06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

tradisjon. Når det gjeld islandske sagaavskrifter, kan ein ved hjelp av detaljar i skrivemåten

finne ut samanhengen mellom dei, mens den munnlege tradisjonen ikkje har nokon heilt faste

element. Naturlegvis treng vi pålitande utgåver av folkevisene, men Sven Grundtvig hadde ikkje

kome mykje lenger i sine spekulasjonar om urform om han hadde hatt tilgang til Landstads

originaloppskrifter. Rekonstruksjon av urforma til ein ballade er ein håplaus idrett.

Folkevisebegrepet

Folkevise er ikkje noko stabilt ord. Det har endra seg ganske mykje sidan Herder lanserte ordet i

1770. 1 På Landstads tid var ordet i ferd med å forandre innhald. Herder hadde tenkt seg at

folkevisene var ei dikting som gav direkte uttrykk for nasjonen, folkesjelas tankar og særpreg.

Dette var ikkje automatisk anonyme viser i munnleg tradisjon. I samlinga Stimmen der Völker in

Lieder brukte Herder både shakespearsonetter og eddadikt som eksempel på folkeviser, og

diktarar som Goethe, Bürger og Oehlenschläger gikk straks i gang med å skrive nye folkeviser.

Dette folkevisebegrepet møter vi også i den alle første norske samlinga av folkeviser, Samling

af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter frå 1840. Her finst alderdommelege

tradisjonsviser side om side med Edvard Storms den gongen 70 år gamle døleviser og Hans

Hansons “Astrid mi Astrid”, som var dikta berre knapt 30 år tidlegare. Men i 1840 var eit nytt

folkevisebegrep på veg. I innleiinga til boka skil Jørgen Moe ut nokre viser som han kaller

“ægte Folkedigte.” Om desse seier han:

Man spørge ikke her efter Forfatteren; ved hvert Digt faar man kun eet Svar: Folket; thi

det digter for at skaffe sig ikke Navn, men Luft - det er det overstrømmende Liv, der

maa befrie sig, det er Kilden der kæmper sig op i Dagen. 2

Her finn vi Herders idéar om folkesjelas tankar som må fram, kombinert med idéen om

kollektiv og difor anonym dikting av høg alder. Utover 1850-talet vart folkevisebegrepet etter

kvart reservert til den visegruppa vi nå kallar balladar. Men hos Landstad finn vi framleis eit

romslegare folkevisebegrep. Han har ei stor samling av typiske balladar, men også stev og til

slutt ei gruppe nyare viser av alle slag. Her finn vi til og med viser som han har dikta sjølv.

Ettertida oppfatta nok dette folkevisebegrepet som alderdommeleg og uryddig, men i vår tid har

granskarane gått tilbake til eit vidare folkevisebegrep. Når ordet “ballade” vart tatt i bruk på

1970-talet, var det fordi ein gjerne ville bruke “folkevise” i ei utvida meining. Anonymt opphav

er ikkje ein kvalitet ved visene, berre ein konsekvens av munnleg tradering, og den

kollektiviseringa som munnleg tradering fører med seg, kan like gjerne ramme tekster av kjende

1 Espeland 2001.

2 Moe 1840, s. VIII.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!