganske vanlege – dei er gjerne knytte til ord som ”Bryllups-

Bord”, ”Brudesal”, ”Brudekrans” og tilsvarande. Ein klar tendes er at salmar med

brudemotiv er fjerna i den reviderte utgåva. Dette er uheldig. Når erotiske element blir

fjerna eller forringa, tar ein samstundes vekk nokre av dei finaste metaforane for å kaste

lys over forholdet mellom Gud og menneske.

Landstads språkform i Norske Folkeviser er særmerkt, og i sitt foredrag drøfter

Arne Torp denne – i samanheng med Ivar Aasens arbeid med landsmålet, og med

skriftfestinga av færøysk. Det dreiar seg både for norsk og færøysk om ”språkleg

nasjonsbygging”, jamvel om Landstad ikkje meinte at språket i Norske Folkeviser

skulle bli grunnlag for eit framtidig skriftspråk. Torp tar opp spørsmålet om kvifor

Landstad gjekk over til etymologisk skrivemåte. Det er tvilsamt om historikaren P. A.

Munch fekk han til det, slik det har vore vanleg å meine. Rett nok vog Munchs ord

tungt, men truleg var det Landstads eigen idé, fordi han kom til at det estetisk sett ville

vere uråd å gjengi talemålet lydrett – resultatet ville bli at språket fekk eit ”barbarisk

Udseende”. Torp meiner vidare at Landstads språkform knapt var meir arkaisk enn

Aasens samla sett, men derimot verkar Landstads bruk av aksentar og bokstaven ð

arkaiserande.

Landstads Norske Folkeviser kom til å bli mykje brukt av norske forfattarar, som

idé- og inspirasjonskjelde. Ikkje minst gjeld det Henrik Ibsen, som var instruktør og

dramatisk forfattar ved Ole Bulls norske teater i Bergen da Landstads visesamling kom

ut. Fleire av Ibsens drama frå 1850- og 1860-åra trekkjer vekslar på Norske Folkeviser,

ikkje minst Gildet på Solhaug og Olaf Liljekrans. I drama som desse blir viser og annan

folklore brukt åpent og tydeleg – såleis kan Gildet på Solhaug kallast ein slags musikal,

med framføringar av soloparti og kor. Også i den seinare samtids- og

samfunnsdramatikken gjer Ibsen bruk av impulsar frå folkediktinga. I foredraget sitt

viser Olav Solberg korleis eit drama som Rosmersholm (1886) byggjer på sentrale vise-

og folkediktingssymbol.

4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!