04.09.2013 Views

KLAGE PÅ VEDTAK OM BETINGA SKADEFELLINGSLØYVE

KLAGE PÅ VEDTAK OM BETINGA SKADEFELLINGSLØYVE

KLAGE PÅ VEDTAK OM BETINGA SKADEFELLINGSLØYVE

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

A.

Delar av klagetemaet går på bruken av naturmangfaldloven (nml). I denne saka vil

Naturvernforbundet peike på at saksframlegget refererer til at naturmangfaldslova skal

brukast ved avgjerda. I saksutgreiinga er det vist til nml §18, elles ingenting. Heller ikkje i

vedtaket er det vist til nml kap. 2. For eit år sida var det i vedtaket gjort vurderingar etter kap.

2, sjølv om det blei gjort av administrasjonen etter at møtet var halde, men no finn ein altså

ikkje noko.

Vi merker oss elles at det på same møte blei uttalt at forvaltningsplanen ikkje trengte

vurderingar etter naturmangfaldloven, men at ein måtte gjere slike vurderingar når det blei

gjort enkeltvedtak. Vedtaket som no er klaga på er eit enkeltvedtak, og det er altså heller ikkje

her teikn til at ein vil bruke naturmangfaldloven.

B.

At ein kan ta ut rovdyr i form av felling av dyr som gjer spesielt mykje ugreie er vesentleg

enklare viss ein rovdyrstamme er livskraftig. Viss stamma er så liten at ein slit med å nå

fastsette minstemål for yngling, må ein vere meir varsam med felling av dyr som gjer stor

skade (nml §18). Det siste vi har av opplysningar om jerveynglingar for våren 2013 er at tal

ynglingar teiknar til å bli vesentleg lågare enn dei siste åra, og at det truleg vil ligge nær det

nasjonalt fastsette ynglemålet. Når det gjeld gaupe har det vore vanleg at yngletal før siste jakt

har vore tilgjengelege på denne tida, men så har ikkje skjedd i år. Så langt vi har oppfatta er

det grunn til å tru at yngletala for gaupe sommaren 2012 ikkje har vore langt over ynglemålet

i alle fall, og at det kan vere tale om like låge tal for 2013. Det tyder at ein må vere meir

nøyaktig med forvaltninga framover, og at ein må sjå meir på geografisk fordeling, sidan

bestanden er tynn. Vidare må ein legge meir vekt på nml § 9 om føre var-omsyn.

C.

Det er ikkje tatt omsyn til at jerven i region 6 fordelar seg på to forskjellige jervestammar.

Den sørvestlege jervestamma er liten og har vore minkande i hovudsak som følgje av store

uttak over fleire år. At ein i tillegg ikkje har nådd ynglemålet i 2012, og det er lite truleg at ein

når det i 2013, i tillegg til at det ikkje finst teikn til at dette skal bli betre i 2014, tilseier at ein

må vere meir varsam med skadefelling i Møre og Romsdal enn i Nord-Trøndelag.

D.

Når det gjeld ulv er det ikkje ynglemål i region 6, men ein må ta høgde for at dei ulvane som

skal yngle elles i landet kan leve i samsvar med sin natur. Det er naturleg for ulv at individ

forlet fødestaden og legg ut på vandring. Nokre av desse skal tilbake til yngleområdet for å

kunne føre arten vidare. Meldinga om at tispa i Slettåsreviret har fått ein kvalp i 2013, med

eige avkom som far til kvalpen er i så måte urovekkande. Det må vere rom for at streifande

ulv i region 6 kan kome frå det i live, og det må dessutan vere rom for at ulv som kjem frå

nordaust kan nå fram til artsfrendar i ynglesonen.

Endringstrekk siste året som kan ha verknad.

Møre og Romsdal har framleis ikkje nådd målet om 2 gaupeynglingar. For at Nord-Trøndelag

skal sleppe å dekke opp for manglande ynglingar i Møre og Romsdal, må ein passe på at

ynglemålet blir nådd i Møre og Romsdal også.

Få felte gauper samanlikna med kvotene utanom yngleområda kan tyde på at gaupebestanden

generelt er liten. Det er meir usikkert enn på lenge kor liten.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!