05.09.2013 Views

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

og reportasjar som først blei publiserte på nynorsk i til dømes BT, omsette til

bokmål før Aftenposten vågar å vise dei til lesarane sine.

Til gjengjeld les gjerne nynorskbrukarar bokmål. Det store fleirtalet

av

nynorskbrukarar bur i dei 114 kommunane som har nynorsk tenestemål. I tre av

fire nynorskkommunar er ei bokmålsredigert regionavis den største avisa. I alle

nynorskkommunane er VG den største riksavisa. Dekningsprosenten varierer frå

6 % i Solund til 34 % i Lærdal og heile 54 % i Bykle. VG er større enn jamvel

den største regionavisa i 20 av 26 kommunar i det fylket. Same

korleis vi reknar,

ikkje i noko anna fylke er bokmål mindre brukt enn i Sogn og Fjordane. I dag,

som for 70 år sidan, er likevel over 95 % av barna i Sogn og Fjordane

nynorskbrukarar. Då har fleire samfunnsinstitusjonar

enn pressa sitt å seie for

både

kvardag og identitet, til dømes radio, fjernsyn, internett, barnehage og

skule.

Redaksjonelle språkskifte, eigne publikasjonar, språkdelte aviser,

lokalaviser – dette er berre nokre av vendepunkta i nynorsk pressehistorie. Auka

bruk av nynorsk blant lesarane var ein nødvendig føresetnad for at ei presse på

nynorsk kunne utviklast, men ei sterkare nynorskpresse var også med og gjorde

fleire til nynorskbrukarar. Der nynorsk ikkje blei ein sterk nok del av det

daglege mediespråket, kom nynorskbrukarane i klemme.

Den vilkårslogiske konklusjonen er logisk på visse vilkår: Nynorskpressa

har vore ein nødvendig, men ikkje tilstrekkjeleg føresetnad for å forme kultur og

identitet blant nynorskbrukarar.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!