05.09.2013 Views

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Mange tiår seinare ser vi konsekvensane av dette også i norsk presse

allment. Som så ofte elles når eg prøver finne ut noko, blir 1970-åra ståande som

eit stort tidsskilje. Det gjeld også i pressehistoria.

Bladet var altså tidleg blitt eit svært viktig massemedium for

landsmålsbrukarane. Frå Dølen som det første i 1858 og fram til slutten av 1930-

åra var det blitt sett i gang godt over 300 nynorske blad og aviser. Med svært få

unntak var sidetala små, opplaga låge, utgivingane sjeldne og levetida kort.

Alt i

1900 kom det ut bort imot 200 aviser i landet. Berre åtte av dei var på landsmål.

I 1975 var dei åtte blitt til 57, men det samla avistalet var om lag som i 1900. 28

I dei same åra som grunnlaget for utbygginga av NRK lokalt blei lagt, blei

ei mengd nye avistiltak sette i gang. Berre på dei fem åra frå 1970

til 1974 kom

det 18 nye nynorskaviser. Det var nesten like mange som i heile perioden 1945–

70. 29 Utsiktene til å få utteljing frå den nye kulturpolitiske støtteordninga frå

regjeringa Borten, pressestøtte, hadde mykje å seie. Dette var også det

tidsrommet på 1900-talet då desentralisering og lokalsamfunn stod høgast

i

hevd. Avisentreprenørane såg kva som var i kjømda, og gjorde dei nye vilkåra

til sin samarbeidspartnar.

Ny prenteteknikk og seinare datateknologi opna for

mange nye aviser, alle små i opplag, alle i sine små område.

Aviser kom, tida gjekk, aviser gjekk inn. Langt på veg blei likevel den

norske lokalavisa verande ein nynorsk spesialitet. Mot slutten av 1900-talet var

tre av ti aviser offisielt redigerte på nynorsk eller på begge målformer. I tillegg

har fleire formelt erklærte bokmålsaviser som Bergens Tidende ein lang

tradisjon for å vere ei språkblanda avis, slik Stavanger Aftenblad er, og det meir

enn før.

28 Grepstad 2005b, tabell 16.17, 16.23 og 16.24.

29 Grepstad 2005b, tabell 16.15.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!