05.09.2013 Views

Det undrande språket: arbeidsoppgåver og bakgrunnsstoff

Det undrande språket: arbeidsoppgåver og bakgrunnsstoff

Det undrande språket: arbeidsoppgåver og bakgrunnsstoff

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Elitespråket nynorsk

Nynorsk er i dag blitt mykje av eit elitespråk. Det kan bli ei redningsbøye på sikt.

www.bt.no

4. november 2007

DENNE HELGA er det premiere på ein nynorskrevy i Bergen, på Stord går ein nynorsk

barnelitteraturfestival av stabelen, og i Flåm er det Nynorske litteraturdagar.

Slike stemne og arrangement viser fram både styrken og veikskapen til målfolket. Svært

mange av landets viktigaste forfattarar og andre kulturfolk er ihuga nynorskbrukarar. I Flåm

skal mellom andre Frode Grytten, Edvard Hoem og Are Kalvø opptre. Men samstundes: Kor

relevant er det at delar av landets kulturelite samlar seg i ein idyllisk fjellsprekk for å lesa dikt

for kvarandre og diskutera dei nye biografiane om Halldis Moren Vesaas?

I KLASSISK, norsk anti-intellektuell tradisjon er det lett å svara: ikkje ein døyt. Det har alltid

vore mange nynorskglupingar, men det har ikkje stogga tilbakegangen i breie lag. Sidan

krigen har talet på skuleelevar med nynorsk som hovudmål gått ned frå 34 prosent til knappe

14 prosent. Talet på vaksne brukarar er endå lågare. Ser ein på kor mange som berre skriv

nynorsk, er talet heilt nede i 7,5 prosent, ifølgje ei undersøking frå 2005. Berre på Vestlandet

er nynorsk framleis eit massefenomen, men også her ét bokmålet seg inn, jafs for jafs.

Med alle kvantitative mål ser det ut til at nynorsken døyr.

MEN VI TRUR altså at elitismen kan bli ei redningsbøye for nynorsken. Det er nemleg ikkje

berre innanfor det vi tradisjonelt kjenner som finkultur nynorsken står sterkt i dag. Også i

populærkulturen og i massemedia kan det sjå ut for at målforma er på frammarsj: Odd

Nordstoga og Side Brok er eksempel, og sjølv i Idol viser nynorskbrukarar seg fram. Stadig

fleire aviser opnar for nynorsk i spaltene.

Når vi samstundes veit at politikken heller ikkje nett er fri for nynorsk, er det i grunnen berre

det økonomiske livet som blir totalt dominert av bokmål.

Europa har mange rekonstruerte språk, som nynorsk og katalansk. Dei har varierande suksess,

men sterk støtte i EU. Katalansk står sterkt på alle nivå i Katalonia. Den viktigaste grunnen er

truleg at språket har sterk støtte frå samfunnseliten. Når dei mest framståande brukar eit språk,

blir det vanskelegare å ignorera det - slik til dømes norske forlag gjer når dei stadig vekk

prioriterer ned nynorske skulebøker.

OG IKKJE MINST: når store delar av eliten i samfunnet brukar nynorsk, er det mykje lettare

for alle oss andre å sjå verdien i språket. Det blir lettare for gamle nynorskmiljø å stå mot

bokmålspresset, og for bokmålsbrukarar å konvertera. Kanskje er det eit positivt teikn for

nynorsken at heile det nye styret i Norsk Målungdom, samtlege ti, har gått over frå bokmål til

nynorsk etter eige ønskje. Ingenting er betre enn om nynorsken overlever fordi mange vil

bruka han.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!