06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Lindeman kom betre ut enn Landstad. Han fekk ingen fagleg kritikk for sitt arbeid, og

mange av hans folkevisemelodiar vart spreidde via andre bøker og trykksaker i tida like etter. I

1854 gav folkeopplysningsmannen Ole Vig ut Sange og Rim for det norske Folk . Dette vart

også ei svært viktig bok som etablerte kjernen av det nasjonale songrepertoaret vi finn att i dei

fleste skolesongbøkene heilt fram til 1970-talet. Ole Vig burde, utifrå sitt eige ideologiske

grunnlag, tatt med fleire viser frå Landstad si bok. Men vi finn berre ei tekst: ”Bendik og

Årolilja”. Derimot har Vig heile 14 danske balladar. 1

I 1861 kjem Berggreen med ei revidert utgave av Norske Folke-Sange og Melodier. I

måten Landstads tekster blir behandla ligg det ein skjult kritikk. Berggreen skriv i etterordet at

11 tekster er henta frå Landstads Norske Folkeviser. Ein treng berre sjå på Berggreens tekster

for å sjå at dette ikkje er Landstads ortografi, men da eg tok til å samanlikne for å sjå kor store

endringane var, vart eg forundra. Det er ikkje berre ortografien som er endra, rekkefølgja på

strofene stemmer ikkje - og heilt nye strofer, som ikkje finst hos Landstad, har kome til.

Forklaringa fekk eg ved ei grundigare lesing av Berggreens etterord: “Hr. Cand philol. Sophus

Bugge har […] gjennemgaaet alle de i dette værk optagne Viser i norske Almuedialekter, saa at

Texterne her fremtræde efter en saa skarp Prøvelse, som jeg ikke selv vilde have været istand til

at underkaste dem”. 2 Sophus Bugge har altså ikkje nøgd seg med språklege rettingar. Han har

supplert tekstene med strofer frå si eiga samling og si utgåve Gamle Norske Folkeviser. Ei tekst

som ”Hugaball” er til dømes henta direkte frå Sophus Bugges bok. I 1863 gav Lindeman ut 30

norske Kjæmpevisemelodier harmoniserede for 3 lige Stemmer. Også her skil teksten seg frå

Landstads, og på tittelsida står forklaringa: “Texten besørget af Cand. I. E. Nielsen”.

Den kraftigaste kritikken kom likevel, som nemnt, frå den danske folkeviseutgjevaren

Svend Grundtvig og den unge Sophus Bugge. 3 I Forordet til Gamle Norske Folkeviser skriv

Sophus Bugge høfleg at det er Landstad som “har den store Fortjeneste […] først at have gjort

Almenheden bekjent med denne Folkedigtning i videre Maalestok”.. Men i neste setning kjem

kritikken fram: ”Allerede tidligere var flere vigtige Viser med større Nøiagtighed og Troskab

udgivne af Jørgen Moe”. Og i private brev er tonen skarpare. Grundtvig beklagar seg over

“Landstads halvstuderede mæsopotamiske Sprog, som ingen kan blive klog paa og […]

udgiverens ukyndighed, uforstand og vandalisme”. 4

Dette minner mest om ein profesjonsstrid, der det var om å gjere å få markert at

Landstad var amatør og ikkje riktig kvalifisert til å redigere tekstene. Sophus Bugge var på

denne tida framleis student, og Svend Grundtvig var også ein ung mann som først etter den

dansk-tyske krigen hadde tatt studenteksamen og skulle rydde seg plass i eit akademisk miljø.

1 Espeland 1994, s. 54f.

2 Berggreen 1861, s. 153.

3 Sven Grundtvig var son av N.F. S. Grundtvig og redaktør for bokverket Danmarks gamle Folkevise.r

4 Dahl 1956, s. 187.

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!