06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

frelsebodskapen skal ropast ut frå fjella. At Jesus-barnet og julehendingane vert plasserte inn i

diktaren si samtid, er og vanleg i mange julesalmar. I salmane skjer det ofte ei brubygging, over

tid og rom og mellom ulike byar, landskap og menneske. Det same skjer i målarkunsten når

samtidige personar vert sette inn i scener frå Bibelen. Himmelen kjem til jord, som det skjedde

på Bethlehems-markene, kyrkjefolket skundar seg til Jesus-barnet saman med hyrdingane, og

ein felles lovsong, der himmel og jord jublar saman, tonar ut over all verda. Likevel: I ein sum

er denne Landstad-salmen noko svært norsk i skildring av landskap, kyrkjegonge, hytter og hus

og lystenning. For oss er heile salmen eit julekortmotiv frå “gamledagar”, med ottesong, faklar,

sledefart, klokkeklang og lys som strøymer ut i vinternatta, frå hytter og hus. Vi kan finne

denne spesielt norske omforminga av bibelstoff nokre stader elles hos Landstad, ofte i detaljar. 1

Men elles er Landstad utruleg bibeltru og tru mot kristen tradisjon. Men han vel ofte ut frå

tradisjonen slike element som også kan passe inn i samtida og miljøet hans, slik vi her ovanfor

har sett døme på.

Landstads tungsinn, og hans skildringar av synd og verdsens elende har det vore skrive

ein del om. La oss sjå på eit par salmar der vi kan vente oss noko slikt. Først: “ Naar synderen

rett ser sin vaade” (nr 124). Salmen er plassert på 4. søndag i advent og handlar om Jesus som

kjem til menneske, på ulike måtar og i ulike situasjonar. Opningsakkordane kan nok klinge

dystre og nedtyngande. Men salmen handlar elles om Jesu lækjande og omskapande kraft, hos

den einskilde, i hus og heim, i land og kyrkje og i det som den gongen vart kalla heidningeland.

Og her er det bibelske døme, bilete og assosiasjonar som vert brukte; vi ser ikkje noko av det

som kan førast attende til Landstads personlege tungsinn eller botsinnstilling. Jesus er her lege,

medicus. Dette er eit eldgamalt motiv i kristen tradisjon, med opphav i Jesu tale om synd som

sjukdom, om lege og lækjedom. Poenget er her at sjukdommen vert lækt, med helse og glede

som resultat. Jesu fredshelsing i huset har og bibelsk bakgrunn: Jesus steig til dømes inn i det

huset der læresveinane hadde låst seg inne etter korsfestinga, og helste dei med eit “Fred vere

med dykk!” (Joh 20,19). Anden kom inn i huset som sus på pinsedag, og i slike stunder blir det

stille og lyst hos Landstad, og ikkje noko brus og bråk; han elskar fred og ro, lys og glede. Også

i landet blir det fred og ro, og forsoning, når Jesus får sleppe til, og i kyrkja kjem gudsriket med

sine gode gåver.

Det bibelordet som kling med i dei fleste strofene her, er Op 3,20. 2 Dette kjem særleg

fram i strofe 7. Her er det også assosiasjonar til forteljinga om Sakkeus (Luk 19) og forteljinga

om Emmausvandrarane (Luk 24,13ff). Til slutt vert dette applisert som formaning til

tilhøyrarane, og som eit eksemplarisk “jeg”. “Guds velsignede” er Guds utvalde, Messias,

1 Sjå til dømes nr 83 str 1 (arvegull i skrin, i staden for klenodium, diamant o.l.); nr 581 str 1-2

(norsk åkerbruk).

2 Etter gamal bibelomsetjing (her 1819): “See, jeg staar for Døren, og banker; dersom Nogen hører

min Røst og oplader Døren, til ham vil jeg gaae ind, og holde Nadvere med ham, og han med mig.”

38

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!