06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Landstads materiale opp. Han hadde ikkje kasta dei i omnen slik Grundtvig frykta for. 1 I Norsk

visearkiv har vi eit manuskript som går gjennom Landstads visetekster strofe for strofe og gjer

greie for kva kjelder dei skriv seg frå. 2 Det syner seg at Landstad har tatt seg få fridomar. Han

plukkar nok strofer frå fleire oppskrifter, arkaiserer språket litt, men stort sett er han trufast mot

det han har høyrt. Han diktar aldri strofer sjølv slik Moltke Moe gjorde. 3 Når ein samanliknar

Landstads redaksjonar med Moltke Moes og Knut Liestøls restitusjonar, meiner eg å sjå ein

skilnad. Vi veit at Landstad hadde visene frå mange ulike songarar, han hadde også mange

songarar inne hos seg samstundes. Han kjende songarmiljøet godt og visste at songarane ikkje

song likt kvar gong. Redaksjonane hans er versjonar representative for miljøet, mens Moltke

Moes tekster prøver å vere rekonstruksjonar av ei mellomaldersk urform.

For Sven Grundtvig, Sophus Bugge, Moltke Moe og Knut Liestøl var rekonstruksjonen

av urforma det sjølvsagte målet med forskinga. Dei var ikkje interessert i kva songarmiljøet i

Telemark likte å syngje eller kva den enkelte songaren kunne syngje bra. Dei var berre

interessert i leivningar frå mellomalderen. Dette inneber at dei ser på songarane som

tradisjonsberarar. Dei treng ikkje nødvendigvis vere gode songarar, men dei må vere gode til å

hugse. Dei er folk som har teke på seg oppgåva å føre ein gammal arv vidare. Når vi ser på

korleis Moltke Moe arkaiserer språket i visene, oppdagar vi at han ikkje eingong trur at folk

forstår kva dei sjølve syng. Eit døme er ordet “uteksti” i Draumkvedet, som kan vere avleidd av

“å taka ut”, starte på ei reise. Men Moe tolkar det heller som ei forvrenging av det latinske ordet

”extasis”.

I Sophus Bugges notatbøker kan vi finne opplysningar som: “I Enkeltheder er Ole

Talleivssøn aldeles ikke at lide paa, han forandrer vilkaarlig hvert Øieblik […].” 4 Ole

Talleivssøn kan ha vore ein god songar av det kreative slaget som miljøet har sett pris på og

som tradisjonen er avhengig av. Men Sophus Bugge ville ikkje vite av desse sidene ved

tradisjonen. Grunnlaget for rekonstruksjonen av urforma er at tradisjonen i hovudsak er stabil,

men langsamt og mekanisk blir broten ned til fragment. Dette synet på tradisjon og tradering er

ikkje aktuelt i dag. Vi veit at kreative songarar kan ha bygd opp att halvgløymde viser eller

bygd små visestubbar ut til store forteljingar. Sjølve rikdomen av variantar innanfor enkelte

visetypar viser oss at det er slik. Det er ikkje mogleg å seie noko særleg om visenes urform,

bortsett frå at dei må ha forandra seg svært mykje dersom dei har levd 500 år i munnleg

tradisjon.

Sven Grundtvig arbeidde først og fremst med manuskript frå 15- og 1600-talet. For han

var det naturleg å bruke den samme arbeidsmåten som norrønfilologane brukte i arbeidet med

islandske handskriftene. Men det er ein stor forskjell på avskrivartradisjon og munnleg

1

Brev til Jørgen Moe 12 november 1854, i Moe 1927, s. 76.

2

Manuskriptet er laga av Svale Solheim eller Brynjulf Alver.

3

Espeland 2000.

4

Norsk folkeminnesamling, S. Bugge c, s. 206.

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!