06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

GILDET PÅ SOLHAUG

Gildet på Solhaug blir – saman med Olaf Liljekrans som vart skrive i 1856 – gjerne kalla Ibsens

“folkevisedrama”. Det blir ikkje spela lenger, men i samtida vart stykket ein stor suksess, og

ikkje bare i Bergen. Det var det første Ibsenstykket som vart oppført på ein utanlandsk scene –

på Dramatiska Teatern i Stockholm (1857). Rett nok var det også skrive ein parodi på stykket –

Gildet på Mærrahaug – det viser vel at ikkje alle var villige til å svelgje nasjonalromantikken,

og likeeins at det var dei som ville setje Ibsen på plass. Handlinga foregår ved inngangen til

1300-talet, på garden til stormannen Bengt Gautesøn, “herre til Solhaug”, som det heiter. Som

kjent er Bengt eit svensk namn (av det latinske Benedictus), men stort sett er personane utstyrte

med velklingande, norske namn, kjende frå Landstads visesamling, namn som Margit, Signe,

Gudmund, Knut, Erik. Ei av visene hos Landstad – det er ei form av den kjende “Villemann og

Magnhild” – heiter forresten “Guðmund og Signelita”, og det kan ikkje vere særleg tvil om at

Ibsen har hatt den visa i tankane da han skreiv stykket.

Gildet på Solhaug er altså både eit historisk drama og eit folkevisedrama – og det er i

stor grad eit kjærleiksdrama. Når stykket tar til, er Bengt Gautesøn gift med Margit, men ho er

eigentleg glad i Gudmund Alfsøn. Gudmund har ei tid vore ute i verda og tent som væpnar hos

den mektige norske kanslaren Audun Hugleiksson. Som kjent er han ein historisk person – han

var hovudmannen bak Magnus Lagabøtes lovgjevingsarbeid, men da kong Håkon V kom til

makta i 1299, vart Audun arrestert og seinare avretta. Gudmund kjem heim og forelskar seg i

Signe, syster til Margit – som også blir begeistra for han. Dei to systrene er såleis glade i same

mann, og denne erotiske trekantkonflikten utgjer mykje av drivkrafta i stykket. Og ikkje nok

med det – futen Knut Gæsling går på friarføter til Signe – slik at vi får ein parallell

kjærleikskonflikt med Signe i sentrum. Av aktørane er det Margit som det er djupast botn i, og

ho er mest i slekt med sterke kvinner i seinare Ibsen-drama, slike som Rebekka West i

Rosmersholm, og ho planlegg å ta livet av syster si med gift. Dette blir det likevel ikkje noko av,

og i staden går ho i kloster mens Gudmund og Signe får kvarandre på slutten.

Gildet på Solhaug har preg av syngespel – det er ein slags musikal. Viser og songar blir

framførte både av enkeltpersonar og kor, og dei som opptrer, uttrykker seg dels på prosa, dels på

vers. Litt forenkla kan ein seie at det blir tala på prosa i rolege parti, og så går hovudaktørane

over til vers og song i takt med kjensleintensitet og grad av dramatikk. I tekstutdraget nedanfor

har vi eit døme frå 2. akt:

(Margit):

Et må du mig lære;

du må tyde mig grant det gamle kvæde

Det var sig en frue og dertil en svend;

alt så havde de hinanden kær.

Den dag de bar hende til jorden hen,

100

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!