22.08.2013 Views

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav ... - Bokselskap.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Created at 10/6/2010, from URL:http://www.nslnorge.no/visning/NSL_Duun_MogM_tekst.html

gull- og sølvleter; her var det ingen konst å drømme om paradise, for den som

lengta dit. Men sjøfuglskrike minte ein om at det var ikkje paradise her, og

Helmer tykte det var best slik. Stundom syntes han, det er som når det laga seg til

fest i bedehuse før. Venner, venner, sa det i han, det er ikkje verdslig dette her.

Slik kjentes det når songkore greip han på dei store stemnene, ein gong i tida; da

hadde ein òg denne himmelvidda over seg, denne utenkelige endeløysa i kring

seg.

Evig som have, song det i han, liten som eit menneske under himmelens åsyn.

Ein morgonen syntes han sola openberra seg for han. Ho synte seg for Helmer,

stod og lyste mot han, berre mot han.

Slikt kunde komma for småfiskaren ja. Arbeide hans var uverdig for folk her,

dei tukla ikkje med slikt. Heller svalt dei visst ei dagstund, mannfolk har si ære

her som der aust, — han såg fjellranda blåna der inne. Det var langt dit nå.

Men øyværingane var vettugt folk, dei tok mot småseien når dei fekk han og

takka til. Enda meir takka dei for mjøl og poteter. Helmer måtte innover att og

proviantere. Hoss Målfrid og mannen hennes var ikkje maten dyr. Ho hjelpte han

òg med eit vandt erend: der måtte klea til åt Kari og ungane, han kunde umulig

kjøpe slikt. Han kom utover att som ein kakse.

Nokon velgjerningsmann for menigheita hadde Helmer aldri vore, vilde ikkje

vera det heller. Den første kona hans sa han ga bort som han var ein riking. Den

andre sa han ga bort i sinne, — som du hiver det til hunden, sa ho. Båe to hadde

rett, på sitt vis; dei hadde fortent å få leva lenger. Men her var han nøydd til å

fôre litt i kring seg. Dei gjorde det dei andre òg her, dei som hadde einkvart å gi

bort.

Helmer prøvde seg med konster når seien slo seg vrang, med kvit eller rød

ulltråd på kroken, små knep frå smågut-tida berre, men det lokka Kari til å bli

ivrig med i det. Ho skjønte berre ikkje at han vraka gul og grøn tråd. Han let seg

overtale til å freste med ein tråd med ei merkelig farge på, og ho gledde seg som

barne da han fekk nokre fine torskar på fargekonsten hennes. Ho tenkte verkelig

utanom seg sjøl den stunda, det var nær på ho vilde ut og fiske ho òg.

Det hendte visst sjeldnare nå at ho gjekk den fredlause turen sin rundt øya.

Der var ei trøst berre i det, for han. Det var litt for vondt å sjå.

Ofte hørte han dei song i bedehuse når han kom på land ved midnattsleite.

Page 42 of 176

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!