05.09.2013 Views

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

som så å seie er der utan å vere uttalt, men som dermed også kan bli verande vag

og utflytande.

Det er den subjektive oppfatninga Anderson legg til grunn, og då spørst

det kor sterke desse subjektive førestillingane om ein fellesskap må vere. Det

skiftar frå nynorskbrukar til nynorskbrukar, frå ei tid til ei anna.

Ein fellesskap er førestelt nettopp når medlemmene av fellesskapen berre

kjenner eller kjenner til nokre få av dei som er innanfor. 4 Å rekne seg sjølv

innanfor ein fellesskap er eit val innanfrå; å bli rekna som ein del av ein

fellesskap kan vere tvang utanfrå. I praksis vil utviklinga av slike førestelte

fellesskapar veksle mellom desse posisjonane. Den prinsipielle skilnaden

mellom ein førestelt fellesskap og ein kollektiv identitet blir dermed liten.

Det som blir kalla kollektive identitetar, blir forma ved at ulike typar

grenser blir trekte i høve til den sosiale omverda, og av det samhaldet som blir

utvikla innanfor den fellesskapen som slike avgrensingar formar. Dette føreset at

dei som utgjer ein slik avgrensa fellesskap, finn viktige fellestrekk seg imellom. 5

Å skape tradisjonar er å formalisere og ritualisere. Seremoniar, ritual og

ulike former for institusjonalisering kan definere eller styrkje ein kollektiv

identitet. Norskdomsrørsla tok tidleg i bruk stemnet som samværsform, og

skapte her ein tradisjon som både spelte ei historisk rolle, og som framheva ein

kollektiv identitet. I vår tid er desse stemna blitt til festspel, litteraturdagar,

mediedagar.

Eit språk er med og formidlar visse kulturelle erfaringar, tradisjonar,

oppfatningar. Men eit språk kan også vere med og forsterke og identifisere – så

å seie peike på – slike kulturelle oppfatningar, tradisjonar og erfaringar. For at

det skal gi meining å tale om ein identitet, er det ikkje nok med ei bestemt

sjølvoppfatning. Også utanforståande må ha ei oppfatning som direkte eller

4 Anderson 1996, s. 19.

5 Eisenstadt 1998, s. 107f.

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!