Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

bokselskap.no
from bokselskap.no More from this publisher
22.08.2013 Views

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html sukka, men dei visste ikkje kva han meinte med det. — Lat berre sjøen flø, sa han nå der han stod. Han plar da falle att. Ludvik, Sjøtrolle deres, snudde seg bort og spytta, eit dugelig tvi! Borghild, kona til Torger, sa at ho likte aldri sjøen når han kom over flomåle; — kva er det han kjem etter? sa ho, men ho lo det bort att. av hat. — Eg er glad vi har han eg, sa Helmer og lo han med. — De? frøste Sjøtrolle, og ein kunde mest sjå kor skjeggfluren hans yvde seg — Sjøen fell nok han, sa Torger. Berre dei kom tids nok fram med ’n Eivind, la han til. — Ja, sa kona hans, men ho tenkte på andre ting. Han er der aust nå han, sa ho med seg sjøl. Roald sa ikkje noko i kveld. Han hadde vore still av seg i det siste, som eit eldre menneske. Best dei stod hørte dei Erik Bergan sette i gang motoren, og dei såg han gjekk austover med fartye sitt. Det let ikkje særs lovande for dem det. Dei såg ut, den eine for den andre, som dei hadde blitt glømt att her av Vårherre. I grunnen var det vel berre det at Erik skulde austover og proviantere. lenge. Men dei hadde tenkt på fartye som ein hjelpar i nøda. Dei hørte motorlyden Ei stund etter gjekk dei ned, ein om senn; Helmer sist, for han var ivrig til å stå og sjå på himmelen og have og kva det nå var, dag og kveld. Dei hadde kvar si soga. Dei som andre. Eller vel så det, tykte dei nok sjøl. SOGA OM HELMER OG NOKRE TIL I. Helmer hadde komme hit i sommar ein gong. Han var styfaren til Kari, eller Enka som dei kalla henne etter mannen rømte frå henne. Ho og mannen kom flyttande hit med to barn for ei tid sia. Han fór sin veg da han vel hadde fått henne i hus. Han var fødd i være her, men han hørte liksom den vide verda til. Page 6 of 176

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html Sjølive og ektestande var ulidelige vilkår for den mannen. Drakk gjorde han òg, så han tørsta kanskje her ifrå. Han skulde ut og ordne seg med pengar til ei forrettning, fortalde han. Sia hørte dei han hadde ordna seg med eit damemenneske ein staden nordafor og dreiv kinematograf. Der fór han. Kona sat att her og venta på han. Enda ho var så klok å sjå til. Ja vakker var ho òg, på sitt vis. Ho hadde så blanke auga, brune ja, men likevel, dei var det klåraste du såg, og stort brunt hår hadde ho, klipt og krulla etter moten, og så smilte ho til deg samme kven du var, klokt og godt. Det var vakkert. Ho var eit uvanlig menneske. Det såg ut som ho uroa både menn og kvinner i det arme være. Litt etter kvart kom smilen hennes bort. Knapt nok ho takka når dei ga henne ei hands hjelp, ho hadde nok med sorga si, med skamma. Og med dei to barna. Var det ikkje for deres skyld, da hadde ho svelta seg i hel, så visst som ho levde. To rare ungar var det. Så spell levande, og så alt for kloke etter alderen, det var uråd å snakke vettugt åt dem. Dei var berre nokre få år, kanskje seks eller sju, men der var ord i dem som i vakse folk og vel så det, og slikt snakk da! Mora hadde fresta å aga dem, hardt òg, det kunde mange vitne. Nytta henne ikkje det spytt, dei såg henne høgt over hovude. Kan hende ho var litt overklok ho òg i den alderen? Ein kunde komma i skade for å tenke det. Der var elles ikkje noko vondt i dem. Men slikt innmari munnbruk. Det hørtes i alle fall ikkje særs bra her ute. Om ein måtte le langt ned i magen, som ei kjerring sa, ho hadde hørt på dem. Solveig og Egil heitte dei. Vakre små skapningar. Berre det at gutungen voks ikkje lenger. Folk hørte gjentungen sa ein gong: — Ikkje gråt du mor, det kan da bli folk tå meg. Ein annan gong sa ho til mora: — Du veks vel av deg sorga, du er ikkje eldre. Egil trøsta mora og sa: — Om ho Solveig er litt klokare enn deg, det er da vel berre bra det? Det blir i familien. Men her ein dagen sa Solveig: — Og så er det spådd at være vårt skal gå under med mann og mus. Det er ei trøst det. For’n Egil, meiner eg. Visst han slett ikkje skulde bli større. Og han svara som sant var: — Du blir for stutt du òg da; om du er aldri så langskanka. Der stod mora og hørte det, og andre med hørte det. Ja visst måtte ho le, slikt Page 7 of 176

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html

sukka, men dei visste ikkje kva han meinte med det.

— Lat berre sjøen flø, sa han nå der han stod. Han plar da falle att.

Ludvik, Sjøtrolle deres, snudde seg bort og spytta, eit dugelig tvi!

Borghild, kona til Torger, sa at ho likte aldri sjøen når han kom over flomåle;

— kva er det han kjem etter? sa ho, men ho lo det bort att.

av hat.

— Eg er glad vi har han eg, sa Helmer og lo han med.

— De? frøste Sjøtrolle, og ein kunde mest sjå kor skjeggfluren hans yvde seg

— Sjøen fell nok han, sa Torger. Berre dei kom tids nok fram med ’n Eivind, la

han til.

— Ja, sa kona hans, men ho tenkte på andre ting. Han er der aust nå han, sa

ho med seg sjøl.

Roald sa ikkje noko i kveld. Han hadde vore still av seg i det siste, som eit

eldre menneske.

Best dei stod hørte dei Erik Bergan sette i gang motoren, og dei såg han gjekk

austover med fartye sitt. Det let ikkje særs lovande for dem det. Dei såg ut, den

eine for den andre, som dei hadde blitt glømt att her av Vårherre. I grunnen var

det vel berre det at Erik skulde austover og proviantere.

lenge.

Men dei hadde tenkt på fartye som ein hjelpar i nøda. Dei hørte motorlyden

Ei stund etter gjekk dei ned, ein om senn; Helmer sist, for han var ivrig til å

stå og sjå på himmelen og have og kva det nå var, dag og kveld.

Dei hadde kvar si soga. Dei som andre. Eller vel så det, tykte dei nok sjøl.

SOGA OM HELMER OG NOKRE TIL

I.

Helmer hadde komme hit i sommar ein gong. Han var styfaren til Kari, eller

Enka som dei kalla henne etter mannen rømte frå henne. Ho og mannen kom

flyttande hit med to barn for ei tid sia. Han fór sin veg da han vel hadde fått

henne i hus. Han var fødd i være her, men han hørte liksom den vide verda til.

Page 6 of 176

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!