06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

miskunn, ikkje krav. Uttrykket “favner din Skat” gir assosiasjonar til Høgsong-metaforikken og

brudemystikken – og til likninga om dei fem kloke og dei fem ukloke brudemøyane (Matt 25,1-

13). Her er det oppvakning til, og forventning om eit kjærleiksmøte og inderleg samliv.

I kontrast til alt lyset står “En sortere nat”, som Landstad tolkar som fortapinga eller

den evige død, som ventar dei som ikke vaknar opp frå “de Døde”. Det er lagnaden til dei

ukloke brudemøyane som blir omtalt. Hos Paulus er det tida utan Kristus, i frelseshistoria, som

er natta, og som er ein kontrast til dagen. Hos Landstad er det også jordelivet slik han og hans

samtidige kan oppleve det, som blir motsetnaden til Kristus-dagen. Blandinga av metaforar og

ikkje-metaforiske ord og uttrykk skildrar og tolkar gjensidig dette jordelivet. Og bileta kan vere

både bibelske og frå den naturen og det livet han kjende. Dette jordelivet, med gråt, sukk, sorg,

motgang og plager, skal avløysast av fred, glede, helse, varme, vekst og jubel - og alt skjer “i

Kristo”.

Blikket er heile tida retta oppover og framover, mot dagen som veks fram på himmelen

og den Kristus-sola som alle ventar på. Menneska er som fuglen som syng i otta i glad

forventning, og prisar Skaparen i eit jublande kor. Dei ventar i fellesskap på den Kristus som

kom ei julenatt, som dei hylla på ein palmesøndag og som skal kome att – og som kjem til sine

heile tida, liksom dagen som kjem på nytt og på nytt, med liv, lys, vekst og glede. Denne

Kristus er den Kristus diktaren kjenner frå Bibelen - som gir fred, og er Vegen, Sanninga og

Livet. Her er det særleg Kristus-nemningar frå Johannes-evangeliet (14,6) som fungerer som

Kristus-vedkjenning. Frå Bibelen går blikket så inn i diktaren si samtid og inn i kyrkja: Kristus

lyser fram når Ordet vert forkynt, når ordet om Kristi nåde og miskunn får lyde. Her er det ikkje

lova som krev noko, som hos Kingo, men evangeliet som skaper nytt liv.

Landstad tar altså utgangspunkt i noko av Romarbrev-teksten, men brukar mest

Efesarbrev-teksten til ei glad Kristus-forkynning, og ei formaning til å stå opp og møte Kristus

når han kjem, for å unngå fortaping, og få del i alle dei goda Kristus gir, og all hans

omskapande livskraft i jordelivet. Her er det mest utlegging av bibeltekstar i ei både bibeltru og

personleg form, og samstundes ein applikasjon av tekstane inn i “Jordelivs Dale” og kyrkja han

lever i. Gleda og forventningane knytte til Kristi kome har hovudvekta. Men både Kingo og

Landstad har ei nært forhold til Kristus.

Ser vi begge desse salmane som bruksdikting, bunden til visse tider og situasjonar, kan

vi vel seie at Kingos tekst vil møte behovet for bibelkunnskap og undervisning i kristen tru og

moral, i ei tid då folk flest ikkje kunne lese, og den lutherske læra var relativt fersk hos folk. Vi

legg t.d. merke til at Kingo har fleire bibelske nemningar på Kristus. Kristus er “Rettferds Sol”,

og vert omtala som ein frå den kongelege “Davidsætta”, og som “Guds lam”. Og Kingo brukar

bibelteksten til etiske formaningar, slik som Paulus. Men målet er også for Kingo eit indre og

inderleg samliv med den Kristus som kom, alltid kjem og skal kome.

36

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!