06.09.2013 Views

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

Tekst og tradisjon M. B. Landstad - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

M. B. Landstad, Olea Crøger og L. M. Lindeman

Bak Norske Folkeviser stod først og fremst M. B. Landstad, men viktige bidrag kom også frå

Olea Crøger og L. M. Lindeman. Mellom Landstad og Lindeman var det eigentleg ikkje noko

direkte samarbeid. Dei hadde ansvar for kvart sitt område: Landstad hadde tekstene, Lindeman

melodiane og dei la seg ikkje opp i den andres vurderingar. Men det verkar ikkje som om desse

to har stått heilt på same linje. Det syner seg i alle fall i arbeidet med salmeboka. Det var svært

viktig for Landstad å gjere språket i salmane norsk. Lindeman derimot, som hadde samla ei stor

mengde gode norske salmemelodiar, brukte ikkje ein av desse i si koralbok. Dei tradisjonelle

melodiane vart først sett inn i koralboka til Landstads reviderte salmebok frå 1926.

Olea Crøger stod i ei mellomstilling mellom desse to. Ho skreiv opp både tekster og

melodiar, og vi veit at hennar bidrag til boka var stort og viktig. Frå eit moderne synspunkt

burde hennar namn stått på tittelsida saman med Landstads, men Lindemans namn står heller

ikkje der. At Olea Crøger ikkje er nemnt i forordet, er ein myte utan grunnlag. Rett nok er ho i

første omgang berre omtalt som “en Dame, der levende interesserer sig for Sagen”, men på

slutten av forordet står det:

Musikbilagene skyldes fornemmelig Præstedatteren Jomfru Olea Cröger, der også

forövrigt har en væsentlig Andeel i denne Samlings Istandbringelse, samt Organist

Lindemanns velvillige og kyndige Bistand.

Dette er faktisk også einaste plassen der Lindeman blir nemnd. Når Landstad i første omgang

nemner henne berre som en Dame, kan det også ha vore for å beskytte henne. Ei

embetsmannsdotter skulle ikkje stikke seg fram. Tida var annleis og kvinnerolla var annleis. Da

pastor Tønnesen prøvde å hjelpe henne med å få publisert samlinga hennar i 1843, blir ho også

omtala berre som “en dame” i subskripsjonsinnbydelsen. Men Olea Crøger fortener å bli hugsa.

Ho tok det første initiativet til å få publisert folkevisene. Ho hadde gått ut og inn hjå

bygdefolket på ein måte som nok vekte forarging, men som resulterte i at ho hadde alle dei

kontaktane som Landstad og Lindeman trong.

Lindeman var sjølvskriven til arbeidet med melodibilaget. Alt i 1840 sto han for

melodibilaget i den første norske folkeviseboka, Samling af Sange Folkeviser og Stev i Norske

Almuedialekter. Og i 1841 gav han ut ei samling på 68 Fjeldmelodier. Lindeman var tidas store

autoritet på norske folkemelodiar, ei rolle han hadde til han døydde i 1887. Han kjenner seg

tydelegvis tråkka på tærne av at Landstad i forordet berre nemner han som Olea Crøgers hjelpar.

Sidan boka kom ut heftevis, kunne han skrive eit svar som vart trykt på siste side av

melodibilaget:

Jeg skylder at gjøre opmærksom paa at iblandt de 114 Melodier, som jeg her har leveret,

ere ikke alle at min egen Samling; men at jeg har optaget fordetmeste som Varianter ialt

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!