06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Samandrag

Landstads Norske Folkeviser er ei av dei viktigaste bøkene som kom ut på 1800-talet,

men kritikken mot bok og utgjevar har vore einsidig og unyansert. I sitt foredrag tar

Velle Espeland opp forskjellige sider ved kritikken – ikkje minst den danske

viseforskaren Svend Grundtvigs krasse kommentarar. Det heitte seg at Landstad skulle

ha skalta og valta med viseoppskriftene, og dikta til strofer på eiga hand. At dette ikkje

stemmer, vart klart i 1923 da Landstads originaloppskrifter kom for dagen. Kritikken

mot Landstads bok heng i siste instans saman med dei store forventningane til

prosjektet, og kva som realistisk sett kunne gjennomførast. Både for Landstad sjølv og

for P.A. Munch som stødde opp om arbeidet, var det eit sentralt mål å vise

samanhengen mellom folkevisene i sine norske målføre – og den norrøne litteraturen.

Derfor måtte visene gjevast ei arkaisk og høgtidssam målform, og dette kunne ikkje

sameinast med krava til ei vitskapleg utgåve.

Det er mindre kjent at Landstad også samla folkesegner, og Herleik Baklid

drøfter denne sida ved Landstads folkloristiske verksemd. Landstads segnsamlingar vart

alle utgjevne etter at han sjølv var død. Ei av dei kom rett nok i dødsåret: Gamle Sagn

om Hjartdølerne (1880). Av segnutgåvene går det fram at Landstad interesserte seg for

personsegner, ikkje minst segner om kjende slekter og kjempekarar – desse

slektssegnene er ei form for munnlege ættesagaer. Dessutan samla han og gav ut

naturmytiske segner. Begge segntypar var utbreidde i Telemark, og Landstad har

tydeleg skrive opp folkeviser og folkesegner parallelt. Det er ingen tvil om at Landstad

har lært av Peter Chr. Asbjørnsens måte å gjenfortelje segner på – det skulle da også

bare mangle, for Asbjørnsen var den store meisteren. Som Asbjørnsen plasserer

Landstad informantane i eit forteljemiljø, og han brukar dessutan naturskildringar som

stemningskulisser.

Også som salmediktar og salmebokutgjevar sette Landstad varige spor etter seg i

norsk kulturliv. I foredraget sitt definerer Laila Akslen salmen som bruksdikting. Ein

salme må kunne syngjast og brukast av ”folk flest”, og melodiane spelar ei viktig rolle.

På denne bakgrunnen tar Akslen opp nokre sentrale sider ved Landstads salmar. Akslen

polemiserer mot den tradisjonelle oppfatninga av Landstad som tungsindig og einsidig

oppteken av det hinsidige, og hevdar at han som salmediktar i høg grad er vend mot det

jordiske, mot kyrkjefolket og mot naturen. Landstads salmar inneheld fleire skildringar

av natur og menneskeliv og meir av glede og forventning enn f. eks. Kingos salmar.

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!