06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kongen som kom til sine på palmesøndag og vart hylla, og som no kjem til sine i jula, på nytt

og på nytt. Vekta ligg i denne salmen på det trøystefulle, lyse og glade, med fred og forsoning.

La oss ta ein skriftemålssalme, “ Jeg staar for Gud, som al Ting veed” (nr 53. Her skulle

det vel vere mykje tungsinn og syndeutmåling? Teksten er skriven til ein bestemt bibeltekst:

forteljinga om farisearen og tollaren i tempelet (Luk 18,9ff), og Landstad gjer seg til eitt med

tollaren og utvidar bibelteksten. Det vi kan kalle omkvedet, er det som tollaren seier. Å måtte

slå ned auga, og ikkje kunne lyfte dei mot Guds åsyn, er i bibelteksten og hos Landstad eit

sterkt uttrykk for kva synda kan føre til. Synd skil mennesket frå Gud, og den verste straff

Landstad kan tenkje seg, er at Gud trekkjer si åsyn bort frå han og dermed tar bort si velsigning

og sin Ande. Difor kjennest synda så alvorleg, og difor skildrar Landstad henne med

spesifiseringar eller det ein i retorikken kallar “definisjon ved sine delar”, “I Tanker, Gjerninger

og Ord”, og difor vel han ut bilete med knivar som skjer. Her ligg det assosiasjonar til bibelsk

bilettale om gartnaren som må skjere bort dei rotne greinene på trea, slik at dei kan bere frukt, –

og samstundes er dette vanlege, norske uttrykk. Og her er det bot: syndsvedkjenning, anger,

bøn om tilgjeving og vilje til nytt liv. Men her er inga syndeutmåling og ingen blodmystikk;

Landstad har skrive sentralt og nøkternt, tett opp til bibelteksten. Og kvar er Landstads eige

tungsinn i dette?

La oss vidare sjå på nr 561 ( “ Gud, naar du til Regnskab kalder”): Bibelteksten er her

likninga om talentane (Matt 18). Og her smør diktaren tjukt på: Med utgangspunkt i bileta i

Bibelen (skyld og gjeld) hopar han opp fleire ord for det same (synd og brøde). Her finn vi òg

ei typisk blanding av bilete og ikkje-biletlege ord og uttrykk - dei siste fungerer som ei tolking

av bileta. Den same opphopinga finn vi i strofe 2: “beder, raaber og paakalder”. Bøna er

inntrengande, nesten kommanderande i tonen, med ein masse ropeteikn. Men her er ingen ord

eller bilete som går på det personlege; alt har si rot i bibelteksten og i luthersk tru og lære. Og

er syndserkjenning, med bøn om hjelp og berging, tungsinn? Er det ikkje heller vilje til å kome

ut av kriser, og ståpåmot?

Landstads eige liv blir også ofte brukt i tolkingar av salmar om døden, og særleg gjeld

dette Jeg ved mig en søvn i Jesu Navn (nr 570). 1 Landstad sine miste sju av 14 barn; dei døydde

anten som barn eller ungdommar. Men også her har diktaren ein bibeltekst han skriv til, nemleg

Matt 9,18ff. 2 Å sjå døden som ein søvn er elles vanleg i mange typar dikting. Landstad utvidar

her med førestellinga om “Moder Jord”, som kan vere både allmenn, ev. allmennreligiøs eller

ha bibelske klangar. 3 Men måten diktaren brukar denne førestellinga på, er særprega: Her

vekkjest nok gode barndomsminne til live hos mange av oss, anten vi no sov på høybolster med

varm murstein ved føtene, eller mor dytta dyna rundt oss når vi var sjuke og slappe. Biletet av

1 Elseth 1986: 138.

2 Vers 24 lyder slik: “Viger bort, thi Pigen er ikke død, men hun sover”.

3 Sjå til dømes Matt 12,40 der det i eldre omsetjingar stod at Jesus kvilte i “Jordens Skiød”.

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!