06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kan resultatet også bli dårlege bestillingssalmar, til og med hos Landstad. 1 Eg vil her ikkje ta

inn heile breidda i Landstads salmebokssalmar, men studere nokre få utvalde salmar, som

tekstar bestemte for ulike brukssituasjonar, og først og fremst i relasjon til desse høva.

Samstundes vil eg peike på særdrag hos Landstad i desse salmane, og vise til andre salmar av

han som har dei same kjenneteikna. Dessverre finn eg ikkje rom for å ta med Landstads mange

og gode gjendiktingar.

Det er også blitt sagt om Landstad at han er adventdiktar. Nokre av dei beste salmane

hans er i alle fall plasserte i adventstida i salmeboka. La oss også først samle oss om byrjinga

på kyrkjeåret, med ein salme til første søndag i advent: Vaagn op du som sover (nr 103). For å

vise korleis ulike diktarar til ulike tider kan utfylle det skjema eg har tala om, samanliknar eg

først ein salme av Kingo, til same dagen i kyrkjeåret og same tekst for dagen, med Landstads

salme.

La oss først sjå på komposisjonen: Kingo talar først til “min Siæl”. Dette er ein bibelsk

talemåte, ofte brukt i t.d. Salmane, og det betyr at diktaren talar til seg sjølv eller sitt indre.

Deretter går Kingo over til meir inkluderande pronomen (“vi”, “vore”, “os”); diktaren går inn i

eit kollektiv, folket eller kyrkjelyden, som no byrjar på adventtida. Adventtida betyr ei ny tid,

med Kristus og i hans lys, og difor må Kingo formane til eit liv i lyset, for først no er det

mogleg. Imperativar dominerer. Til slutt kjem ei bøn om at dette må skje med “meg”, dvs alle

som ber denne bøna. Den innoverretninga som eg registrerte i opninga, kjem altså att her til

slutt, og no endå tydlegare og inderlegare.

Landstad talar til eit publikum der ute ein stad, og samstundes skildrar han dei kåra

som folk lever under i jordelivet. Ein imperativ dominerer, og han blir teken opp att heile

vegen. Men hos Landstad skal folk vakne opp til glede, ikkje til rette og gode gjerningar. Hos

Landstad finn vi ei blikkretning mot den lysande Kristus, ikkje mot dei menneska som må gå

inn i den nye Kristus-tida og leve eit godt og rett liv. Nådeordet er viktig hos Landstad, ikkje

formaningsorda. Og salmen endar i lovprising, trusvedkjenning og bøn.

Dei to salmediktarane brukar også bibelteksten for dagen på ulike måtar. Kingo held

seg nær opp til bibelteksten; han parafraserer han langt på veg, med nokre utvidingar og

spesielle vektleggingar. Som hos Paulus er Jesu kome motivasjon for omvending til eit liv i

lyset. Natta, som dagen skal avløyse, er bilete på tida i mørket (frelseshistorisk sett: i den gamle

pakta), utan Kristus, som no snart vert avløyst av ei tid i lyset, med Kristus og lysets gjerningar.

Bøna til slutt er den truande sitt “svar” på formaningane.

Landstad grip fatt i eitt hovudmotiv: dagen som kjem, og som gjer at det er på tide å

vakne opp – til ein god dag på alle måtar. Landstad byggjer ut Paulus´ dag-metafor, og til det

brukar han ein annan bibeltekst (Ef 5,14-15). Her er det Kristus-sola som lyser og gløder – med

1 Elseth 1997: 175.

35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!