06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

“Jeg løfter op til Gud min sang”: M. B. Landstads salmar

LAILA AKSLEN

Den salmelina eg har valt som overskrift, er teken frå Landstads mest lovpriste salme. Eg skal

ikkje her blande meg i hyllingskoret, men bruke denne første lina til å gi ei svært kort innføring

i mitt syn på kva ein salme kan vere, og dermed også i det tolkings- og vurderingsgrunnlaget eg

byggjer på, når eg omtalar Landstads salmar.

“Jeg – løfter op – til Gud – min Sang”: La oss byrje med det første ordet! Det har vore

drøfta om “jeg”-bruk er uttrykk for ein meir individuelt personleg og kanskje privat salme, og

om “vi”-bruk viser at salmen er tenkt til kollektiv og meir offentleg lesing eller song, i t.d.

kyrkje eller andaktsrom. Konklusjonen på desse drøftingane synest for det meste å vere at ein

ikkje ut frå pronomenbruken kan avgjere om ein song eller salme er tenkt til å brukast på den

eine eller andre måten. Også eit “jeg” eller “eg” kan sette ord på felles tru, opplevingar og

erfaringar, lovprising, takk og bøn. Det er likevel viktig å merke seg at det i ein salme ikkje er

snakk om noko privat-lyrisk “jeg” eller “eg”, slik som t.d. i dikting frå romantikken.

Kva er det så Landstads “jeg” gjer når det “løfter op” sin song? Landstad har fleire

uttrykk for denne rørsla frå jorda og mot det himmelske eller den guddommelege verda, og mot

Kristus. For Landstad er det avgjerande viktig at Guds åsyn er vendt mot han, og at han kan

løfte blikket mot Gud. At Gud kan ta sitt åsyn frå han, er ein forferdeleg tanke. Å ha Guds åsyn

over seg er å leve under Guds velsignande nærvær, under den aronittiske velsigninga: “Herren

velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig! Herren lyfte si

åsyn på deg og gjeve deg fred!” 1 Med salmediktinga si lever Landstad først og fremst under

Guds åsyn, og han kan møte Guds åsyn med lovprising, trusvedkjenning takk og bøn, nedanfrå.

Tanken om songen som eit velluktande røykjelsesoffer til Gud kan òg ligge i dette “løfter op til

Gud”. Jf t.d. tittelen Siælens Sang-Offer på Dorothe Engelbretsdatters første bok.

Salmeteksten kan også rette seg mot “jeg”et si sjel, mot medsyngande, mot eit

publikum og mot ein bibeltekst og personar i han. Såleis kan salmen, eller delar av ein salme,

vere parafrase av ein bibeltekst, betraktning av ein bibeltekst, der diktaren talar til personar i

bibelteksten eller lar dei tale til seg, utlegging og forklaring av teksten, truslære, forkynning og

formaning, tilseiing av evangeliet, trøyst og jubel, bøn og takk. Ein salmetekst får ein eigen

1 Døme frå Landstads salmar: nr 6: Str 2: O væk mig, vend fra Jordens Bo/Med Kakobs stærke Haab og

Tro/ Til Himlen mine Blikke! Str 3: Lys over mig en hellig Fred… Til tilvisingane mine har eg brukt

Kirkesalmebog, efter offentlig Foranstaltning samlet og udarbeidet ved M. B. Landstad, Kristiania 1893.

33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!